Anmeldelse

Quantum Theory

Når folk som ikkje forstår skytespel skal lage skytespel, går det gale.

Eg er eigentleg litt svak for dårlege spel. Dei er som bensin på tanken for ein skribent som av og til går litt tom for inspirasjon. Quantum Theory er derimot eit sørgjeleg kapittel i så måte. Eg maktar berre ikkje å byggje opp noko engasjement. Det er så nær så nær å vere årets største kalkun, men klamrar seg likevel til eit svakt engasjement gjennom å vere eit skammeleg plagiat av ein temmeleg populær serie.

Det er vel kanskje dette som skjer når nokre tullete skallar borte i Japan finn ut at dei skal la vere å gjere det dei kan, til fordel for eit tåpeleg forsøk på å lage eit vestleg spel.

Argh! Eg tyggjer proteinpulver til frukost

Ekte mannfolk

Eg trur aldri eg har sett så stygge mannfolk som dei bolerberga vi møter i Quantum Theory. Greitt nok, Gears of War ligg langt utanfor grenseland for sunn kroppsmasse (sjølv om eg har sett verre i bladhylla til Narvesen), men dette blir berre for teit. Kroppane er vandrande berg med eit hovud meisla i stein av ein person som heilt klart har nokre igjen før han forstår faget sitt. Det blir mildt sagt vanskeleg å byggje opp noko engasjement for beistet du tek kontroll over, og det krampeaktige vokabularet hans gjer ikkje saka betre

.

Her er det «fight through the pain», «nice» og fleire andre gullkorn rappa frå Marcus Fenix som står på plakaten. Alt er sjølvsagt levert frå ein skodespelar som snakkar med ei så guttural stemme at eg ser føre meg at stakkaren hosta godt etter kvart opptak.

Nok om det. Historia i Quantum Theory kan vi like godt gløyme før vi har gått i gong. Langt inne i framtida driv nokre stygge tårn å veks opp i terrenget. Dei øydelegg alt rundt seg, og vår helt er fast bestemt på å rive dei ned. Heilt aleine sjølvsagt. Kvifor? Hemn! Kvifor hemn? Anar ikkje

.

Heilt aleine får han derimot ikkje lov til å vere. Han møter kjapt ei lekker dame med flotte rumpeballar og sølvkvitt hår. Ho hoppar og sprett og er nok tenkt som eit motstykke til vår barske helt. Litt femininitet kjem jo alltid godt med. Og kva er vel meir feminint enn ei grisefin dame som treng hjelp frå ein supersterk kar frå mennneskerasens tidlegaste evolusjonsfase?

Eg shottar steroidar til kvelds!

Blåkopi

Quantum Theory blir pinleg likt Gears of War, og dette er den einaste grunnen til at spelet ikkje stinkar i alle retningar. Gears of War-mekanikkane er stødige som fjell (ikkje fullt så stødige som musklane til helten vår, men likevel), og det skal godt gjerast å øydeleggje dei. Om du kan gjere noko i Gears of War kan du gjere det i Quantum Theory, med unntak av den kjekke ladefunksjonen til Marcus og kompani.

Du må slenge deg bak murar og søyler, skyte litt frå dekning eller med presisjonssikte, og du spring framover med eit kamera i froskeperspektiv. Joda, alt er på plass. Likevel har Tecmo Koei gjort sitt beste for å rote det til. Det første du vil merke deg er at presisjonen luktar litt av rumpe. Akselerasjonen er alt for høg, og dette sørgjer for at du veldig lett snur for mykje på kameraet, og endar opp med mykje rykking og napping når du skal gjere dei enklaste ting. Det er ganske plagsamt, men du blir vand nok med det til at du nesten sluttar å tenkje på det.

Det neste punktet på programmet over korleis ein skal dra Gears of War gjennom søla kjem gjennom våpenutvalet. Det òg luktar ganske sterkt av rumpe, sjølv om vi no er nærare diarestadiet. Vi får fleire forskjellige automatvåpen kasta i hende, fleire forskjellige rakettkastarar, og generelt sett fleire forskjellige av det meste. Arsenalet kunne godt å blitt korta ned til langt under halvparten, og dei få som då hadde vore igjen kunne ha fått seg ein finpuss. Våpna i seg sjølv er forholdsvis artige, men dei er stort sett ganske ubrukelege. Spelet har elendig våpenkjensle, responsen er håplaus, og det er vanskeleg å få eit godt inntrykk av kor effektivt eit våpen eigentleg er. Stort sett endar du opp med å innsjå at alle er elendige, og du må difor bruke alt for mange kuler per fiende.

Kjemp gjennom smerta!

Dette bringer meg forresten over på eit anna ankepunkt. Det er forbløffande tilfeldig når du får planta eit skot i skallen på ein fiende. Nokre gongar drep du ein fiende med eitt skot i panna, andre gongar ikkje, sjølv om det er den same fiendetypen. Det er veldig sporadisk og sår tvil om dei fabelaktige introduksjonsskjermane tidleg i spelet som informerer oss om at det er lurt å skyte ein fiende i hovudet sidan det sannsynlegvis er hans svake punkt.

