Anmeldelse

Resistance 2

Stort og livsfarleg

Nathan Hale kastar seg atter ein gong ut i kampen mot hatefulle beist frå det ytre rom.

1: First page
2: New page

Å elske og å hate

Fleire harde utfordringar oppstår gjennom spelets kreative våpenutval, og det er spesielt to våpen som både er til glede og frustrasjon. Det eine er Bullshot, som let deg skyte ein markør på fienden, slik at du kan skyte på den rundt hjørne og forbi hindringar. Den fungerer som eit varmesøkjande automatvåpen, og kan vere til stor hjelp om fienden gøymer seg. Noko som sjølvsagt betyr at våpenet i tillegg er til stor hjelp for fienden om det er du som gøymer deg.

Eit anna våpen som kan by på liknande utfordringar, er Augeren. Dette våpenet skyt gjennom veggar, og blir kjapt spelets mest effektive våpen. Igjen, er det fienden som har dette våpenet, har du ingen stad å gøyme deg, og kulene kjem bokstavleg talt mot deg frå alle kantar.

Dette er ikkje nødvendigvis noko negativt. I mange situasjonar byr det berre på overveldande motstand, noko som framhevar at Nathan Hale tar del i ein enorm krig for å redde verda frå mannevonde beist. Det skal ikkje verre lett. Det er difor lett å akseptere ein del dødsfall, men når ein i visse situasjonar endar opp med å døy fleire gangar i kvart einaste nye område du går inn i, blir ein likevel ganske lei. Den umenneskelege vanskegrada blir heile tida auka, og så snart du trur du kan ta deg ein pust i bakken, kjem to gigantiske kjemper med rakettar stormande mot deg. Alt du har er eit fillete automatvåpen med tomt magasin.

Aleine mot alle

Uavhengig av kor mykje spelet skulle frustrere deg og provosere deg, er det ein ting utviklarane verkeleg oppnår: Du er verkeleg liten i dette spelet. Du er berre ein mann, og sjølv om du – saman med ei lita gruppe andre soldatar styrt av kunstig intelligens – skal redde verda, framstår dette målet som ganske håplaust. Veggen av motstand du møter sender alt håp ut vindauget, og du kjempar mot stormen berre ved hjelp av trass. Dette byggjer opp eit herleg engasjement, sidan du trass heftige våpen aldri får kjensla av å vere ein supermann. Det skal lite til for å døy, og dette veit du.

Du vil ikkje spele lenge før du finn noko som provoserer deg, men totalpakka som presenterast i Resistance 2 er langt betre enn det som trekker ned. Skår i gleda er akkurat det, skår i gleda, og det er mykje glede. Mange av utfordringane du møter er beinharde, og stiller krav til deg som spelar for å finne den beste framgangsmåten.

Ja, du blir møkk lei av å gå gjennom dei same konfrontasjonane fleire gangar, men du blir alltid begeistra når du endeleg har kome deg gjennom dei. Du blir alltid glad når du finn eit nytt våpen som er betre enn det førre. Er det ein ting Insomniac har fått til, er det at vi nesten alltid får rett våpen til rett tid, og det heile er eigentleg ein ganske avansert kabal du må tenkje litt for å løyse.

Du har kanskje ikkje nok kuler til å drepe alle fiendane, men kvart våpen har to skytemodusar, og du har granatar. Ved å strategisk bruke desse forskjellige måtane å angripe på, kan du fullstendig snu eit problem på hovudet. Dette er riktig nok ikkje alltid like lett å få til med dei midlane du har, men når det fungerer, fungerer det svært bra.

Massiv nettspeling

Ein anna ting som fungerer svært bra, er nettspelinga. Du kan spele saman med opp til sju vener, eller delta i massive slag på nettet, der heile seksti spelarar kan delta. Dette er likevel litt lureri. I dei største slaga er det sjeldan ein eigentleg får sjå kor mange som eigentleg er med. Spelarane blir delt inn i grupper, og får såleis spesifikke mål dei skal gjennomføre. Det er ein svært artig måte å gjere det på, og det gir ei mykje større kjensle av at dette er mykje meir enn eit enkelt slag på nettet.

Fleirspelarmodusen går elles mykje ut på det same vi har sett før, og tilby forskjellige modusar med lag mot lag og alle mot alle. Det er høgst underhaldande, og dei kreative våpna i spelet gjer kampane på nett ganske kreative òg. Likte du kampane i Resistance: Fall of Man, kjem du til å like Resistance 2.

Massivt er eigentleg ordet som får verda til å gå rundt når det gjeld Resistance 2, og samarbeidsmodusen gjer definitivt sitt beste for å løfte lista. Heile åtte spelarar kan ta del i den, og den einaste nedturen er at du ikkje får spele gjennom kampanjen til Nathan Hale. Eg kan sjå for meg mange utfordringar der som kunne blitt vanvittig kule med fleire spelarar.

I staden får du ta del i parallelle oppdrag, som byggjer litt opp om den fiktive krisa på 50-talet. Du kan velje mellom ein av tre klassar, og forskjellige mål må nåast. Det er ein kreativ måte å gjere ting på, og vil nok bli ein populær del av spelet.

Norsk tale

Heilt til slutt bør det kanskje informerast om at du lett kan bli uheldig nok til å starte opp spelet med norsk tale. Før du går i gang, still inn systemspråket på maskina til engelsk, sidan det er dette som avgjer kva språk du endar opp med i spelet. Eg er ikkje i stand til å fatte kva poenget er med å oversetje eit valdeleg krigsspel med 18-års aldersmerking. Det fungerer ikkje på nokon måte. Det er stivt, flatt og falskt. Der den engelske versjonen verkeleg osar av at dette er erfarne soldatar i krig, er den norske versjonen ei total katastrofe.

Det høyrest ut som ein gjeng med tenåringar som spring rundt i skogen med paintball-gevær for å leike krig. At alle snakkar den glattaste og mest preglause østlandsdialekta du kan tenkje deg, gjer ikkje ting betre. Sony, gjer oss alle ei teneste, hald dubbinga til barnespela, dette er fullstendig unødvendig, og dei fleste i Noreg forstår engelsk godt nok til å spele eit spel frå dei går ut av barneskulen. Skal ein først dubbe eit spel for vaksne, bør ein i det minste gjere det bra. Elles fryktar eg for framtida.

Konklusjon

Resistance 2 lev opp til namnet. Det handlar om motstand, motstand mot ei heilt vanvittig hær av stygge beist som vil drepe alt og alle. Naturleg nok er dette lettare sagt enn gjort, og du vil møte beinharde utfordringar gjennom spelet. Det kan bli frustrerande vanskeleg til tider, og då først og fremst gjennom fiendar som er meir ei torne i sida på eit godt spel, enn gode utfordringar.

Historia er samtidig veldig engasjerande, og du vil gjerne vite kva som skjer vidare. Sleng på ein robust og enorm nettmodus med opp mot seksti spelarar, og du har noko ganske spesielt. Resistance 2 kunne ha nytta godt av litt høvling under designprosessen, men underhaldande er det absolutt.

Resistance 2 er kun i salg for Playstation 3.

1: First page
2: New page

Siste fra forsiden