Sniktitt

Evolve

Ei av dei mest positive overraskingane i nyare tid

Vi tok på oss rolla som Kraken, og knuste all motstand.

LOS ANGELES (Gamer.no): Evolve, det nye prosjektet til den smarte gjengen bak Left 4 Dead, lovar å bli noko for seg sjølv. I spelet må fire krigarar som alle tek på seg ulike roller ta opp kampen mot eit livsfarleg beist, og vi har allereie tatt ein kikk på korleis dette fungerer frå jegarane sin synsvinkel.

Under E3-messa i Los Angeles var det derimot tid for eit lite rollebyte. Som den sterkt Chtulu-inspirerte villbassen Kraken blei det min jobb å lage kjøttpudding av jaktlaget.

Frå mus til mann

Når du har ete nok mat får du ein større kropp og nye eigenskapar.

Progresjonen for den som tek på seg rolla som beistet er såre enkel. Du startar som ein litt spinkel krabat, men ved å ete diverse dyr du finn rundt omkring på det store kartet vil du gradvis vakse deg større og sterkare. I det startskotet går er det ein kamp om tida. Jegarane må finne beistet, og beistet må finne mat, samt halde seg unna jegarane lenge nok til å vakse seg stor og sterk.

I rolla som snabeldyret Kraken hadde eg fleire triks å stille opp med. Før kampen starta fekk eg velje mellom fire ulike eigenskapar, og hadde tre poeng til disposisjon. Eg kunne velje mellom eit saftig lynnedslag, ei sjokkbølgje, nokre eksplosive miner, samt ein elektrisk bolt som skada alt rundt meg.

Eg valde det siste, putta alle poenga mine der, og la ut på jakt. Ved å bruke ein sonar kunne eg finne ut kvar levande skapningar var, og eg kverka mine første, uskudige dyr. På dette tidspunktet var jaktlaget opptekne med å prøve å finne meg, og det var viktig å handle raskt. Kvart måltid sender beistet eit steg nærare ei oppgradering som får det til å vakse seg større, og for å kunne hamle opp med jegarane er det viktig å nå den største forma så raskt som mogleg.

Dette er derimot lettare sagt enn gjort. Jegarane har ei rekke triks for å finne deg, og om dei finn deg i den tidlege fasen av spelet er det beste å ta beina fatt. Heldigvis for meg kan Kraken fly, samt klatre raskt opp ulike fjellsider. Det heile minna mest om ein leik mellom katt og mus der eg jaga etter små dyr å ete, sprang frå jegarane, og sakte, men sikkert bygde meg opp.

Ei eksplosiv mine kjem alltid godt med.

Stor, større, best

Mat er viktig. I tillegg til å gjere beistet sterkare vil den byggje opp igjen skjold som kanskje skulle ha blitt borte i møte med jegarane. Dette blir tidleg viktig, spesielt sidan du kan bli sårbar når du prøvar å mate ein svolten munn. Etter kvart som du et nok til å byggje deg sterkare, blir derimot denne biten mindre viktig, sidan du toler langt meir enn i dine tidlege stadium.

Når du har ete nok til å vakse deg større er det på tide å finne ein trygg plass. Å gå opp i nivå, om vi kan kalle det det, tek litt tid, og transformasjonen til eit større udyr gjer deg sårbår. Når jobben er gjort får du ein større kropp, og tre nye poeng som løn. Eg valde etter kvart å byggje opp minene og sjokkbølgja, før eg omsider enda opp som eit massivt beist som fekk jegarane til å sjå ut som små legosoldatar på skjermen.

Det er først når du har vakse deg opp til din fulle storleik at moroa for alvor byrjar. Leiken mellom katt og mus er over, og der du tidlegare var sårbar, er det no jegarane som er i trøbbel. Dynamikken mellom dei fire jegarane blir veldig viktig å halde eit auge med. Dei har til dømes ein lege som kan hjelpe folk i trøbbel, og å ta knekken på han er essensielt for å lukkast. Eg fann tidleg ut at litt småkjipe taktikkar som å stille seg over ein jegar eg har slått i bakken er ein solid taktikk, men den er ikkje feilfri.

Står du i ro på denne måten kan dette gi dei kraftigaste jegarane ein god sjanse til å fyre laus med alt dei har utanfor fare, og det blir likevel naudsynt å flytte på seg. Å leggje igjen nokre miner kan likevel vere ein god plan.

Les også
Anmeldelse: Evolve
Som henta ut av ein av feberfantasiane til H.P. Lovecraft.

Sjølv i rolla som eit massivt og tilsynelatande uovervinneleg beist var Evolve heile tida uhyre hektisk. Du føler deg aldri trygg, og å overvelde jegarane med alle dei angrepa du har er essensielt for å overleve. Denne jobben blir gjort uhyre underhaldande ved kor spesialisert og nyttig kvart angrep er. Miner er geniale om folk kjem for nær, elektriske skot rammar alt i ein viss radius, medan ei sjokkbølgje kan sende ein bunke jegarar som prøvar å byggje kvarandre opp flygande bakover. Det er lett å sjå store strategiske moglegheiter med dei få triksa du har, og allereie etter få minutt hadde eg bygd opp velfungerande strategiar.

Jegarane kan få kvarandre opp igjen om du gir dei sjansen, og det bilr veldig viktig å halde eit godt auge med alt som skjer. Dette er langt frå ei enkel sak, men gjennom effektiv bruk av både muskelkraft og elektriske boltar fekk eg til slutt has på jaktlaget, og sende dei med einvegsbillett til dei evige jaktmarker.

Konklusjon

Evolve er ei av dei mest positive overraskingane eg har møtt på i nyare tid. Det latar til å bli eit intenst og hektisk spel med enormt underhaldningspotensiale. Dynamikken mellom monsteret og jegarane er veldig solid, og endrar seg samtidig dramatisk etter kvart som spelet går sin gang. Der du startar tynn og spinkel, veks du deg gradvis til å bil eit enormt og livsfarleg beist.

For jegarane er det viktig å finne deg så raskt som mogleg, men for deg gjeld det å kome seg unna, halde deg skjult, og fortære så mange dyrelik som mogleg før du er stor nok til å ta opp kampen. Når det først skjer endrar spelet seg til å bli noko heilt anna. Dei fire jegarane møter sjefen på slutten av nivået. Vrien er at det er du som er sjefen, og du er livsfarleg.

Siste fra forsiden