Hysteriske informasjonsskjermar er kanskje den beste grunnen til å spele Quantum Theory i nokre minutt. Vi blir mata alt med teskei på ein måte eg ikkje har sett makan til på ganske lenge. For å ha det sagt. Om du ikkje var klar over det. Om det ikkje var innlysande nok, så er det vanskelegare for fienden å treffe deg om du ligg i dekning, difor bør du ligge i dekning så ofte du kan. Snakkar om smør på flesk.

Litt moro

Sjølv om Tecmo Koei har gjort sitt beste for å øydeleggje Gears of War-formelen, så er spelet artig no og då. Det er jo strengt tatt ein blåkopi av Epic Games sine meisterverk, så det skulle eigentleg berre mangle. Du vil aldri bli engasjert i stor grad, men det er heilt grei tidtrøyte når alt klaffar.

Spelet gjer samtidig eit par interessante trekk som skil det frå storebroren sin. I mange av oppdraga vil du få selskap av denne lekre dama, og dette byr på ein måteleg interessant samarbeidsfunksjon. Stort sett spring ho berre rundt saman med deg og skyt fiendar, men du kan i tillegg kaste ho mot fiendar for å slå eit slag med eit lyssverd, eller du kan bruke ho i nokre enkle kombinasjonsangrep der dei store musklane får vist kva dei er gode for. Det er ikkje revolusjonerande eller spesielt spanande på nokon måte, men det fungerer.

Japonais!

Meir interessant er korleis tårnet du skal rive ned på sett og vis er i live. Nokre stadar vil veggar vakse opp for å skape nye dekningsmoglegheiter, medan andre nivå praktisk talt aldri står i ro. Du må springe langs bruer som buktar og svingar på seg, eller kome deg frå ein del av nivået til det andre medan bakken forsvinn under føta dine. Stort sett fungerer desse elementa greitt, men spelet gjer ein alt for dårleg jobb i å fortelje deg kva som skjer når, og difor endar du lett opp med å brått og uventa stupe ned i ein mørk avgrunn.

Du får riktignok titt og stadig beskjed om å trykkje inn ei analogstikke for å sjå i retninga det skjer noko, men måten og tempoet kameraet då blir snudd på gjer at du blir veldig desorientert og gjerne må trykkje inn stikka fleire gongar for å forstå kvar du skal. Ein veldig dum ting i eit spel der fiendane kjem på deg frå alle kantar i område fulle av søyler som gjer det vanskeleg å sjå kvar dei er.

Fargerik dystopi

Sjølv om hovudpersonen er forferdeleg stygg, gjeld ikkje dette alt i spelet. Fiendane varierer mellom det fullstendig uinspirerte og nokre ganske tøffe beist frå ein eller annan person sine mareritt. Det er likevel områda som ser best ut. Dei er enkle og har ikkje dei mest detaljerte teksturane, men alt er veldig mjukt og behageleg for auga, noko som gjer dei sære områda veldig greie å sjå på. Du vil aldri sjå noko imponerande eller spesielt interessant, men det er heilt greitt, sjølv om repetisjon raskt blir eit faktum.

Musikken er derimot mykje betre, og eg vil driste meg til å kalle den ganske tøff. Det heile er ei blanding av seig dronemusikk og rytmisk symfoni med nokre innslag av rock og electronica. Lysporet gjer mykje meir for å få deg engasjert enn resten av heile spelet til saman, og sjølv om det eigentleg ikkje seier så mykje om dei musikalske kvalitetane er det meint som eit kompliment.

Om du ikkje held kjeft snart blir det ikkje noko på deg i kveld.

Fleirspelarmodusen er på si side fullstendig uinteressant og består av dei same modusane alle andre spel har, ingen å spele med, og null underhaldning. Med andre ord går du ikkje glipp av noko og kan gå tilbake til Modern Warfare eller kva du no måtte kose deg med på kveldstid.

Konklusjon

Kva tanken bak Quantum Theory eigentleg var er eit stort spørsmål. Eg vil tippe dei japanske utviklarane hadde eit mål om å nå ut til eit vestleg publikum, men dette er ikkje vegen å gå. Vi har nok av spel som gjer det Gears of War gjer, og dei gjer det betre enn Quantum Theory. Det er ikkje nødvendig å plagiere eit populært spel for å slå an i vesten, det held å lage noko bra. Eg har eit sterkt håp om at vi enno har ei stund igjen før vi når det punktet der du faktisk ha enorme muskelbuntar i hovudrolla for å selje nokre kopiar.

Tecmo Koei sitt siste spel er fullstendig uinteressant på alle punkt. Det byr riktig nok på litt underhaldning her og der, men spelet blir konstant tynga ned av dårlege designval og skytemekanikkar som ikkje heilt held mål. Quantum Theory er med andre ord eit veldig godt døme på korleis du ikkje skal lage eit skytespel i tredjeperson.

Kjære Tecmo Koei, hald deg til det du kan, eller finn på noko nytt. Å kopiere vesten er ikkje heilt din stil.

Siste fra forsiden