Massive salstal for Destiny

Activision hevdar Destiny har tangert Watch Dogs lanseringsrekord.

I år er det ikkje mange spel som kan hamle opp med forventningane rundt Destiny før lansering. Dette spelet frå Halo-skaparane Bungie har har lova gull og grøne skogar for skytespelfantastar på jakt etter nye eventyr.

I dag fortel Eurogamer at Activision på alle måtar er nøgde med lanseringa. Kor mange kopiar som er selde har ikkje Activision gått ut med, men gjennom både interne og eksterne salstal har dei konkludert med at spelet etter berre fem dagar hadde håva inn heile 325 millionar dollar, noko som tilsvarer omlag 2 milliardar norske kroner. Grei skuring der altså.

Desse tala gjer Destiny til den mest suksessrike lanseringa av ein ny spelserie så langt. Tidlegare i år sette Watch Dogs frå Ubisoft ein liknande rekord ved å selje over 4 millionar kopiar i løpet av den første veka.

Ved sidan av å selje som hakka møkk, fortel Activision at spelarane samla har klokka inn over 100 millionar timar.

Men var det verdt det?

Action utan substans?
Activision Blizzard

Sjølv om forventningane til Destiny har vore skyhøge, er det ikkje alle som har vore like imponerte over Bungies siste produksjon. Mottakinga har sprika i fleire retningar, og her hos oss enda vi opp med å kalle det drepande repetitivt og sjellaust:

«Destiny skal ha for å prøve. Og eg trur ærleg talt at Bungie faktisk prøvar. Om ikkje dei prøvar å forandre sjølve grunnelementa i blockbuster-oppskrifta, så prøver dei i alle fall å forandre komposisjonen av dei. Dei får det ikkje helt til, berre. Det er ikkje så mye nytt her, eigentleg. Det er faktisk veldig mykje gammalt.»

Kva meiner du om Destiny? Var det verdt ventetida, eller vandra du lukøyra tilbake til butikken for å byte i noko anna?

Siste fra forsiden