Sniktitt

Call of Duty: Black Ops 4 – Blackout

Blackout har potensial til å slå Fortnite og PUBG langt ned i støvlane

Me er blitt hekta på Call of Dutys Battle Royale-modus.

PlayerUnknown’s Battlegrounds, Fortnite og H1Z1: King of the Kill har vist spelindustrien at Battle Royale er ei oppskrift på kommersiell suksess. Både PUBG og Fortnite har knust rekordar i spelartal på den eine og den andre plassen, og det er ikkje utan grunn. Sjangeren er rett og slett skikkeleg morosam. Me, spelarane, elskar å bruke tid på Battle Royale. Det å samle seg framfor skjermen med tre vener og hive seg ut frå flyet, kjempe mot klokka for å halde seg inne i sirkelen og plaffe ned det ein ser av fiendar, det er ei rein fryd.

No som både mastodontseriane Call of Duty og Battlefield hiv seg på bølgja, sit me forbrukarane her og gnir oss i hendene. Gjengen i Treyarch har gått så langt som å kutte einspelardelen til det komande Black Ops 4-spelet. Det gjer meg absolutt ingenting. Sist gong eg faktisk kjende meg involvert i forteljinga til eit Call of Duty-spel var i Modern Warfare 2, som kom ut for snart ti år sidan. Ingenting etterpå har klart å kome seg forbi kvalitetsnivået til ein B-actionfilm. Dei har vore greie tidsfordriv, men ikkje så mykje meir.

Prøver ikkje å finne opp krutet på nytt

Har du spelt Battle Royale før, så er ikkje Call of Duty: Black Ops 4s Blackout (namn på både kartet og modusen) noko særleg ulikt det du er vand med. Du har framleis ein lobby der alle spring rundt og ventar på at runden skal starte. Du har framleis luftfartøy du må hoppe ut av, og du har framleis ein vegg av død som sig innover mot midten i løpet av runden.

Eit kjend syn i Battle Royale-sjangeren.
Mikkjell Lønning/Gamer.no

Overgangen er ikkje stor, altså. Tenk deg PUBG berre med skyte- og rørslemekanismane til Call of Duty. Og at spelet faktisk fungerer. Biletefrekvensen flyt silkemjukt og det visuelle er langt meir venleg mot auget enn i PUBG. Det er eigentleg akkurat det eg har ønskja meg av Battle Royale. Rundt femti gongar har eg sagt til venene mine – etter å ha døydd til forseinking eller noko anna tøv i PUBG – «tenk om me kunne fått eit Battle Royale-spel i Call of Duty-motoren»? Det er nettopp det Blackout er.

I det du og venene dine stuper ut frå helikopteret dykkar, vil de segle ned mot områder dekkja av elver, ørken, skogar og fjell. Det heile er krydra med ulike byar som du med ein gong vil kjenne igjen viss du har spelt dei andre Black Ops-spela. På ein øy ut mot havet finn du Nuketown. Raid og Estate ligg mot nord, mens nokre zombiekart er spreidd utover i sør og Array er plassert på midten på kartet. Det gir ei viss sjel og identitet til Blackout, som eg syns er eit fiffig grep.

Call of Duty har endeleg auka innsatsen

Men lèt oss ta eit lite steg tilbake her og tusle ein kort tur inn i historia til Call of Duty-spela. Mange av oss har levande minner frå skytespel som Call of Duty. Første gongen eg blei invitert til å spele «Search and Destroy» med venene til ein kompis av meg, er kanskje det eg hugsar best frå mi tid med serien. Som komplett Call of Duty 2-noob hadde eg lite å stille med. På det punktet hadde eg ikkje spelt anna enn Deathmatch.

Då eg fekk denne meldinga frå kompisen var det difor mange tankar som raste gjennom hovudet mitt. Kva om eg ikkje gjorde det bra? Kva om desse folka ville bli irriterte på meg? Kva om kompisen min blei flau?

Og sjølvsagt skjedde det i første runde at alle dei andre døydde. Eg sat igjen på den eine bombeplassen med campingteltet oppslått, nesten klar til å legge pølsene på grillen. Kar98K-rifla var halvvegs lagt vekk mens eg huka figuren min inn i hjørnet på ein vegg. Alle sine auge var med eitt vendte mot meg.

Det har aldri vore så tilfredsstillande å ta knekken på fiendar i Call of Duty før. Innsatsen er større, risikoen auka.
Mikkjell Lønning/Gamer.no

Ein intens kjensle av stress, nervøsitet og press tok over. Eg måtte konstant ta handa frå datamusa og tørke av den rennande sveitten på skorta mi.

Ikkje at eg fekk til så mykje, heller. Eg var vel heldig og drap ein fyr, før dei fekk planta bomba og tok knekken på meg.

