Street Fighter-serie får oppfølgjar

Neste sesong av nettserien vil introdusere mange kjende ansikt.

Nettserien Street Fighter: Assassin's Fist starta livet som eit Kickstarter-prosjekt, men enda raskt opp med å bli noko større enn som så takka vere ekstern finansiering. Den 12 episodar lange serien som blei lansert på Machinima fokuserte på Ryu og Ken, og blei ein så pass stor suksess at produsentane no har stadfesta at den får ein oppfølgjar, kan vi lese hos Polygon.

Den andre sesongen vil ta namnet Street Fighter: World Warrior, og vil endeleg gi spelerom for ei rekke Street Fighter-figurar som ikkje fekk plass i Assassin's Fist.

M. Bison på krigsstien

Kven er mann nok til å fylle desse skoa?

Først og fremst vil World Warrior introdusere seriens store slemming; M. Bison. Han er leiar for den kriminelle organisasjonen Shadaloo, men kva planane hans vil vere i World Warrior har ikkje produsentane gått ut med.

Andre kjende ansikt frå slåssespelserien som vil dukke opp i World Warrior er populære figurar som Chun-Li, Guile og Sagat. Den andre sesongen vil bli produsert av dei same folka som laga den første sesongen. Lanseringa vil finne stad seint til neste år, eller tidleg i 2016. Kven som vil ta på seg rollene som dei nye figurane er ikkje kjent heilt enno.

Om du ikkje er glad i det episodiske formatet til Street Fighter: Assassin's Fist vil heile serien bli redigert saman til ein film. Denne vil bli tilgjengeleg på Blu-ray, DVD og digitalt 28. oktober.

Street Fighter er ikkje den einaste spelserien som tek til filmverda for tida. I går blei det kjent at Sam Raimi skal produsere ein film basert på The Last of Us.

Siste fra forsiden