Sniktitt

Peter Jackson's King Kong

Det er ikkje ofte ein regissør deltar aktivt i utviklinga av spelet til sin siste film, men Peter Jackson er ikkje som alle andre.

King Kong blir utvikla av Ubisoft og Michel Ancel, mannen bak Beyond Good & Evil. Dette i seg sjølv burde vere nok til at folk sperrar opp auga. Spesielt i ein tidsalder der spel basert på filmar generelt sett blir sett på som produkt kun skapt for å tene litt ekstra pengar. Dette er definitivt ikkje tilfelle med King Kong. Dette spelet tar ei rekke dristige steg for å nå ut til deg på riktig måte. Til dømes er det ikkje eit einaste forstyrrande element på skjermen. Du finn ingen oversikt over ammunsjon, du finn ingen indikasjon på helsa di, og eit sikte for våpena dine kan du berre gløyme. Alt dette er gjort for å gi deg ein så filmatisk presentasjon som mogleg.

Vi har fått sett nærmare på spelet til PlayStation 2 og Xbox 360, og det burde vel ikkje overraske nokon når eg seier at King Kong til Xbox 360 vaskar golvet etter eldre maskiner. Det stiller i ein klasse for seg, med fantastisk lyssetting og animasjon. Ser ein bortsett frå den grafiske presentasjonen er uansett spelet heilt likt for alle format. Du får spele som både Jack Driscoll og King Kong, i eit handlingsforløp som ligg tett opp mot filmen, men spelet har fleire hendingar for å halde spelets lengde på eit forsvarleg nivå.

David og Goliat
Dei største delane av spelet ser du gjennom auga på Jack Driscoll. Denne delen av spelet utartar seg som eit førstepersons skytespel. Det er riktignok nokre viktige forskjellar. Som sagt er det ingen element på skjermen, og for å unngå forvirring blir det kompensert for dette på andre måtar. For å ha ei oversikt over kor mange kuler du har, vil Jack fortelje deg når han nærmar seg å gå tom. Ein enda viktigare del er helsa di, og den er det ganske enkelt å ha oversikt over. Om skjermen blir raud, og musikken nesten religiøs, er dette ein god indikasjon på at det er på tide å legge beina på nakken. Får du meir enn småskrammer i denne tilstanden må du rekne med at du døyr ganske kjapt. Det seier uansett seg sjølv at du bør halde avstand til kjevane på ein V-rex. Ja, V-rex (dei er store, og får deg til å blø).

Atter ein gong, King Kong blir presentert på ein veldig filmatisk måte. Det er ein god del dialog i spelet, som sjølvsagt er spelt inn av skodespelarane frå filmen. Desse dialogane kjem i sanntid, som til dømes under flukt frå ein V-rex, der du for konstante beskjedar om å halde beistet på avstand. Eit anna eksempel er der du må redde Ann frå matlystne raptorar, og du ser alt skje frå avstand, og må skyte vekk beista for å halde dama i live. Alt i spillet kan tekstes, til og med på norsk - noko som ikkje er så vanleg. Dette er nok eit ledd i å lure deg til å tru at du er med i filmen. Altså, om du enda ikkje har forstått det: Peter Jackson vil ha ein interaktiv film. Og med det går vi over på andre ting.

Spelets vanskelegheitsgrad vil tilpasse seg etter kva du gjer. Om du er skikkeleg effektiv og drep alle dinosaurar utan problem, vil spelet sende fleire mot deg. Om du skulle slite, vil spelet bli lettare. Etter førsteinntrykka å dømme fungerar dette svært bra. Personleg hamna eg aldri i situasjonar som var utprega lette eller vanskelege. Utfordringa var akkurat der den skulle vere, og sjølv om ein må rekne med å døy nokre gongar, endar du ikkje opp i situasjonar der du riv av deg alt håret, puttar det i ein konvolutt, og sender det til Ubisoft med eit brev der det står: "takk som byr".

Ta ein kjepp og la det brenne
Sidan dette er eit spel sterkt basert på ein film er det klart at det ikkje er mykje rom for å skape opne miljø med stor valfriheit. Michel Ancel sitt team har heller valt å gi deg rom for å løyse situasjonar på fleire måtar. Til dømes kan du som Jack plukke opp skjelettbein og trestokkar. Desse kan du bruke til å fange fisk, som du deretter kan kaste mot glupske dinosaurar som ein liten avledningsmanøver. Eventuelt kan du tenne på ein stokk, og kaste den mot busker eller gras for å brenne dinosaurane levande. Groteskt kanskje, men det er fleire bruksområde for ild. Ein veg kan vere skjult av busker, noko du kan ordne opp i ved å lage eit lite leirbål. Generelt sett har Ubisoft prøvd å lage eit førstepersons eventyrspel, i staden for eit førstepersons skytespel. Du vil finne mange problem som du lettast vil løyse ved å tenke smart.

Heile spelet er uansett ikkje i førsteperson. Når filmen heiter King Kong, er det vel ikkje så vanskeleg å forlange og få spele som den forvokste gorillaen. Det får du også, og dette fungerar utmerka ved å blande inn litt god variasjon. Å springe rundt i jungelen som ein enorm gorilla er utan tvil ganske festeleg, spesielt når du kjem i nærkontakt med ein V-rex. King Kong i kamp er som eit forenkla slåssespel, der det velkjende filmatiske ordet atter ein gong snik seg inn. Du denger laus på fiendane dine med enkle knappetrykk, og om du får inn eit skikkeleg slag, vil kameraet gå saktare eit sekund for å understreke at beistet fekk smake hårete knokar. Kameraet i seg sjølv er faktisk veldig bra. Det roterar og snur på seg på ein måte som får Kong til å framstå som den kjempa han er, utan å gi deg dårlege synsvinklar.

Konklusjon
Eg gledar meg til King Kong, eg gidd ikkje prøve å legge skjul på det ein gong. Det er eit friskt og nytt angrep på ein ganske utprøvd sjanger, og det skadar heller ikkje med store dinosaurar og ein enorm gorilla. Det ser absolutt ut til at Peter Jackson og Michel Ancel har fått til det dei ville. Den (once more with feeling) filmatiske stilen dei har valt kler spelet veldig bra, og til tider trur ein nesten på at det er ekte dinosaurar som spring rundt på skjermen. Animasjonen er ypperleg, og spelet ser veldig bra ut på sine respektive plattformer. King Kong skal etter planen vere ute i butikkene på alle nåværende konsoller, PC, Nintendo DS og Sonys PSP den 18. november, med påfølgende Xbox 360-versjon den 2. desember. Filmen har premiere på kino 14. desember. Alt ser med andre ut til å vere klart for ei hårete jul.

Siste fra forsiden