Pillars of Eternity er eit av årets mest etterlengta rollespel. Spelet som lanserast neste veka blei finansiert gjenom Kickstarter etter løfte om å lage ein arvtakar til dei klassiske Infinity Engine-rollespela frå 90-talet. Utviklarstaben hos Obsidian Entertainment husar mange veteranar som tidlegare jobba med spel som Baldur's Gate og Icewind Dale, og dei siste åra har dei brukt på å utvikle eit spel i same gate som desse rollespela.
Sjølv om vi enno må vente ei god veke på å få kaste oss ut i Obsidians nye rollespelverd, har utviklarane planane klare for framtida. Under ein Reddit AMA har Obsidian-produsent Adam Brennecke avslørt at studioet har byrja arbeidet med ei utviding til Pillars of Eternity.
Like stort som Tales of the Sword Coast
![](https://i.bo3.no/image/70844/2014-09-02-00010.jpg?c=0&h=281&w=500)
Brennecke var sparsam med detaljane, men ut frå det han har sagt ser det ut til å bli eit omfattane tillegg til hovudspelet:
«Vi vil lage ei utviding som i storleik er omlag like omfattande som Baldur's Gate-utvidinga Tales of the Sword Coast. Sidan vi er tidleg i utviklingsprosessen vil eg ikkje seie mykje, men vi har eit lite team som jobbar med å lage nye områder, medan resten av teamet er fokusert på å gjere ferdig Pillars of Eternity. Vi vil fortelje meir om utvidinga i dei komande månadane.»
Den komande utvidinga til Pillars of Eternity er ikkje den einaste framtidsplanane Obsidian har for spelet. Studioet har allereie ytra at dei vil gå i gong med arbeidet med ein oppfølgjar. Som med Pillars of Eternity er det godt mogleg oppfølgjaren vil bli finansiert gjennom Kickstarter.
Vi tok ein kikk på Pillars of Eternity i fjor og likte svært godt det vi fekk sjå.