ANMELDELSE: Orcs Must Die! 3

Lettbeint og lystig drapslabyrint

Den einaste gode orcen, er svartsvidd, spidda og knust med verdas største hammar.

Det er ikkje ofte eg startar med ein spoiler, men denne gongen er det ingen utveg. Det var først etter å ha blitt ferdig med 18. og siste brett i Orcs Must Die! 3 at eg lo godt. Ein latter festa seg som varte gjennom heile rulleteksten, og eit smil som til no hadde mangla i Orcs Must Die! 3 var no godt planta på trynet mitt, og eg bestemde meg sporenstreks for å spele litt meir. Og med litt meiner eg fleire timar.

Du skjønar, det var først på dette punkt at vår gamle Orcs Must Die!-helt Max dukka opp. Seg sjølv lik bagatelliserte han heile fråværet sitt, snakka seg ut av eit kvart problem, og var sitt vanlege, eksentriske, elskverdige, tåpelige og idiotiske seg.

Ein skarp og karismatisk kontrast til dei to tørrpinnane utviklarane hos Robot Entertainment av ein eller annan uforståeleg grunn har valt å byte han ut med. 

Til kjøtkverna med dei!

Fang dei i ein treng kanal, og fyr laus eit bakhaldsangrep. Bilde: Øystein Furevik/Gamer.no

For dei som ikkje veit betre; Orcs Must Die! er ein serie med spel der du i rolla som ein skarp krigar, aller helst Maximillian, skal ta opp kampen mot ein heil haug med orcar. Dette gjer du ved å setje ut feller, og håpe du har sett saman ein god kombo før bølgene med orcar veltar inn på karter og du må springe rundt med eit lite utval våpen for å ta knekken på alle som kjem seg forbi fellene dine.

Å skru saman brutale dødslabyrintar for orcane, ograne, trolla og alt det andre som prøvar å kome seg forbi deg og heilt fram til målet er stor moro. Det kan òg vere stor utfordring, noko som her og der tvingar deg til å måtte prøve ein heil haug med ulike metodar. Opp i alt det her har vi då tradisjonelt hatt ein solid porsjon humor i form av alt sprøytet Maximillian seier. Skodespelaren hans er ei gudegåve og leverer replikkane som om det var improvisert på rappen, og i staden for å høyrest ut som nokon som les frå eit manuscript, er han berre rolla si.

Men Max er borte, og igjen står vi med eit par inntørka lodottar som i staden for å vere kule, trur dei er kule, som ikkje har ein einaste vits på lager, og gjev spelet ei heilt anna stemning enn ein Orcs Must Die!-veteran vil vere vand med. Altså, ingenting i vegen med variasjon, men når ein får kjensla av at det overberande målet er representasjon i staden for kvalitet, då kan ein like godt la vere. Det blir ikkje betre av ein praktisk alt høyrer at skodespelarane berre les frå eit manuscript.

Feller, feller, feller, feller!

Klar til dyst. Bilde: Øystein Furevik/Gamer.no

Sjølv om humoren ikkje er heilt på plass før spelet er over og du får spele gjennom alt på ny med Max eller ein av eit knippe andre figurar som faktisk maktar å få deg til å le, har Orcs Must Die! 3 mykje stas å by på. Har du vore i kontakt med serien før vil dette vere som å kome heim. Det er nøyaktig det same spelet som du hugsar, og vi får ingen overraskingar. 

Nokre kosmetiske endringar finn vi, og menysystemet har fått seg ei solid overhaling, men jamt over kjem nyhenda gjennom nye feller. Vi finn eit solid knippe av dei godt blanda med det meste vi kjenner frå før, men utviklarane kunne godt ha pusha desse fellene litt hardare. For det meste brukte eg feller eg kjenner frå før og gamle taktikkar, noko som er moro det, men sidan dette er det første nye Orcs Must Die!-spelet på mange år, hadde det ikkje gjort noko om utviklarane hadde gått litt hardare inn for å tvinge deg til å tenkje nytt.

Den største variasjonen kjem i form av ei handfull krigsscenario der du skal ta knekken på orcemengder langt større enn noko vi har sett før i serien. Her veltar hundrevis av orcar inn over bretta, men til gjengjeld får du nye og enda kraftigare feller som er eksklusive for desse bretta.

Vi får til dømes enorme springbrett som kan kaste dusinvis av monster ut av vegen på ei og same tid. Kompani med bogeskytarar kan plasserast med eit klikk, og du kan setje deg inn i ein katapult for å sende eksplosive kuler mot fiendane. Det beste krigsscenarioa har å by på er likevel plattformene du kan setje andre feller på. På denne måten kan du trygt plassere bogeskytarar og katapultar der du måtte ynskje.

Krigsscenario snurr litt opp ned på formelen, og det er eit friskt avbrekk. Der ein elles ofte er veldig ansikt til ansikt med orcane, blir ein her ofte sitjande på god avstand i ein katapult og ser beista flagre frå lang avstand. Å lage solide punkt der fiendane blir sitjande fast blant feller og tjære medan ein peprar dei med eksplosivar er ikkje langt i frå kva som er best i livet, i alle fall om vi skal ta Conan sine ord for god fisk.

