Skyspeling blir dyrare

Geforce Now går 30 prosent opp i pris frå 1. november.

Nvidia

Nvidia varslar at prisane på tenesta deira for skyspeling, Geforce Now, skal auke. Det blir tredje gongen dei justerer prisen sidan 2021.

1. november skrur Nvidia opp prisnivået på dei ulike abonnementa med heile 30 prosent.

Eit månadsabonnement på innstegsnivået kostar i dag 99 kroner, men skal auke til 129 kroner om to veker. Dette nivået lar deg strøyme spel i 1920x1080 med ein biletefrekvens på 60.

Ultimate-nivået, som opnar for speling i 4K med biletefrekvens på 120, aukar frå 199 til 259 kroner.

TheVerge omtalte saka først. Dei la fram denne tabellen i saka:

TenesteDagens prisNy pris
Priority, éin månad99129
Priority, seks månadar499649
Ultimate, éin månad199259
Ultimate, seks månadar9901294

Siste fra forsiden