Reis tilbake til Rapture neste månad

Er du klar til å snike i skuggane i rolla som Elizabeth?

Bioshock Infinite fekk ståande applaus frå oss då det blei lansert i fjor. Med heile ti av ti moglege på karakterskalaen skal det godt gjerast å få det betre. Spelet har allereie fått to utvidingar. Den første var Clash in the Clouds som byr på ei rekke nye utfordringar og våpen, men den største av dei var utan tvil Burial at Sea – Episode One. I denne utvidinga får vi reise tilbake til Rapture, den undersjøiske byen frå det første Bioshock-spelet.

I dag har Take-Two Interactive sendt ut ei pressemelding der dei fortel at Burial at Sea – Episode Two blir lansert neste månad. Nærare bestemt blir pakka tilgjengeleg for nedlasting på Xbox 360, PlayStation 3 og Windows frå og med 25. mars.

Ny hovudperson

Elizabeth pryler avskum i den andre episoden av Burial at Sea.

Så langt har Booker DeWitt vore hovudpersonen i Bioshock Infinite. Dette vil derimot endre seg i den komande utvidinga. Her vil vi i staden ta på oss rolla som Elizabeth, ein viktig figur frå Bioshock Infinite. I hennar sko må vi liste oss rundt i skuggane, men får likevel eit knippe nye våpen.

I pressemeldinga har Bioshock-sjefen Ken Levine følgjande å seie om kva vi får oppleve neste månad:

«I Burial at Sea – Episode Two går vi lengre inn i ei historie som involverer nesten kvar einaste av dei viktige personane frå Bioshock og Bioshock Infinite. Det er ei historie som vil gje spelarane eit nytt perspektiv på Bioshock-universet, samt avslutte Bioshock Infinite- og Burial at Sea-historiene.»

For nokre år tilbake var det store planar om å lage ein Bioshock-film. Pirates of the Carribean-regissør Gore Verbinsky skulle regissere, men trekte seg frå prosjektet. I januar fekk vi sjå konseptbilete som viste korleis filmen kunne ha sett ut.

Siste fra forsiden