E3 2021 - Orcs Must Die! 3

Orcs Must Die! 3 til konsoll og Steam

Etter nesten eit år med Stadia-eksklusivitet kjem orkeslaktaren til nye plattformer.

Under PC Gaming Show søndag kveld kunne Robot Entertainment avsløre at orkeslaktaren Orcs Must Die! 3 er på veg til PC og Steam 23. juli. Vidare kunne dei via Facebook-sidene sine fortelje at spelet er på veg til Xbox One, Xbox Series X/S, PlayStation 4, medan ein kan spele på PlayStation 5 via bakoverkompatabilitet.

Orcs Must Die! 3 let deg setje fellekomboar for orkar og andre monster.
Robot Entertainment

Orcs Must Die! 3 er det fjerde spelet i ein serie spel som blandar action i tredjeperson med klassiske tårnforsvarmekanikkar. Mellom ei rekke runder plasserer du ut bestialske feller som til dømes kjøtkverner, lava, tjære, brennande piler og andre blodige ting før du lar orkane storme mot deg, og ser kaoset utspele seg.

Med Orcs Must Die! 3 gjorde utviklarane eit solid forsøk på å gjere det heile hakket større. Med nye krigsscenario sender spelet hundrevis av orkar mot deg som du kan bruke blant anna katapultar for å knuse.

Vi var godt nøgde med Orcs Must Die! 3 då det blei lansert på Stadia i fjor. Spelet bydde ikkje på mykje nytt, men servert god orkeslakt. Vi var derimot ikkje heilt nøgde med at dei byta ut den hysterisk morosame hovudpersonen med ein ny og noko tafatt duo.

Siste fra forsiden