Sniktitt

Hunt: Showdown

Ein forfriskande vri på Battle Royale-sjangeren

Hunt: Showdown tar deg med på monsterjakt i Louisianas skrekkelege sumpområder.

Crytek

Battle Royale-sjangeren har gått sin sigersgang i spelindustrien dei siste åra, og det er stadig nye opplevingar på veg inn på marknaden. Hunt: Showdown er det siste inn i rekkja, frå folka bak Crysis-serien.

I staden for å prøve å få heile jordas befolkning inn på same server, slik sjangeren kjem nærmare og nærmare å gjere, har Crytek tatt eit steg i motsett retning. Saman med ein samarbeidspartnar får du reise til dei dystre sumpane i Louisiana på slutten av 1800-talet, på jakt etter grufulle monster (og andre spelarar) tatt rett ut av H. P. Lovecraft-universet. Resultatet er ein sjangerblanding av Battle Royale, survival og skrekk.

Uhyggeleg stemning

Det første eg tenkjer på når eg ser bilete frå Lousiana, er tv-serien True Detective. Kinematografien i den serien har i ettertid fått meg til å tenkje på visse områder av delstaten som ein skikkeleg ofseleg møkkaplass. Den typen plass du vil halde deg langt, langt unna. Hunt: Showdown held fram denne tradisjonen. For stemning er alt i dette spelet.

I byrjinga av runden blir du plassert i eit sumpområde, med nokre bygningar spreidd utover kartet. Oppgåva di er å jakte ned sjefsmonsteret, som enten er ein enorm slaktar med eit grisehovud, eller ein lynrask edderkopp henta rett ut av det verste marerittet ditt.

For å finne monsteret, må du leite etter spor. Det gjer du med å bruke «dark sight»-funksjonen, som lar deg sjå hint på kartet, og viser kvar du skal gå for å leite etter ledetrådar. Finn du tre av desse, blir opphaldsstaden til sjefsmonsteret merka på kartet ditt, og du er klar til jakt.

Monsterjakt i måneskinn.
Mikkjell Lønning/Gamer.no

Men det er mykje som står i vegen. Brettet er stappfullt av zombiar, helveteshundar, vandrande skjelett, og andre uhumskheiter som er ute etter å rive ut strupen din og ete innvollane dine. Og så var det dei andre spelarane då. Det er nemleg opp til åtte andre fordelt på ulike lag som er ute etter å sanke dusøren for monsteret, og her er det ikkje snakk om å dele på pengane. Det er drep eller bli drepen.

Du må vere på vakt heile tida. Lyden er kanskje den viktigaste mekanismen i spelet, og den er del av alt. Utviklaren har tatt bruk av binaural lyd for å skape ei stemning som får det til å gå kaldt nedover ryggen på deg. Over alt på kartet er det hengt opp kjettingar i taket, lagt glasbitar på bakken eller spikra opp knirkande golvplankar for å gi vekk posisjonen til dei som ikkje følgjer med på kvar dei går. Ser du ein flokk med kråker som stirrar på deg med stygge blikk, bør du halde deg i ro. Med ein gong dei blir skremt, forsvinn dei opp i himmelen med eit lurveleven av dimensjonar. Og det kjem fiendane dine til å høyre.

Vassing rundt i sumpområda lagar infernalsk mykje lyd.
Mikkjell Lønning/Gamer.no

Mens eg snik rundt i det tette buskaset, høyrer eg på dette glimrande lydbiletet. Den låge knurringa frå ein zombie. Skritt, skyting i distansen, og songen til svoltne kråker, som venter på eit måltid. Meg. Den binaurale lyden gjer at alt verkar nært, viktig. Det skapar ei heilt spesiell stemning. Den typen stemning der du får inntrykket av at alt, absolutt alt, er ute etter å drepe deg. Og det jo sant, òg.

Stemninga er utan tvil det som imponerer meg mest med Hunt: Showdown. I dei første timane speler eg ekstremt forsiktig for å unngå å tiltrekke meg dei ulike monstrøse skapningane på brettet. Eigentleg er det relativt enkelt å halde seg unna dei, men lydbiletet driv meg til å vere varsam – fordi alt verkar veldig skremmande på grunn av kjenslene som lyden vekkjer i meg. Eg tar meg sjølv i å sitte lent framover i stolen, utan evne til å slappe av mens eg speler.

Lågt tempo

Det er stor variasjon i lengda på rundane i spelet. Nokre gongar er det over på eit knapt kvarter, andre gongar strekkjer rundane seg over ein time. Det er dei gongane alle speler passivt og ventar på at fiendane skal ta det første trekket og nedkjempe sjefsmonsteret. Det er nemleg risikabelt å ta kampen mot monsteret, for når du drep det, kan dei andre skyte deg og stele dusøren. Difor er det viktig å tenke taktisk, og ta dei moglegheitene du får når dei byr seg.

Les også
Månedens ti anbefalte spill på mobil og nettbrett

Eg må innrømme at i visse situasjonar kan det bli litt langdrygt. Etter kvart som ein venner seg til alle dei uhyggelege skapningane, er dei ikkje spesielt skumle lengre. Det blir berre noko du må kvitte deg med, og då ligg fokuset meir på å drepe dei andre spelarane. Viss ein må tusle rundt i skogen i ti-tjue minutt utan å sjå ei sjel, blir det fort keisamt. Det å springe for å kome seg inn i sirkelen i spel som PlayerUnknown’s Battlegrounds kan vere ille viss ein er langt unna, men det kjem aldri i nærleiken av å ta så lang tid som det kan gjere her.

Riktig nok er det mykje som kan skje i utforskinga av dei daudelege myrene, men tempoet i spelet er generelt lågare enn det eg er vant med i sjangeren elles. Eg trur nok andre vil sette meir pris på dette enn det eg gjer, for det blir rett og slett for lite action for mi smak.

Konklusjon

Han her burde du halde deg langt unna.
Mikkjell Lønning/Gamer.no

Hunt: Showdown kjem med ein forfriskande vri på Battle Royale-sjangeren. Enno fleire spelarar på same brett er sikkert kjekt det, men det verkar som alle dei nye spela er ute etter nettopp det. Kombinasjonen mellom jakta på spelarar og Lovecraft-monster er med på å gjere opplevinga til noko som verkar nytt, interessant. Cryteks store fokus på lyd som verktøy for å spore opp dei andre spelarane og skapningane er òg noko eg vil sjå meir av i andre skytespel. Eg trur ikkje eg har vore borti eit spel med ein slik detaljorientering i lydbiletet før. Det å lytte etter fotsteg i tradisjonelle skytespel kjem ikkje i nærleiken av korleis det er i Hunt: Showdown.

Den stemningsfulle framstillinga av Louisiana er eit flott bakteppe for monsterjakta. Sjølv om nokre av rundane kan bli i overkant treige til tider, er det spanande å luske rundt i dei deprimerande sumpane.

Spelet er på veg inn i Early Access på Steam, men det er ikkje sett ein eksakt dato for når det kjem enno.

Les også: Ny PUBG-utfordrar skal la heile 1000 spelarar barke saman på enormt kart »

Siste fra forsiden