25
Teknologi presenteres av Komplett.no
Annonsøren som presenterer denne artikkelen har betalt for profilering av logoen.
Annonsøren har ingen påvirkning på innholdet. Les mer.

No blir legoen smart

Selskapet bak Lego meiner dei kjem med ein liten leikerevolusjon.

Lego

Om nokre dagar startar bestillingane av Lego Smart Play, noko produsenten kallar den største innovasjonen deira nokosinne.

Under elektronikkmessa CES viste Lego fram «smarte» legoklossar, altså heilt vanlege klossar med innebygd teknologi.

Smart Play omfattar også figurar og «tags» med teknologiske eigenskapar.

Lego

Hjernen i dei smarte klossane skal kunne forstå korleis den er plassert i forhold til andre smartklossar, og kva brukaren gjer med dei. Klossane har også innebygde høgtalarar og lys.

Kombinerer ein klossane med smarte «tags» vil klossen kunne identifiserer kva som faktisk blir bygd, om det så er eit hus, ein bil eller eit helikopter.

Ved hjelp av eit Bluetooth-styrt nettverk, kalla BrickNet, kan ulike klossar kommunisere med kvarandre.

Dei to første setta basert på Smart Play er frå Star Wars-universet.

Lego

Siste fra forsiden