Intervju

Tommy Høiland - Hearthstone

Kona har lite til overs for Hearthstone-lidenskapen til fotballspelar Tommy Høiland

Høiland er mest kjend som fotballproff. Men visste du at han er ein av Noregs beste Hearthstone-spelarar?

Mikkjell Lønning/Sandnesposten

Denne artikkelen blei først publisert på Sandnesposten.no.

– Det pleier å vere finare utsikt enn no, altså, seier Tommy Høiland (32) frå kjøkkenbordet på Mosterøy i Stavanger.

Eit tungt skydekke har lagt seg over hamna ved Askje, og fotballprofilen peikar ut vindauget med utsikta over heile bukta i Mastrafjorden.

– Der ligg båten vår, seier han.

Høiland, kona og dei to ungane på fem og seks år har budd i det ferske bustadfeltet i tre år no. Gravemaskinane er framleis i full sving, og dei siste einingane nærmar seg ferdige.

Huset på hjørnet er strigla. Interiøret ser ut som det kunne vore henta frå ein katalog, kvar lampe og pyntegjenstand plassert i perfekt symmetri. Men det er det nok kånå som står for.

– Det er ho som har kontrollen over sånt, innrømmer Høiland.

LES OGSÅ: Noregs mest produktive spel-Youtubar er ein 51 år gammal familiemann »

– Veldig annleis

Men kvifor akkurat Mosterøy? Det er det mange som spør om, seier han.

– Frua er frå Vaulen, og eg kjem frå Bryne. Begge ville bu ved sjøen. Elles var me eigentleg opne for det meste, og det var litt billigare her ute. Og så er det veldig fint, seier han.

DESIGNAR: Kona til Høiland er interiørdesignar, og det viser igjen i huset.
Mikkjell Lønning/Sandnesposten
NYTT GLIS: Høiland skryt av miljøet i gata, og seier det er mange barn på same alder som hans som spring rundt. Men det er vanskeleg å ikkje legge merke til Jaguaren som har stått ved inngangsdøra sidan i haust. – Det er den første skikkelege bilen me har. Eg har aldri brukt så mykje pengar på bil før, men eg er veldig nøgd, seier Høiland.
Mikkjell Lønning/Sandnesposten

I desember braut nyheita om at Høiland skiftar beite frå Viking til Sandnes Ulf. Pendlinga tar litt lenger tid til Øster Hus Arena, men det syns han er heilt greitt. Dei har jo alltid budd litt utfor byen.

Les også
Anmeldelse: Hearthstone: Heroes of Warcraft

Det er ti år sidan Høiland spelte for Sandnes Ulf sist. Mykje har endra seg.

– Både eg og klubben er veldig annleis. Eg var ung og «up and coming» med lite erfaring, men no føler eg meg som ein mykje betre fotballspelar. Så har eg nok vakse av meg ein del av dei unotane eg har hatt, seier han.

Sinnssjukt travelt

Men så er han heller ikkje berre fotballspelar. Kvardagen er blitt eit puslespel med to barn, studiane for å bli eigedomsmeklar på BI og fotballen. Høiland har òg blitt proffspelar på hobbybasis i Hearthstone.

– Det er eit travelt liv. Me har aldri typiske A4-helger, og eg går jo på trening kvar dag.

– Korleis går det med karakterane oppi alt dette?

– Ærleg talt så bryr eg meg ikkje så mykje om det. For meg handlar det mest om å kome meg gjennom og få ein grad, seier han.

STUDENT: Høiland har vore gjennom mange bustadkjøp som fotballspelar på flyttefot, som han trur blir verdifull erfaring når han blir ferdig med eigedomsmeklingsstudia ved BI. – Det verkar som eit spanande yrke, og konkurranseinstinktet mitt vil nok hjelpe, seier han.
Mikkjell Lønning/Sandnesposten

Etter trening har Høiland gjerne nokre timar for seg sjølv før han skal hente ungane, og det går ofte med til å spele Hearthstone.

Det var Jonathan Parr i Strømsgodset som rekrutterte Høiland til spelet i utgangspunktet, medan Benjamin Tengs, dåverande e-sportansvarleg i Viking, fekk han til å melde seg på Telialigaen i fjor. Høiland spelte seg til sluttspelet i øvste divisjon, og fekk kara til seg ein delt femteplass.

Han har allereie meld seg på den komande sesongen i Telialigaen.

– Det er veldig kjekt å ha noko å gjere ved sida av fotballen, seier Høiland.

Lengda på kampane i Hearthstone gjer spelet til ein god match med transportetappar til fotballkampar, spesielt då du kan spele det på både datamaskin, nettbrett og telefon.

LES OGSÅ: Jonas (31) har fått seg eigen kokk, men har ikkje sett så mykje til damene »

– Har alltid elska å spele

Førebels er det berre fotballen han vil gjere karriere av, men han har ein liten draum om å kunne spele Hearthstone på fulltid når han eventuelt legg skoa på hylla. Sjølv om det blir ei god stund til.

