Skull and Bones

Klart for nye eventyr i AAAA-spelet

Ubisoft ladar kanona.

AAAA-skipsvraket Skull and Bones dukka opp på Ubisoft Forward måndag kveld.

Det begynner å bli ei stund sidan me har høyrt noko om spelartala, men det blei som kjend ikkje heilt den store lanseringa.

Spørsmålet er om dei kan finne ly i stormen, no som dei ladar kanonene med nytt innhald.

Neven Dravinkski, produsent ved Ubisoft Singapore, fortel om ei «spennande tid» sidan lanseringa, der dei er opptatte av å høyre på spelarane.

Andre sesong av spelet har vore ute i ei stund, som blant anna byr på eit nytt narrativ, skip, ein megalodon som luskar under bølgene og tidsavgrensa båtkappløp.

Neste sesong introduserer piratdronninga Li Tian Ning, som får store konsekvensar for den opne verda i spelet.

Flaggskipet i tredje sesong blir ein komande fem-mot-fem-modus. Det blir også ei rekkje nye aktivitetar, forteljingar og sjølvsagt eit nytt sjøuhyre.

Siste fra forsiden