Nyheitsmelding rystar teknologiverda

EVGA takkar for seg som skjermkortprodusent.

EVGA

Elektronikkselskapet EVGA avsluttar samarbeidet sitt med Nvidia, og gir seg som tredjepartsprodusent av skjermkort.

Det melde selskapet i eit lukka pressemøte fredag.

EVGA er ikkje blant dei mest populære merka her i Noreg, men står for ein stor del av salet av Nvidia-skjermkort i USA.

– EVGA kjem ikkje til å produsere skjermkort av noko som helst slag, seier Andrew Han, konserndirektør i EVGA til nyheitssider som VideoCardz.com og Gamers Nexus.

Kuttar drifta

Han fortalde til media at forholdet deira med Nvidia har gått skeis. Dei er heller ikkje interesserte i samarbeid med AMD eller Intel, og tar straks grep for å redusere kostnadar i bedrifta.

– Selskapet har allereie laga opptil 20 testeksemplar av EVGA RTX 4090 FTW3-skjermkort, men kjem ikkje til å ta desse til produksjon. EVGA har stoppa alle aktive prosjekt knytt til skjermkort – inkludert KINGPIN-serien, seier Han.

EVGA er kjende for å lage nokre av dei mest heftige kjølarane for overklokking, spesifikt i KINGPIN-serien, men dette er altså slutt.

Omsetninga forsvinn

VideoCardz melder at rundt 75 prosent av omsetninga til EVGA kom frå skjermkortproduksjon. Det har vore mange spekulasjonar på sosiale medium om at Nvidia gir produsentane sine svært knappe marginar å jobbe med, og EVGA-sjef Han har kritisert Nvidia i eit intervju med Gamers Nexus.

EVGA kjem til å halde fram med å selje eksisterande produkt, men går altså heilt ut av skjermkortmarknaden når lageret er tomt.

Nvidia har gitt ein kort kommentar til saka.

– Me har hatt eit flott samarbeid med EVGA over tid, og kjem til å halde fram med å støtte dei med vår noverande produktgenerasjon. Me ønskjer Andrew og venene våre i EVGA alt godt, skal ein pressetalsmann ha sagt.

Utsegnet er sitert av frilansskribent Tae Kim på Twitter.

Siste fra forsiden