Ny GTA IV-trailer i dag

I kveld kjem den andre traileren frå Grand Theft Auto IV.

Klokka 19 i kveld norsk tid kjem den andre Grand Theft Auto IV-traileren. Den heiter "Looking For That Special Someone", og vil bli tilgjengeleg på Xbox Live Marketplace, Xbox.com og spelets offisielle nettstad. I tillegg vil du kunne laste ned eit nytt Grand Theft Auto-tema til Xbox 360, og nye spelarbilete frå Xbox LIVE Marketplace.

Skjermbilde frå Grand Theft Auto IV til Xbox 360.

Xbox 360-versjonen av Grand Theft Auto IV vil få eksklusive nedlastbare episodar. Det er ukjent korleis desse episodane vil bli distribuert, eller kor mykje dei vil koste. Sjansen er uansett stor for at dei vil bli gjort tilgjengelege for nedlasting på Xbox Live Marketplace.

I følgje Rockstar vil Grand Theft Auto IV gi deg enda større val og friheit enn dei tidlegare spela. Samtidig vil handlingane dine få større konsekvensar. Du spelar Niko Belic frå aust-europa, og han kjem til New York for å starte eit nytt liv. Han draumar om flotte damer, svømmebasseng og mykje pengar. Realiteten viser seg å bli ein heilt anna.

Grand Theft Auto IV kjem til Xbox 360 og PlayStation 3 19. oktober.

Siste fra forsiden