Test

Zowie by BenQ S2 Divina

Over seksti prosent av CS-proffar spelar med dette merket, og me forstår kvifor

Zowie by BenQ er tilbake med ein ny generasjon datamus av ypparste klasse.

Mikkjell Lønning/Gamer.no

I følgje nettstaden ProSettings brukar 65 prosent av proffane på internasjonalt toppnivå i Counter-Strike: Global Offensive Zowie-mus (statistikk frå 2018). På andreplass finn me Logitech med 16 prosent, mens SteelSeries ligg rundt sju prosent. Det seier litt om kor solid grep Zowie by BenQ har på proffspelarane – og det er vel trygt å anta at den gjengen har ein viss peiling.

Førre generasjon av Zowie-mus har fått ein del klagar på rullehjul, knappar og den noko utdaterte sensoren. Det har Zowie endeleg tatt tak i. Med den nye Zowie S Divina-serien har me fått nyversjonar av heile produktrekkja til produsenten, og dette er verkeleg noko ein bør få med seg viss ein driv med konkurransespeling.

Me har testa mellomstore Zowie S2 Divina, som kjem med ein feilfri sensor, ei glossy overflate, relativt låg vekt og ei fantastisk god form for høgrehendte. Musa har seks knappar, samt eit klikkbart rullehjul.

Design

Zowie-mus blir først og fremst brukt til konkurransespel på grunn av dei glimrande passformane. Den nye generasjonen held fram i same ande. Samanlikna med Zowie FK2 er S2 høgare, og noko kortare. Forskjellane er definitivt små, men eg likar denne forma betre.

Passforma til Zowie-mus er grunnen til at så mange proffspelarar brukar dei, og denne er endå betre enn FK2.
Mikkjell Lønning/Gamer.no

Om ein vil gå for S2 eller den litt større S1 går vel mest på handstorleik og kva ein er vand med. For meg verkar S2 akkurat på grensa med hender på 18,5 x 9 centimeter. Om hendene dine er noko særleg større ville eg gått for S1, eller viss du brukar handflategrep.

Overflata er glatt og reflekterande, som eg er meir skeptisk til. Det er relativt enkelt å gjere den matt med ein skuresvamp, men dette skal vere ei tidsavgrensa utgåve. Eg vil tru at Zowie kjem med fleire versjonar utan den glatte overflata etter kvart. Det er òg ganske spesielt å måtte bruke ei knallrosa datamus, så me får krysse fingrane for ei vanleg svart utgåve utpå året.

På vekta viser displayet 88 gram, som er litt meir enn det FK2 veg. Eg kunne tenkt meg at dei kutta vekta litt ned til neste omgang i og med at musa er såpass lita. Det hadde heller ikkje gjort noko om dei hadde byta ut kabelen med ein fletta leidning, slik som den Finalmouse Air58 brukar. Zowie S2 har ein lett gummikabel, men det blir ikkje heilt det same.

Knappar

I motsetning til FK2 har denne berre sideknappar på den eine sida. I og med at dette er ei mus som dei fleste kjem til å bruke til Counter-Strike: Global Offensive er det ikkje noko stort tap. Zowie er neppe merket du satsar på for produktivitetsoppgåver eller MMORPG-spel.

Rullehjulet er framleis ei svakheit, men museknappane er blitt mykje betre sidan FK2.
Mikkjell Lønning/Gamer.no

I saman med å fjerne sideknappane på høgre side, har dei gjort dei på venstre side mykje større. Det set eg pris på. Desse sideknappane er akkurat der dei skal vere for mine hender, og storleiken gjer dei enkle å trykkje inn. Eg trur dette må vere favorittplasseringa mi av alle produkta me har testa frå 2018.

Høgre- og venstre museknapp har òg blitt forbetra. Støynivået er høgare med ein klakkelyd i høgre museklikk, men dei kjenst veldig behagelege å trykkje ned med kort vandring.

Rullehjulet er framleis langt frå godt nok, nett som på Zowie FK2. Det er blitt betre, men har ei skranglete kjensle, som om det er litt laust.

