Oppussa rollespel har fått dato

Final Fantasy X/X-2 HD kjem til våren.

For godt og vel to år sidan avslørte Square Enix at dei ville lage ein oppdatert versjon av det japanske rollespelet Final Fantasy X, samt oppfølgjaren Final Fantasy X-2 for PlayStation 3 og PS Vita. Spelsamlinga er langt frå dei einaste spela frå PlayStation 2-tida som har fått nytt liv på PlayStation 3 og/eller Xbox 360, men det er få utviklarar som har lagt like mykje arbeid i eit restaureringsprosjekt.

Final Fantasy X/X-2 HD Remaster har ikkje berre fått høgare oppløysing slik vanleg er for HD-utgåver av eldre spel. I tillegg har Square Enix byta ut alle teksturane i spelet, samt spelt inn og miksa musikken på ny.

Vårslepp

Turbaserte kampar av den gamle sorten.

I dag har Square Enix sendt ut ei pressemelding der dei fortel at spelet blir tilgjengeleg både digitalt og i butikk 21. mars for PlayStation 3. Pressemeldinga seier ingenting om når PS Vita-versjonen av samlepakka blir tilgjengeleg. I motsetning til PlayStation 3 der du kan kjøpe begge spela i ei pakke, vil Final Fantasy X og Final Fantasy X-2 på PS Vita bli selde individuelt.

For dei som vil nyte begge versjonane av Final Fantasy X-spela vil du kunne dra nytte av lagring på tvers av plattformene. Når du sit heime kan du til dømes spele på PlayStation 3, medan du ved å lagre i skya kan ta med deg framgangen din på PS Vita om du skal ut ein tur.

HD-utgåvene av både Final Fantasy X og Final Fantasy X-2 vil vere baserte på International-utgåvene av originalspela. Det vil seie meir innhald enn vi fekk i første omgang. Om du vil lese litt meir om jobben Square Enix har gjort med å pusse opp Final Fantasy X kan du ta ein kikk på vår sniktitt frå tidlegare i år.

Siste fra forsiden