Les også
Anmeldelse: Call of Duty: Black Ops 4

Det er denne nervøsiteten, dette presset som eg verkeleg har sakna i Call of Duty. Etter tusenvis av rundar med Search and Destroy etter den første gongen, er det tiår sidan eg har kjent på ei slik kjensle. Battle Royale-sjangeren er det som har gitt den tilbake. Det er adrenalinkicket du får når du går i gang med ein kamp som kan dra deg heilt ut i spelmenyen, i staden for ein enkeltrunde i best av tolv. Innsatsen er milevis høgare. Det er faktisk konsekvensar for å døy, som gjer alt så mykje meir givande når ein får til gode plasseringar.

Balansen mellom dødtid og action

Eg meiner det er denne kjensla av press og action som gjer Battle Royale-sjangeren til så god underhaldning. Noko står heile tida på spel. Det er heilt annleis enn å springe rundt i Deathmatch, der du tenkjer mest på å halde fram «killstreaken» din.

Å finne ein balanse mellom dødtid og action er difor essensielt i Battle Royale, slik at ein kan maksimere denne kjensla. Det som gjer at eg trekkjer meg i håret av PUBG eller Fortnite er stort sett treige rundar. Dei gongane ein må springe i ei æve for å finne andre fiendar før ein blir skoten i ryggen er ofte grunnen til at ein slår av spelet for kvelden. PUBG gjorde ting betre med Sanhok og kjappare sirklar, mens Fortnite og spel som Islands of Nyne har ein fordel på grunn av mindre kart og kortare rundar. Likevel har framleis alle desse spela problem med tempoet.

Kartet i Blackout er svært. Ikkje like stort som Miramar og Erangel i PUBG, men ikkje langt unna. Ein naturleg konsekvens av dette er at ting kan ta litt tid. I den vanlege Blackout-modusen er dei første sirklane treige, og du vil ofte oppleve å måtte bruke lang tid på transport. Du får i mange rundar høyre meir av suset til vinden og havet enn lyden av geværild og granatar.

I motsetning til PUBGs elendige køyretøy, har Blackout bilar som er nyttige i både kamp og til transport.
Mikkjell Lønning/Gamer.no

Heldigvis kom Treyarch ut med ein ekstra spelmodus som gjorde nokre endringar på Blackout då dei lanserte den opne betaen på PC. Close Quarters Frenzy kutta drastisk ned på rundetidene ved hjelp av ein aggressiv sirkel, og pressar alle spelarane saman på kort tid. Det betyr nesten konstant action og moro. Den modusen er nett det eg såg for meg at Call of Duty kombinert med Battle Royale ville vere. Call of Duty er kjend for fart og adrenalin. Det får du her. I bøttevis. For ikkje så lenge sidan skreiv eg ein lengre feature om korleis Bluehole hadde gitt nytt liv til PUBG ved hjelp av eit mindre kart. Dette er som det kartet på steroidar. Eg er veldig glad for at betaen tok slutt, for eg har blitt litt sånn halvvegs avhengig, kjenner eg. Klarar Treyarch å gjere meir ut av dette, har eg ein mistanke om at Black Ops 4 kan slå både PUBG og Fortnite langt ned i støvlane. I alle fall ta over ein solid del av spelarbasen.

Eg har ikkje hatt så mykje moro med Call of Duty sidan Modern Warfare 2, eit spel eg klokka inn nesten 1300 timar på.

Polert – men treng litt ekstra pussing

Viss dei byggjer vidare på å få Blackout nærmare Close Quarter-modusens rundetider på 12 minutt er det ingen tvil om kva hausten min kjem til å gå med til. Samstundes er det ein del større problem som må lukast vekk.

Det er langt enklare å finne seg bra utstyr her enn i PUBG, men til gjengjeld er lagersystemet heilt elendig. Viss du skal plukke opp tinga til nokon du har tatt livet av må du opne opp ein eigen meny. Dette gjer at du ikkje får sjå deg rundt og må bruke fleire sekund utan å kunne forsvare deg mot fiendar. Det kan fort bety døden. Eg trur systemet er designa for bruk med kontroller slik det er no, så dette kjem heilt sikkert til å bli endra fram mot slepp.

Det er òg ein del andre «livskvalitetsendringar» som må til. Til dømes har eg fleire gongar irritert meg over at ein brukar F-knappen for å plukke opp ting i staden for å dra dei inn i lageret, som gjer at ein fort tar med seg feil utstyr. Det skjer konstant at eg plukkar opp andre våpen i staden for ammunisjon.

Lufttransport er eit velkome tilskot til Battle Royale.
Mikkjell Lønning/Gamer.no

Aller viktigast er forbetring av serversystemet. Eg forstår at det er naturleg med trøbbel i ein betatest, men eg hadde fleire rundar der forseinkinga låg over 300 millisekund. Då blir det fullstendig tilfeldig kvar kulene går, og fiendane dine teleporterer rundt deg. Alle dei andre Battle Royale-spela har hatt trøbbel med dette i byrjinga, så me får krysse fingrane for at Treyarch får orden på sakene sine før slepp. Dei må verkeleg få tak i nokre serverar for oss her i nord òg, for eg kom aldri under 70 i ping.