Skal du skifte på oppdateringsrate eller PPT, må du snu musa opp-ned. Der finn du to knappar med indikatorlys som styrer dette. Dette gjer at ein slepp å kome borti PPT-knappen, men det betyr òg at dei som er vande med å bruke ein «sniperknapp» bør finne ei anna mus enn denne.

Sensor

Oppgraderinga frå PixArt 3310 til 3360 er eit av dei viktigaste grunnane til å kjøpe dei nye produkta frå Zowie. No har me altså endeleg fått Zowie-mus med feilfri sensor. 3310 er langt frå noko dårleg val, men med 3360 er ein sikra god yting uansett kva som skjer.

Oppgradering til 3360-sensoren er ein av grunnane til at du kanskje vil byte ut den slitne FK2-musa di.
Mikkjell Lønning/Gamer.no

Test i spel viser nøyaktig pikselsporing, og eg har ikkje merka noko teikn til at den spinn ut. Det er vel heller ingen overrasking, i og med at sensorar er kome til det punktet i den teknologiske utviklinga at dei vanskeleg kan bli noko særleg betre. Nokre ørsmå forskjellar opp til sensorar som PixArt 3389 vil det vere, men det er neppe noko ein merkar.

Eg har køyrt rundar i spel som CS: GO, Overwatch, Battlefield V og Call of Duty: Black Ops 4, der Zowie S2 Divina og 3360-sensoren gjorde alt den kunne for å halde meg på toppen av leiartavla. Dei gongane eg rota meg nedover, var det hundre prosent min eigen feil.

Programvare og RGB

Zowie-mus har ikkje programvare eller RGB. Som nemnt er det knappar på undersida for å skifte PPT og oppdateringsrate, der ein får velje mellom oppdateringsrate på 125, 500 og 1000. Når det kjem til PPT kan ein velje mellom 400, 800, 1600 og 3200.

Sideknappane er blitt større, og er perfekt plasserte i forhold til tommelen.
Mikkjell Lønning/Gamer.no

Dette er ei enkel og grei løysing der ein kan plugge musa rett inn i maskinen utan å tenkje noko på installasjon av driver. Eg føretrekkjer likevel å ha noko programvare å leike med. Det hadde vore eit pluss i boka viss me kunne fått programvare for å skifte eigenskapar på knappar og slikt, men det har ingen negativ effekt på vurderinga mi.

Konklusjon

Eg trur ikkje det kjem til å ta lang tid før Divina-serien toppar listene over bruk blant proffspelarar i CS. For dei fleste er det kanskje ikkje noko grunn til å skifte ut FK2 heilt med det første då forskjellane framleis er små, men dette er definitivt ei betre mus.

Eg ville vurdert å vente til Zowie kjem med ein versjon utan den glatte overflata, men som sagt kan ein gjere den matt med ein kjapp overgang med ein skuresvamp.

Forbetra sensor, betre knappar og eit noko meir solid rullehjul gjer dette til eit godt kjøp for skytespelentusiastar. Eg skulle gjerne sett at prisen var litt lågare enn 800 kroner, men her er det framleis mykje kvalitet og yting å hente for pengane.

Er du på utkikk etter ei anna mellomstor mus i same vektklasse, ville me sett på 10/10-musa Logitech G Pro Trådlaus »

Elles kan du kikke meir på dei andre testane våre av mus og tastatur her »

Prisguiden.no er en kommersiell partner av Gamer.no. De leverer oppdaterte priser, prisvarsling og produktinformasjon. Du kan lese mer om Prisguiden her »
9
/10
Zowie by BenQ S2 Divina
Zowie tar det som gjorde FK2 bra og gjer det endå betre.
Forbetra passform
Betre museklikk
Feilfri sensor
Ingen driver/programvare betyr at ein kan kome rett i gang med spelinga
PPT- og oppdateringsrateknappar på undersida
Litt tyngre enn FK2, og rullehjulet er framleis ikkje heilt det store
Treng tredjeparts-programvare for makroar og ombinding av knappar

Siste fra forsiden