Square Enix bekreftar Xbox 360-avtale

Eit av dei store høgdepunkta på Microsoft sin Xbox 360 pressekonferanse, var då president i Square Enix, Yoichi Wada, entra scena.

Med sin litt ustødige engelsk, kunne han fortelje oss at Square Enix gleda seg til å innleie eit samarbeid med Microsoft. Den første tittelen til Xbox 360 blir Final Fantasy XI, ein tittel som allereie har vore ute ei stund for PlayStation 2 (kun USA og Japan) og PC. Dei viste ein video frå spelet, men det var vanskeleg å sjå om vi har nokre grafiske oppgraderingar i vente. Sjølv om det kanskje er litt antiklimaks at den første tittelen frå Square Enix blir eit relativt gammalt spel, betyr det på ingen måte at det stoppar der. Yoichi Wada kunne love oss at dette kun er byrjinga.

Etter å ha snakka litt om Final Fantasy XI: Online og Xbox 360 viste Yoichi Wada ein demo dei hadde laga som køyrde i sanntid. Den viste ein enorm bygning ute på eit ope hav, folk spaserte i gatene på det som kunne minnne om ein by. Vi kunne også sjå nokre drageliknande skapningar som flaug over havet. Det er ikkje til å legge skjul på at det var nydeleg. Når det i tillegg var satt til eit av dei kanskje vakraste lydspora frå Final Fantasy X, var det vanskeleg å ikkje kome i riktig så god stemning. Om dette betyr neste ledd i Final Fantasy-serien blir tilgjengeleg på Xbox 360 er for tidleg å sei, men at vi har noko å glede oss til, det er sikkert.

Siste fra forsiden