Feature

Grafikkanalyse – Sniper Elite 5

Slik køyrer det nye storspelet på PC

Rebellion sitt flaggskip verkar ein smule utdatert, men leverer god yting.

Rebellion

Det er fem år sidan førre innslag i Sniper Elite-serien. Utviklar Rebellion har kome med nokre mindre spel i same univers etter 2017, men no kan endeleg skyteglade spelarar glede seg over å kunne plaffe ned nazistar med skarpskyttarrifle igjen.

Denne gongen tar handlinga plass i Frankrike. Det er ikkje akkurat mengder med spanande spel som kjem før hausten igjen, så me tar det me får.

Sniper Elite 5 er utvikla i Asura-motoren, som har vore grunnlaget for alle Sniper Elite-spela sidan det første i 2005. Det har skjedd eit par ting under panseret som løftar opplevinga i det ferske Sniper Elite-eventyret.

Gamer.no kjem tilbake med ein omtale av spelet, men har tatt ein kjapp titt på korleis femte innslag i serien yter og ser ut på PC.

Tam grafikk

Sniper Elite 5 er ikkje det beste spelet du kjem til å spele i år, visuelt sett. Det ser heilt greitt ut. Teksturkvaliteten varierer veldig på langt hald, og kantutjamninga er ikkje så mykje å rope hurra for.

Det ser betre ut enn forgjengaren, men det skulle berre mangle.

Spelets menyar gir deg ein viss kontroll over grafikken, med moglegheit til å stille på kantutjamning (det er ikkje spesifisert kva type), skuggekvalitet, kvaliteten på refleksjonar, teiknedistanse, kvaliteten på vatn og «ambient occlusion».

Det er ikkje all verda.

Spelet skil mellom fire innstillingsnivå, og «High» verkar å vere optimalt for ei blanding mellom grei yting og utsjånad. Det er veldig liten visuell forskjell mellom «High» og «Ultra».

Innstilling (1920x1080)Gigabyte RTX 3090 Gaming OC
Gjennomsnitt FPS1%-low
Ultra155108
High195141
Medium219174
Low220179

Biletefrekvensen aukar kraftig viss ein skrur ned til «High», så det kan vere lurt.

LITEN FORSKJELL: Det er vanskeleg å sjå noko forskjell anna enn litt dårlegare skuggar og svakare teiknedistanse mellom Ultra (venstre) og High (høgre). Biletefrekvensen er derimot 26 prosent høgare på High.

Spelet har ei form for strålesporing, «obscurance fields», som teiknar skuggane til figurane i spelet med strålesporing. Innstillinga er skrudd på når ein speler på «Ultra» eller «High».

Les også
Test: JBL Quantum One
MJUKE SKUGGAR: Obscurance fields på til venstre, av til høgre.

På Nvidia-skjermkort verkar det ikkje å ha noko effekt på biletefrekvensen, men du ser ein viss forskjell.

Godt optimalisert

Testbenk

Vis mer
  • Prosessor: Intel Core i9-12900k
  • Kjølar: Asus ROG Ryujin II 360
  • Hovudkort: Asus ROG Maximus Z690 Hero
  • Minnebrikker: Kingston Fury Beast 32 GB DDR5-5200 CL40
  • Lagring: Kingston Fury Renegade 2 TB M. 2 SSD x2
  • Straumforsyning: Asus ROG Thor 1200 watt
  • Kabinett: Cooler Master Mastercase H500P Mesh ARGB

RTX 3090-riggen vår klarar å halde biletefrekvensen over 60 i 4K med alt på «Ultra» med grei margin. Sniper Elite 5 har òg støtte for oppskaleringsteknikken AMD FidelityFX Super Resolution (FSR), som kan auke biletefrekvensen betydeleg.

Til gjengjeld er dette berre første generasjon av FSR. Det betyr at du kan vente deg elendig kantutjamning, med kraftig flimring på kantar og skuggar sjølv i 4K med FSR sett til «Quality». Biletekvaliteten er òg merkbart verre.

Førebels er det ikkje noko vits i å bruke FSR, altså.

Me plukka to skjermkort frå hylla for å gå ein benchmarkrunde i spelets startområde. Trass i noko slapp grafikk sett med 2022-augne, er det liten tvil om at utviklarane har levert på optimaliseringa.

Sjølv RTX 3050, Nvidia sitt svakaste skjermkort med eigne RT-kjernar i 3000-serien, klarar nesten 60 bilete i sekundet i 1080p.

Gigabyte RTX 3090 Gaming OC Gigabyte RTX 3050 Gaming OC
Gjennomsnitt FPS1 % lowGjennomsnitt FPS1 % low
1080p Ultra155 1085539
1440p Ultra121 874131
4K Ultra75 572216
4K Ultra FSR100 743023

Spelet har optimalisert greitt for fleirkjerna prosessorar, og det er først og fremst skjermkortet som får sveitte. Bileteflyten og biletetida er solid gjennom dei fleste oppdraga me har spelt, utan hakking av noko slag.

Småfeil og dumme fiendar

Det fremste irritasjonsmomentet i Sniper Elite 5 er småfeila. Figuren min har ein tendens til å sette seg fast i terrenget – ofte utan grunn – som ein fort blir lei av. Det skjer ikkje altfor ofte, og det varer kanskje berre eit sekund, men det bryt opp opplevinga.

NATT OG DAG?: Det er først på Low (høgre) at ein verkeleg merkar skilnaden mot Ultra (venstre). Biletet er tatt i 4K, og då ser det framleis ganske likt ut.

Eg har òg opplevd å bli sittande fast under kartet eit par gongar, så me får krysse fingrane for at utviklaren rettar opp i dette etter kvart.

Nazistane har nett det same problemet. Eg har mange gongar sett at dei spring på staden, både midt i det opne og opp mot hindringar som dei prøver å forsere. Det hjelper ikkje når den kunstige intelligensen deira allereie er svak.

Konklusjon

Sniper Elite 5 er på ingen måte nokon grafikkrevolusjon i forhold til forgjengaren, men løftar det visuelle nokre hakk sidan sist.

Spelet køyrer bra på PC, utan hakking, og ein kan få høg biletefrekvens på budsjettskjermkort med nokre få justeringar i innstillingsmenyen.

Utviklaren skulle gjerne ha fått på plass støtte for siste versjon av oppskaleringsteknikken FSR, men elles er det ikkje anna enn nokre småfeil her og der me kan peike på.

Med andre ord; ein heilt grei PC-versjon.

Siste fra forsiden