SNIKTITT: Tom Clancy's The Division 2
Sniktitt
(Foto: Massive)

Tom Clancy's The Division 2

Betre enn forgjengaren, men viser teikn til gamle synder

The Division 2 er ei ekstremt detaljert gjengiving av Washington D.C. i flammer.

Sju månadar etter at ei form av koppar («Dollar Flu») spreidde seg utover verda, hoppar me frå New York til den amerikanske hovudstaden. Som agentar for The Division er det vår jobb å beskytte samfunnet mot total kollaps, som ein slags siste skanse mot alt av uhumskheiter som tuslar rundt på gatene i byen.

Enten aleine eller saman med opp til tre vener må du hjelpe lokalsamfunna med å byggje opp. Det kan bety å samle inn ressursar, redde gissel, eller å jobbe med utryddinga av pesten med balltreberande-gassmaskefolk som luskar rundt i Washington D.C.

Tom Clancy's The Division 2 er dels actionrollespel, dels overlevelsesspel og dels tredjepersons-skytespel. Her er det noko for alle. Likar du spel som Destiny, Ghost Recon Wildlands eller førre The Division vil dette vere midt i di gate. 

Ei levande verd

Detaljorienteringa frå det første spelet er framleis på plass. Eg skal ikkje påstå å ha vore så mykje i Washington, D.C. at det gjer noko, men det skal godt gjerast å ikkje sette pris på kor mykje arbeid utviklaren har lagt i å skape eit levande miljø. Verda du speler i er definitivt spelets klare styrke.

Når du patruljerer nedover gatene må du berre stoppe opp litt her og der. Ta inn utsikta. Sjå på graset som har sprengt seg gjennom asfalten, på dampen som sig opp frå kumlokka, på rådyr som sprett mellom dei rustande og maltrakterte bilane, alt ramma inn av lianar og buskar som klatrar oppetter fasaden på bygningane rundt – strekkjande mot himmelen. Det skal ikkje mykje fantasi til for å førestille seg kva som har skjedd her. The Division 2 gir oss visuell eksposisjon på sitt beste.

Detaljorienteringa til The Division 2 er slåande. Foto: Mikkjell Lønning/Gamer.no

Kartet har ein grei mengde interessepunkt anna enn det grafiske, i form av små samlingar av kanonføde. Den kunstige intelligensen for fiendane er framleis fullstendig dust, så her er det berre å gjere mellomrom-knappen klar for å hoppe bak cover, kikke over, skyte, og dukke ned igjen. På den normale vanskegraden er kampane enkle, men spelet har ein tendens til å spawne fiendar bak deg når du er ute i friområdene, så snu deg rundt for å sjekke flanken i ny og ne.

I friområda vil du finne ulike fraksjonar som kjempar for kontroll over delar av Washington, D.C. Eg blei overraska då eg fekk assistanse av andre fiendar med å drepe nokon Hyenas-pøblar, som kjempar mot True Sons. Dersom du klarar å lokke dei inntil kvarandre, bryt det ut full krig. Ei vidareutvikling av dette er såkalla kontrollpunkt. Her og der vil du finne områder som er dominerte av visse fraksjonar, som du må prøve å frigi slik at dei sivile får tilgang. Du er ikkje nødvendigvis ferdig med punktet når du har utrydda fiendane heller, for dei kan kome tilbake seinare for å angripe punktet. 

Både positive og negative gjensyn

Skytemekanismane er heilt like som i det førre spelet. Du har eit tredjepersonskamera med eit sikte som i Counter-Strike, men der rekylen på våpena har langt større verknad på siktet enn i CS. Skarpskyttarrifler verkar framleis å vere det beste valet på dei lågare vanskegradane, då du tar ut omtrent alt av fiendar med eit hovudskot.

Arsenalet er utvida noko med fleire dingsar, som blant anna flygande droner med maskingevær, små granatballar som triller etter fiendar rundt på kartet, og ein turret. Alle desse kan oppgraderast til å få ulike eigenskapar for å hjelpe deg med å meie ned fiendar. 

Dette er framleis så til dei grader eit kulesvampspel, men eg har alltid likt kampane i The Division. Det noko med den krønsj-lyden som høgtalarane mine produserer når eg plasserer ei kule mellom augo på fiendane som er skikkeleg tilfredsstillande. Sjølv om eg spelte den første timen aleine, var det kjekt å bli kjend med skytemekanismane til The Division igjen.

Betaen hadde ein del servertrøbbel og småfeil - nokon av det morosame slaget. Eg trur elles dei har grei tid til å fikse det som gjekk galt i betaen.  Foto: Mikkjell Lønning/Gamer.no

Likevel er det ein del av svakheitene som går igjen frå det førre spelet. Det tok ikkje så veldig langt tid før oppdraga blei keisame, sjølv med lagkameratar. Variasjonen av fiendar manglar. Oppdraga verkar veldig like kvarandre, og forteljinga er minimalt interessant. Spesielt tida aleine var ein heller tam affære etter den første timen. Spelet blei meir eit tidsfordriv enn morosam underhaldning, og eg sit igjen med litt déjà vu frå førre spel. Den største svakheita i det første var kanskje resirkulering av fiendar, og der har dei piffa opp spelet ein smule, men eg veit ikkje om det er nok.