Her i dag, borte i morgon

Slepp tullingane forbi fellene må du fram med våpenet. Bilde: Øystein Furevik/Gamer.no

Om eg har eit ankepunkt med nivådesignet i Orcs Must Die! 3, er det at om ein ser bort frå dei nye krigsscenarioa, så når spelet sjeldan heilt dei same høgdene som forgjengarane. Mange av banene framstår litt like, og kanskje litt enkle i design. Dei tidlegare spela i serien har budd på mykje av stor variasjon både i form og fasong.

Det glimtar likevel til her og der. Blanda inn mellom brett fulle av korridorar finn vi blant anna vertikale baner der du kan setje opp trampoliner for å kaste beista ned i avgrunnen, før du tvingar dei gjennom lava, kverner, og illsinte kvepsar for å kome seg opp til toppen igjen.

Orcs Must Die! har alltid vore ein serie der det eine brettet kan vere mykje vanskelegare enn det andre. Å gå tilbake til tidlegare brett for å sanke nokre hovudskallar du kan bruke for å oppgradere feller og våpen er ein nyttig taktikk for å kome deg forbi vanskelege baner. I Orcs Must Die! 3 framstår det heile som litt ubalansert. Nokre baner er nesten provoserande vanskelege, og ein føler seg nesten tvinga til å gå tilbake og spele om igjen.

Det er heilt ok å spele baner om igjen, spelet er moro nok til at det er noko eg kjem til å gjere framover òg, men det er aldri like moro å grinde fordi spelet tvingar deg til det, som det er å grinde fordi du vel det sjølv.

Spelet er lekkert nok, men om du får sjå det er opp til Google. Bilde: Øystein Furevik/Gamer.no

Eg orkar ikkje meir

Orcs Must Die! 3 er mitt første møte med Google Stadia, og sjølv om spelet er kjapt å kome i gong med, har minimalt med lasting, køyrer som ein draum, og ikkje viser teikn til slitasje sjølv når det er eit lite land med orcar på skjermen, er det vanskeleg å bli imponert.

No har ikkje eg ein 4K-skjerm kopla til PC-en min, men eg har ein kraftig PC, ei fiberlinje Google Stadia sin eigen fartsmålar seier er veldig rask, men likevel byr Stadia på den dårlegaste biletekvaliteten eg har sett sidan før eg kjøpte min første HDTV. Det er så pinleg dårleg oppløysing at eg ikkje heilt veit kva eg skal seie. Om eg set meg fem meter frå skjermen ser det ut som om spelet er riktig så pent, men sit eg på normal avstand er det eit tåkehav utan like.

Kva som er grunnen til min elendige biletekvalitet veit eg ikkje, og om det er noko du står i fare for å måtte leve med veit eg heller ikkje. Eit godt inntrykk av Stadia er det derimot ikkje. Betre blir det ikkje av at det har vore heilt umogleg å finne nokon å spele med. Om det er grunna dårleg nettverksløysing eller manko på spelarar er ikkje godt å seie, men det talar ikkje heilt i Stadias favør at mi sterkaste kjensle etter mi tid med Orcs Must Die! 3 på Stadia er at eg gler meg til spelet omsider ein dag kjem til andre plattformer.

Konklusjon

Vi skal neimen ikkje gjere det lett for dei. Bilde: Øystein Furevik/Gamer.no

Orcs Must Die! 3 er utan tvil eit solid gjensyn med ein av dei artigaste spela i sin sjanger. Det byr på ei lang rekke artige feller og våpen som let deg skru saman dei meste døydelege og infernalske feller for stadige lengre bølgjer med diverse monster som tanketomt traskar gjennom, over og under alt du har å by på.

Det er ikkje mykje nytt her. Vi får mange av dei same våpna og fellene, dei same metodane, og mange av dei same humoristiske krumspringa, men akkurat det gjer ikkje noko så lenge nivådesignet gjev deg mange moglegheiter for spanande kombinasjonar av feller. Banene gjer jamt over det, men dei er likevel ikkje like kreative og distinkte i design som tidlegare spel i serien. Samstundes har dei ein tendens til å sjå litt like ut, men det kan vere eit offer for den elendige oppløysinga Stadia har tillete meg å spele med.

Samstundes må det vere lov å kjefte litt på Robot Entertainment for å byte ut ein av dei meste underhaldande hovudpersonane i spelhistoria, til fordel for to tafatte forsøk på ei erstatning. Når Max forsvinn, forsvinn humoren, og humoren er ein stor del av pakka.  At eg har hatt det meir moro med Orcs Must Die! 3 etter at eg runda spelet, fordi eg då fekk spele som han, og med alt tøvet han seier, seier strengt tatt sitt.

Vurdering

"Eit solid gjensyn med ein av dei artigaste spela i sin sjanger."

Orcs Must Die! 3

Stadia
Slippdato: 14. juli 2020
Sjanger: Action
Utvikler: Robot Entertainment
Utgiver: Robot Entertainment

Kommentarer (6)

Forsiden akkurat nå

Til toppen