– Eg er såpass heldig at eg får lov til å leve av hobbyen min, og det vil eg halde på med så lenge som mogleg. Det er ein del spelarar som driv til dei er nærmare 40 år. Eg har hatt veldig få skadar, og det handlar om å ta vare på kroppen og trene bra. Prestasjonane avgjer kor lenge eg held på, seier Høiland.

Han understrekar elles at konkurransen mot dei aller beste i Hearthstone er i overkant tøff, og at det er svært få som har høve til å leve av spelet, både nasjonalt og internasjonalt.

SPENSTIG UTSIKT: Høiland og familien har panoramautsikt over heile bukta ved Askje.
Mikkjell Lønning/Sandnesposten

Familien og fotballen kjem i første rekkje, så det har blitt litt mindre dataspeling i det siste.

– Men eg har alltid elska å spele, om det så er kortspel, brettspel eller på PC, fortel han.

Som for mange andre i same generasjon starta det med World of Warcraft, men det er mange år sidan han har spelt det.

– Det tar altfor mykje tid, seier Høiland.

Han har vore innom nokre skytespel her og der, utan at det har freista noko særleg.

– Eg er ekstremt dårleg i skytespel, så det er ikkje like kjekt. Eg prøvde litt Fortnite, men då gjekk eg mest og gjenoppliva folk, seier han med ein latter.

– Bortkasta tid

Kjellarstova er hovudkvarteret for spelinga i huset – i alle fall til ungane blir litt eldre og får behov for ho. Gamingmaskina er sånn passe kapabel, seier Høiland.

32-åringen gjorde eit forsøk på streaming på Twitch då pandemien braut ut, men tida har ikkje strekt til for å gjere noko ut av det.

– Det måtte òg ha vore etter fotballkarrieren om eg skulle levd av noko slikt. Eg har ingen planar om å satse på streaming, men du veit jo aldri.

Han fortel at supportarar frå Molde-tida dukka opp på streamen, og at streaminga hans inspirerte dei til å spele Hearthstone igjen. Høiland har òg fått kontakt med supportarar etter at han har fortald om e-sporthobbyen i avisartiklar.

GAMINGROMMET: Høiland har installert seg i kjellaren med datamaskinen, fjernsynet og nokre skikkelege høgtalarar. Men mancaven må nok vike når ungane blir eldre.
Mikkjell Lønning/Sandnesposten
PROFF: Høiland kom på ein delt 5.-plass i fjorårets uoffisielle NM i Hearthstone. Han meiner likevel det er langt opp til førsteplassen.
Mikkjell Lønning/Sandnesposten

– Det er gøy at det blir meir fokus på det. Hearthstone er ikkje blant dei mest populære spela, seier han.

Kva syns frua om spelinga?

– Det syns ho er bortkasta tid, seier han kontant. Der er dei nok ikkje heilt samde.

– Nokon likar å strikke, nokon likar fotball, andre likar å game. Det er opp til kvar enkelt. Dataspel er dødtid, men om du ser på fjernsyn eller speler, så blir det nett det same for min del, seier Høiland.

LES OGSÅ: Naboane står og skrik i vindauget når Nora Helen (18) køyrer forbi »

Dårleg tapar

Høiland tok opp League of Legends i fjor, og var med i eit rekruttlag i Telialigaen saman med nokre lagkameratar frå Viking. Men det er langt nede i divisjonane.

Sjølv skildrar han seg som «elendig».

OPEN FOR TILBOD: Høiland speler berre for seg sjølv i Hearthstone, og har ikkje høyrt noko frå norske klubbar. Han er open for tilbod, seier han.
Mikkjell Lønning/Sandnesposten

– Men det er skikkeleg moro, då.

– Korleis taklar du dårlege lagkameratar i spelet med eit såpass sterkt konkurranseinstinkt?

– Eg er som regel den verste, så det går heilt fint. Eg er for så vidt ein dårleg tapar i spel, men det er verre å tape fotballkampar, seier han.

Høiland varmar opp til neste sesong av Telialigaen med å spele vanleg ladder, og tar det stort sett med ro når han speler. Det er først og fremst før dei tøffe kampane at han brukar tid på å analysere statistikk på HSReplay, ser på proffane og liknande.

– Kva skal til før å kome opp på Telialigaen-nivå?

– Det mest viktige er å finne tida til å sette deg inn i spelet, seier han.

Høiland forklarar at det er essensielt å ha nær kjennskap til korta i dei mest populære kortstokkane.

– Så gjeld det å ikkje gi opp, og heller gi det litt tid. Når du først får smaken for det, så blir spelet kjekkare og kjekkare.

– Dei som skal bli skikkelege gode bør velje éin klasse og satse på den først. Akkurat der er eg litt dårleg sjølv, og det er kanskje ein av grunnane til at eg ikkje kjem veldig høgt på listene. Men det aller viktigaste er, som alltid, å ha det gøy, avsluttar han.

Siste fra forsiden