Nvidia viste fram musklane til RTX 2080-skjermkortet

Klarar 60 bilete i sekundet i 4K.

Jen-Hsun Huang viste fram Turing-arktitekturen på måndag.
NVIDIA

Lanseringskonferansen for Nvidia nye RTX 20-serie gjekk av stabelen på måndag, og fleire hundre tusen benka seg framfor skjermen for å følgje sendinga live på Twitch. Direktøren for selskapet, Jen-Hsun Huang, la ut i det vide og det breie om lovande grafikkteknologi.

I løpet av den nesten to timar lange sendinga frå Gamescom fekk sjåaren ei grunnleggande innføring i den store satsinga til Nvidia på strålesporing, og til slutt eit blikk på dei komande skjermkorta i Nvidias RTX 20-serie.

Skjermkorta RTX 2070 (frå 6 400 kr), RTX 2080 (frå 8 390 kr) og RTX 2080Ti (frå 12 190 kr) er tilgjengelege for forhandsbestilling allereie no, mens mellomklassekortet RTX 2060 kjem i oktober.

Les også: Desse spela får støtte for strålesporing »

Lite konkret om spelyting – før no

Det som overraska mange var at Huang ikkje nemnde noko særleg konkret om dataspelyting under konferansen. Anna enn ein runde i den tekniske demoen Infiltrator, ei måleeining for yting i strålesporing, og ein del tekniske spesifikasjonar som ikkje seier noko om faktisk yting, var det lite å hente. Dette har no snudd. Nvidia la i går kveld ut ei rekkje 4K-testresultat i ulike spel med RTX 2080-skjermkortet.

Det kan vere lurt å ta desse resultata med ei klype salt då dei kjem frå Nvidia sjølv, men ytinga viser at RTX 2080 allereie ligg eit godt stykke over Pascal-kortet GTX 1080. Riktig nok er lanseringsprisen til RTX 2080 meir på linje med den GTX 1080Ti hadde.

RTX 2080 held biletefrekvensen over 60 i 4K.
Nvidia

I Star Wars Battlefront II rapporterer Nvidia om ein biletefrekvens på 65, der eit GTX 1080Ti vil klare det same (vår eigen test med innstillingsnivå på maks). Dette gjeld også i Destiny 2. Der er dei to korta likestilte.

Men i spel som Far Cry 5 får RTX 2080 ei stor leiing med ein biletefrekvens på 71, mens GTX 1080Ti berre klarar å kome seg til rundt 55, og eit GTX 1080 vil slite med meir enn 40. Optimaliseringa er altså noko varierande.

Nvidia har ikkje gitt noko form for detaljar om kva innstillingsnivå desse spela er testa i. Difor er det ein god ide å vente på testar frå andre før ein bestiller, som ryktast å kome 14. september.

Opp til dobbel yting over GTX 1080 med ny kantutjamning

Den store auka i ytinga skal kome frå Nvidias nye form for kantutjamning, «DLSS» - «Deep Learning Super-Sampling». I følgje nokre slides dei har vist fram, kan dette gi oss opp mot dobbel yting samanlikna med GTX 1080 i 4K i visse spel.

DLSS lar skjermkortet oppskalere til 4K med langt mindre kostnad for biletefrekvensen.
Nvidia
Les også
Test: Gigabyte RTX 3080 Ti Gaming OC

Nvidia har satt kunstig intelligens til å teikne dei same bileta om og om igjen, milliardar av gongar, for å lære eit nevralnettverk korleis det kan gjette seg fram til utsjånaden til biletet. Denne teknikken er no brukbar i ei handfull spel. Kantutjamninga vil oppskalere oppløysinga, og det utan noko særskild effekt på biletefrekvensen.

Der Nvidias Dynamic Super Resolution («DSR») teiknar eit bilete i 4K, nedskalerer oppløysinga til å passe skjermen din og gir deg same yting som du ville hatt i 4K, gjer DLSS det motsette. Den oppskalerer eit bilete frå til dømes 1080p, og teiknar det i 4K. Me veit ikkje kor bra dette vil sjå ut samanlikna med eit bilete i full 4K, men viss det fungerer, kan det gjere dataspel i 4K langt meir tilgjengeleg for kvarmannsen i dei komande skjermkortgenerasjonane. Ved hjelp av det Nvidia kallar «Tensor Cores» har denne kantutjamninga ein dedikert prosessor, som gjer at ein slepp den store verknaden på biletefrekvens som «DSR» har.

Dette vil altså berre vere tilgjengeleg for den nye skjermkortgenerasjonen, og vil berre fungere i spel som har fått støtte for denne typen kantutjamning.

I biletet over ser de at RTX 2080 når dobbel yting samanlikna med GeForce GTX 1080 i til dømes Final Fantasy XV takka vere denne teknikken. Resultatet er likevel ikkje noko ein bør stole heilt hundre prosent på. Nvidia kan fort ha brukt eit svakt GTX 1080-kort opp mot eit overklokka RTX 2080, som vil gi eit skeivt bilete av ytinga.

Slik ser den nye deep learning-kanututjamninga ut samanlikna med vanleg Temporal Anti-Aliasing.
Nvidia
Prisguiden.no er en kommersiell partner av Gamer.no. De leverer oppdaterte priser, prisvarsling og produktinformasjon. Du kan lese mer om Prisguiden her »

Siste fra forsiden