Anmeldelse

Resident Evil 4

Kva forbindar du med ordet frykt? Ein kirkegård så stille at du kan høyre dine eigne tankar alt for høgt? Er det monsteret under senga som har torturert søvnen din sidan du var liten? Eller er det kanskje ein fobi mot små krypande dyr som får håra til å røyse seg på nakken din? Resident Evil 4 handlar ikkje om frykt. Det handlar om panikk. Panikken du føler når du ser ein heil landsby kome springande mot deg, armert med økser, motorsager og dynamittkubbar. Dèt er panikk, og du kan sjå det kvite i panikkens auge, i det den kjem for å ta deg med målbevisste steg.

Eg kan tenke meg at kjensla eg får av å spele Resident Evil 4, bortimot vil vere den same som om eg står med beina i ei bøtte full av sement, medan ein rabiat okse dundrar mot meg i full fart. Du står som limt til bakken og veivar rundt deg med hagla for å halde sinnssjuke folk på avstand. Det verste av alt, det fungerar. Det fungerar som berre pokker. I ein kvar kampsituasjon blir du ståande i ro. Du held inne R-knappen medan du ser rundt deg med den venstre kontrollstikka og trykker på A som i transe. Det er den gode, deilige og varme følelsen av at noko verkeleg grip tak i deg, ristar deg rundt som ei filledokke, før det til slutt sleng deg frå seg som inntørka mat frå i går.

Namnet er Kennedy, Leon Kennedy
Du er Leon Kennedy, og målet ditt er å finne Ashley, presidentens dotter. Ho er bortført, og du blir sendt til ein avsidesliggande landsy i Europa. Av språket å døme, er det sannsynleg at du er i Spania. Det som i utgangspunktet kun var ein redningsaksjon, utviklar seg til å bli noko mykje meir, i eit Resident Evil-spel som skiljer seg temmeleg brutalt frå sine tidlegare slektningar. For det første er det ikkje dei levande døde du skal hamle opp med, det er menneske. Seriøst forstyrra menneske, men likevel. Det utviklar seg kanskje ikkje til å bli tidenes beste historie, men forteljarteknikken er på topp, og det er til tider ufatteleg vanskeleg å legge frå seg.

Ei anna drastisk forandring er kameravinklane. Du ser ikkje lenger alt frå bisarre vinklar som til tider kan gjere det vanskeleg å sjå kva som skjer. Du ser alt over skuldra til Leon, i eit perspektiv som fungerar stort sett utmerka. Sjølv om Leon tar opp ein del av skjermen, har Capcom på mesterleg vis prestert å la deg få sjå det du vil. Samtidig føler du deg nærmare Leon sidan du ikkje ser han på lang avstand, noko som kan gjere eit møte med ei vandrande bombe enda meir intenst. Kameraet i Resident Evil 4 fungerar ypperleg, og byr nesten aldri på eit einaste nemneverdig problem, og du kan bruke C-stikka for å sjå til sidene med. Noko som kan bli nyttig i mange situasjonar.

Eit grunnkurs i å overleve
Det er absolutt heftigare action i Resident Evil 4 enn kva tidlegare spel i serien har bydd på, men dette gjer ikkje spelet til eit utagerande actionspel. Det blir meir som ein test på kor lenge du kan overleve. Ja, det er til tider ganske skummelt, og det følest ubeskriveleg som Resident Evil. Samtidig går alt i eit høgre tempo, det er meir intenst, og du er meir ein del av kva som skjer på skjermen. Fiendane kan kome på deg i store grupper av gongen, og du finn deg ofte i situasjonar der du nesten føler deg som ein superhelt sidan du er så fabelaktig treffsikker med hagla. I tillegg kan du til dømes skyte ein fiende i foten slik at han dett ned på kne, deretter kan du springe mot han for å sparke av han hovudet. Smakfullt og elegant, samtidig som det kna hjelpe deg med å spare ammunisjon.

Du får alltid vite om du kan gjere noko spesielt i ein situasjon ved at knappane som utfører noko, blinkar på skjermen. Om du skal sparke ned nokon, vil du få sjå ein stor blinkande A. I andre situasjonar kan oppfattningsevna di vere det som skiljer mellom liv og død. Ein og anna stad må du springe frå ein enorm stein som rullar mot deg, og dette gjer du ved å hamre på A. I mange bosskampar vil du også vere nødt til å hoppe unna eit angrep. Om du ikkje trykker inn knappane vist på skjermen i løpet av kort tid er du død, enkelt og greit. Det interessante er at mange av desse siste eksempla skjer i spelets filmsekvensar. Du bør altså aldri slappe av med kontrolleren om det dukkar opp ein sekvens, sidan det bokstaveleg talt kan vere livsfarleg.

Er det ein ting du kjem til å slite med ein eller anna gong i løpet av spelet, så er det ammunisjon. Det kan ofte vere vanskeleg å finne ammunisjon, og spesielt når du treng den som mest. Er det ikkje typisk? Resident Evil 4 er eit godt eksempel på at ein må tenke seg om før ein brukar opp all ammunisjonen sin. Du veit aldri om du finn noko rundt neste hjørne, sjølv om sjansen er stor for at det ikkje er noko der. Stort sett fungerar dette på ein bra måte, og er med på å formidle stemninga i spelet, men det blir av og til ganske tåpeleg. Når det dukkar opp ein gubbe som kan både selge og oppgradere våpen, skulle ein nesten tru han har ammunisjon. Dette er sjølvsagt ikkje tilfelle. Vil du ha ammunisjon av han, må du kjøpe eit våpen. Logisk nok er det kuler i desse.

Resident Evil 4 GC GC PS2 Windows Wii X360 PS3 PS4 XOne

Spilldetaljer

  • Lanseringsdato: 18. mars 2005
  • Plattform: Nintendo GameCube
  • Utgiver: Capcom
  • Utvikler: Capcom

Kommentarer (46)

Forsiden akkurat nå

Til toppen