Meir hungersnaud på veg til PlayStation 4

Don't Starve-utvidinga Reign of Giants har fått dato.

Overlevingsspelet Don't Starve frå Klei Entertainment har blitt ein solid suksess den siste tida. Etter mas frå spelarane lanserte dei tidlegare i år ein fleirspelarmodus for spelet, kort tid etter at den første spelutvidinga Reign of Giants blei lansert på PC.

Denne utvidinga er no klar for PlayStation 4. Via Polygon får vi høyre at Reign of Giants vil dukke opp på PlayStation 4 23. juli, altså neste onsdag.

Aleine i ei farleg verd

Don't Starves spesielle stil har freista mange til å opne lommebøkene.

I Don't Starve tek du på deg rolla som vitskapsmannen Wilson som har blitt fanga av ein demon og sendt til ei mystisk og farleg villmark. Heilt utan hjelp av noko slag må du i rolla som Wilson finne ut korleis du skal både overleve, samt finne vegen heim att.

Utvidinga Reign of Giants byr på to nye karakterar, samt ei ny verd du kan prøve å overleve i. Det heile vil utspele seg over eit år, og som følgje av dette får spelet får tre nye årstider. I tillegg byr utvidinga på ei rekke nye gjenstandar og utfordringar.

Don't Starve er ikkje det einaste overlevingsspelet konsollspelarar bør halde eit auge med. Superbrothers: Sword & Sworcery-utviklarane hos Capybara Games er for tida i full sving med det stemningsfulle Xbox One- og PC-spelet Below. Der vil du som i mange andre overlevingsspel få svært lite hjelp frå utviklarane. Vi tok ein kikk på det under E3-messa, og likte det vi såg.

Siste fra forsiden