Konkurrenten kjem med brennande stikk til Nvidia

Det grøne laget kjenner på heten.

Mikkjell Lønning/Gamer.no

– Pass på deg sjølv, skriv kommunikasjonssjef Sasa Marinkovic i AMD på Twitter, med bilete av to straumkontaktar med åtte pinnar på eit AMD-skjermkort.

Stikket kjem etter at Nvidia i fleire veker har fått kritikk for dei nye straumkontaktane på RTX 4090-skjermkortet. Fleire brukarar har meld at kontaktane på kabelen smeltar.

Nettstaden GamersNexus har gått i djupna på problemet, og hevdar det først og fremst kjem av ein brukarfeil. I ein video viser det korleis kabelen kan smelte når han er kopla til skjermkortet på feil måte.

Bøy på kabelen og manglande kontakt skapar problemet, meiner GamersNexus. Rusk som ikkje er blitt fjerna etter produksjonen kan òg vere ein faktor.

Førebels er det svært få som har fått trøbbel, men det er altså viktig å sørge for at kabelen er plugga skikkeleg i.

Debatten har rast på forum og sosiale medium sidan dei første meldingane om smeltande kablar kom. Ein vanleg designfilosofi for datakablar er å lage dei slik at brukaren ikkje klarar å stikke dei inn på feil måte.

Nvidia har etter publisering av artikkelen kome med ein kommentar til GamersNexus.

Visstnok er det rundt 50 skjermkort som har hatt problemet verda over, og Nvidia stadfestar at det kjem av at straumkabalane ikkje blir plugga skikkeleg inn i kontakten.

Førebels anbefalar dei å ta kontakten inn i skjermkortet før ein set kortet inn i datamaskinen.

Siste fra forsiden