Samstundes må det seiast at betatesten berre har tre hovudoppdrag og ei handfull sideoppdrag. Det er godt mogleg at ting forbetrast etter kvart, då sjefskampane først og fremst er konsentrert i hovudoppdraga. I det førre spelet var det ein drøss av dei, så viss The Division 2 held fram i same løype, blir det sikkert litt meir variasjon enn det betaen gir inntrykk av.  

Dark Zone gjer comeback

Då The Division først kom ut, var mange spente på korleis dei ville handtere kampar mot andre spelarar. Det gjekk ikkje spesielt bra. Dark Zone-området i spelet verka meir som eit eksperiment enn noko anna, som fungerte særs dårleg. Det var omtrent umogleg å gjere noko ting der viss du var aleine, og systemet med at spelarane måtte få ut utstyr dei fann via helikopter førte mest til kaos og frustrasjon.

Grunntanken er den same i The Division 2. Dark Zone er fylt opp av fiendar i høgt nivå, som du må drepe for å finne våpen og rustning. Utstyr i Dark Zone er kontaminert, slik at ein må kalle inn helikopter for å få det ut. Då gjeld det å forsvare seg sjølv mot fiendar og eventuelle med- eller motspelarar, som kan velje å drepe deg og ta utstyret for seg sjølv, for så å sende det i veg med helikopteret.

I Dark Zone gjeld det å vere på vakt mot alt frå datafiendar, motspelarar til eigne lagkameratar. Foto: Mikkjell Lønning/Gamer.no

Derimot er det ein del nytt. Det skal visstnok bli tre ulike Dark Zone-områder ved lansering, der den eine utjamnar forskjellane i kraftnivå på alle spelarane (denne testa eg). Slik kan ein hoppe inn og gjere like mykje skade som alle andre med same våpen. Det å spraye ned ein fiende med ein AK-47 tar knapt meir enn eit sekund viss ein treff skikkeleg her, og minnar generelt om andre fleirspelarskytespel. Eg hadde faktisk langt meir moro med dette enn eg hadde i dei vanlege oppdraga, for eg fekk teste meg i kampar mot andre spelarar.

Uthenting av utstyr via helikopter er definitivt noko som bidrar til særpreget til The Division, men eg får meg ikkje heilt til å like det. Eg skulle gjerne hatt nokre tradisjonelle spelmodusar med dei same skytemekanismane som deathmatch og liknande. Det går vel an å springe rundt og drepe folk utan å plukke opp noko, men det blir ikkje heilt det same.

Denne karen har nok sett betre dagar. Foto: Mikkjell Lønning/Gamer.no

Uthentinga gjer òg, som i førre spel, at det er skikkeleg vanskeleg å spele utan vener. Er ein erfaren i skytespel så klarer ein fint å meie ned eit heilt motstandarlag, men det skal mykje til for å få ut utstyret når fiendane kan hoppe rett inn på kartet igjen nokre hundre meter unna. For min del trur eg staffen for å døy burde vore høgare. Likevel er det ein nyvinning i fleirspelarskytespel, og eg set pris på forsøket på innovasjon. Det er heller ikkje til å skyve under teppet at ein blir noko sveitt i handflata når ein monterer utstyrsbaggen på tauet til helikopteret. Pulsen gjer nokre hopp her og der. 

Det mest interessante med Dark Zone er kanskje korleis du kan vende mot dine eigne lagkameratar, og drepe dei for å få utstyr. Dette er berre tilgjengeleg i okkuperingsmodusen som eg ikkje har fått prøvd, men er ei vidareføring frå førre spel. Der førte sjansen for å bli dolka i ryggen av vener til ei vedvarande kjensle av spaning. Det er litt den same stilen som ein runde Age of Empires eller Europa Universalis med nokre kompisar, der ein sender meldingar fram og tilbake med høgst tvilsame lojalitetserklæringar.  

Konklusjon

Eg er både skeptisk til og spent på The Division 2. Innhaldet i spelet for dei som kjem seg til toppnivå er noko av det viktigaste her, og det er litt tidleg å seie noko særleg om enno. Dark Zone kan vere moro, men det er langt frå min favorittmodus blant fleirspelarskytespel. Blant dei ting eg har fått prøve, sit eg igjen med eit inntrykk av at eg har spelt mykje av dette før. Men igjen trur eg mange eigentleg berre vil ha meir av The Division med litt meir finpuss, så det er vel eigentleg heilt greitt. 

«I'm gonna steal the Declaration of Independence».  Foto: Mikkjell Lønning/Gamer.no

Oppdraga er som i det førre spelet prega av å kjempe ned bølgje etter bølgje av dei same fiendane. Det kan bli keisamt i lengda. Grunnfundamentet er på plass med gode skytemekanismar og eit noko utvida system for erfaringspoeng og meir omfattande ferdigheiter, men det blir spanande å sjå om dei klarar å levere på variasjonen av fiendar og i oppdrag. Her vil det bere eller breste for The Division 2.

Spelet vil framleis vere kjekkast for dei som kan få med nokre kompisar, eller dei som verkeleg elskar å grinde og leite etter skinande, nytt utstyr. Eg kjem nok til å hoppe inn i Washington, D.C. igjen i løpet av året, men noko forhandsbestilling blir det ikkje. The Division 2 vil høgst sannsynleg bli eit langt betre spel enn forgjengaren, men det er framleis mykje me ikkje veit. 

Les også: The Division 2-betaen har problem på alle plattformer »

Kommentarer (20)

Forsiden akkurat nå

Til toppen