Sjølv om Activision skryt fælt av overgangen til Battle.net, er det framleis ein feil som følgjer med. NAT-type. Heilt sidan Call of Duty introduserte «peer-to-peer»-oppkopling i spela sine, har spelet hatt det same problemet med vertsbyte. No er det verkeleg på tide at dei fiksar dette. Det er ekstremt irriterande å ikkje få bli med i lobbyen til venene mine, noko som har vore ein gjengangar i kvart einaste Call of Duty-spel med lobbysystem. Fiks det, ver så snill. De er ti år på etterskot her.

Ekstrautstyr gjer deg til supersoldat

Balansering av alt for kraftige våpen og utstyr er også noko som må fokuserast på. Spelet lar deg plukke opp nokre koffertar som inneheld ferdigheiter (som «perks» i vanleg Call of Duty), og nokre av desse er latterleg effektive. Til dømes lar «Awareness» deg høyre fiendens fotsteg betre, som er så kraftig at du kan finne fiendar femti meter unna viss du bruker hovudtelefonar.

Rørslesystemet frå nyaste Black Ops lar deg skli rundt på knea, og gjer det vanskelegare for fiendane å treffe deg.
Mikkjell Lønning/Gamer.no

Det same gjeld ekstrautstyret du får bruke. Å hoppe rundt på kartet med «grappling hook» er kjekt, men nokre av tinga du kan ta bruk av har ingenting å gjere i Battle Royale – i alle fall ikkje slik dei fungerer no. Sensor Dart-dingsen er kanskje den verste. Den lar deg sette opp ein mini-UAV inne i eit avgrensa område, utan at fiendane dine veit at du får sjå dei. Skyt ein sånn på taket av ein stor bygning i byrjinga av runden får du ein enorm fordel. Det syns eg er ganske urettferdig. La i det minste fiendane få vite at dei blir sett. Rustningsystemet må òg ha ei overhaling. Som i PUBG får du tre nivå av skotsikre vestar, der nivå ein gir lett vern mot kuler, mens nivå tre omtrent kan stoppe ein bazooka. Møter du nokon med skotsikkervest i nivå tre bør du helst springe unna. Det er ikkje ein kamp du vinn med mindre fienden har dårlegare treffsikkerheit enn den blinde grandtanta di.

Blackout har òg ting som rett og slett ikkje bør vere i eit konkurransespel. Warmachine, ultimatvåpenet til den eine figuren i fleirspelaren, er noko av det du kan finne på kartet. Å ha ein «noobtube» som drep deg med eit skot på lang distanse i eit Battle Royale-spel med så stor innsats verkar heilt idiotisk, spør du meg.

Her bør Treyarch hente nokre tips frå Rainbow Six Siege. Det er fint mogleg å gjere slikt ekstrautstyr del av opplevinga, men kraftnivået på nokre av desse tinga må skrus ned mange hakk. Ein må ha måtar å reagere på det. Det er ein grunn til at spel som Counter-Strike berre har flashbang, og ikkje «stun grenade». Visst ein først blir treffen av ein stun i Black Ops 4, er det omtrent garantert at du døyr viss motstandaren din er i nærleiken. Slik skal det ikkje vere.

Konklusjon

Eg gjekk ut med ein ganske bastant kommentar i fjor om at eg ikkje skulle spele meir Call of Duty. WWII blei siste dropen for meg, fordi serien berre repliserer seg sjølv år etter år, utan endringar. Det einaste som skifter er historisk periode.

Call of Duty har endeleg gjort ei meiningsfull endring. Introduksjonen av ein av dei beste Battle Royale-modusane du kan spele, er noko som eg trur kjem til å bli comebacket me har venta på i mange år. Det kjem neppe til å stele dei unge spelarane til Fortnite, men viss Treyarch klarar å spisse opplevinga mot fart, slik som i Close Quarters-modusen, er eg ganske sikker på at dette kjem til å bli ein stor hit. Sjølv på PC.

Det skal vel ikkje så veldig mykje til å gjere det bra i Battle Royale-sjangeren. PUBG er eit morosamt spel, utan tvil, men det er òg langt frå ferdig. Ved å presentere noko som verkar nokolunde polert har dei vel eigentleg gjort nok for å pirre interessa til Battle Royale-fans.

Det å kopiere dei tilfredsstillande skytemekanismane og det jamne rørslesystemet frå Call of Duty og lime det inn på eit Battle Royale-kart er eigentleg heilt genialt. Enkelt, og steikande moro. Det einaste som irriterer meg akkurat no er at me ikkje har hatt dette spelet tidlegare. Då hadde eg spart meg veldig mykje frustrasjon over alle dei tekniske problema til PUBG. For ikkje å snakke om all dødtida.

Call of Duty tar for første gong på mange, mange år eit steg mot noko nytt (vel, for dei i alle fall). Og takk for det. Endeleg er mastodonten tilbake for fullt – noko som kjem til å svi for både PUBG og Fortnite.

Les også: Den vanlege Black Ops 4-fleirspelaren hentar inspirasjon frå Overwatch »

Siste fra forsiden