Feature

«Ta drapstruslane i kommentarfeltet med eit smil»

Eg burde sjølvsagt aldri ha lasta ned dette spelet igjen.

Han kjem krypande med dei første lauva som fell frå sommargrøne tre.

Det er den følelsen igjen. Følelsen som bygger og bygger, blir større og større.

Det startar med eit lite napp, og tankane er i gang.

Skal eg ...?

Følelsen blir oppslukande, altomfattande.

Summoner's Rift kallar meg inn til gamingrommet, uansett kor mykje eg foraktar det spelet, trass alle gongane eg har starta og slutta, starta og slutta igjen.

Det er på tide med eit comeback.

Du har sikkert kjend på det sjølv. Det er kanskje ikkje i League of Legends, men du har gjerne eit spel som du kjem tilbake til med jamne mellomrom, uansett kor mange gongar du har sverja at du aldri skal tilbake.

Tida har viska vekk den mest skarpe brodden i hatet mitt, og eg lar meg rive med. Lar følelsen leie handa mi til å laste ned League of Legends for det som må vere den 20. gongen.

Spelhistorikken avslører at det er omtrent to år sidan nett det same skjedde.

Historia gjentar seg. Rett nok var det berre eit halvt år etter at eg falt inn i dei forførande klørne til Overwatch.

Som vanleg har det kolossale utvalet av heltar den same effekten på meg som menyen på ein middels thairestaurant. Det er altfor mykje. Avskrekkande, til og med.

Så har eg alltid vore fascinert av det litt spesielle. AP Sion og AP Master Yi var personlege favorittar. Dessverre er det frykteleg mange år sidan dei var relevante.

Etter kvart blei det splitpushing med Nasus og Udyr i Trick2G-stil som blei mi greie, men innimellom har eg hoppa frå helt til helt etter at keisemda tar meg.

Slik blir det denne gongen òg.

Eg kjem fort tilbake til nettopp Nasus og Udyr, men blir lei av å spele dei etter nokre få kampar.

Eg søker på «fun jungler», ser ein video på YouTube, prøver helten, gjentar prosessen. Igjen og igjen. Og kjem tilbake til det kjende og kjære – og blir lei.

Det kjem eit nytt innfall.

Eg skal bli profesjonell Vayne-onetrick. Ho er ein av dei heltane eg alltid har hatt lyst til å meistre, men aldri heilt har fått til. Ein av dei som verkeleg kan utspele motstandaren om ein kjenner helten godt nok.

Eg ser ein YouTube-video på bussen heim frå jobb, og forventninga boblar i kroppen.

Sjølvtillita mi er på topp når eg får spikra runesida og veit kva gjenstandar eg skal kjøpe. Det kan berre gå nedover.

Noko det sjølvsagt gjer. Første kamp, der eg presterer å døy ti gongar og er reine Ghandi i bot lane, er det første skåret i gleda.

Kanskje eg var uheldig.

Nja. Eitt drap i neste kamp, ni dødsfall.

Framgang.

To drap. Tolv dødsfall.

Tretten.

Ja. Profesjonell onetrick, det er ikkje langt unna no.

Men eg kan jo dette. Berre litt til. Og for ein juke eg hadde mot Malphite der.

Tripplekill! roper dama i høgtalarane mine.

Nytt tap.

Nederlaget er komplett, først og fremst i hendene av Riven som tok meg og tre lagkameratar på to sekund.

Og ideen slår meg jo, han gjer det.

Eg skal bli verdas beste Riven.

YouTube kjem med forslag til videoar om animasjonskansellering, dei rette kombinasjonane av ferdigheitene og korleis ein tar kontroll over kartet med Riven.

Før eg veit ordet av det, har eg glodd på telefonen min i ein time. Eg kjenner meg klar til å ta Summoner's Rift med storm.

Tap.

Tap. Tap.

Siger. S+-siger. S-siger.

Ja, kanskje?

Nei.

0/10. Mmmhm.

Men kva med jungle Riven, det må vere noko, vel?

Nei, det er ikkje det, seier Shaco og drep meg i min eigen skog knappe tre minutt inn i runden.

Det blei ikkje siste gongen.

Det slår meg at denne opplevinga ikkje er unik for verken meg eller League of Legends.

Sjølv ikkje spel utan heltar. Eg har òg opplevd det i Counter-Strike, i Call of Duty og i Age of Empires. Der er kanskje helten skifta ut med våpentype eller sivilisasjon, men konseptet blir det same.

Kunne det vore mogleg å summere opp desse opplevingane i ein slags modell?

Det er begynner å bli nokre år sidan eg reiste meg frå skulebenken på universitetet, men statsvitskapens iver for å samanfatte alt og alle i ulike modellar, sit i meg som ei blodtørst igle.

Naturlegvis må modellen ha ei fiffig forkorting.

Første fase startar med at eg sit som eit stort spørsmålsteikn når eg skal velje helt i forkant av kampen, og endar opp med Nasus. Det er det eg alltid har gjort, eit slags status quo.

Keisemda kjem etter nokre kampar utan dei heilt store resultata. Slitasjen begynner å vise seg, og tankane flyt til andre måtar å ha det moro på.

Inspirasjonen kjem av den utløysande faktoren for skiftet. Som når fiendens Rengar kjem på flanken og drep alle dei fire lagkameratane dine. Eller du høyrer ein ven fortelje om at AP Nasus i mid lane er det neste, store i Korea. Fyr på!

Research. Du leiter på nettet etter ein kjapp guide, og brukar alt frå to minutt til ein time på å lese deg opp. Her speler gimmick-faktoren ei rolle. Du har kanskje meir tru på at du kan bli ein gud med skillshots på Lux enn at AP Nasus kjem til å redde deg ut av bronse.

Elende. Dessverre er du heilt elendig med Lux sine skillshots, og døyr så mange gongar at begge spelarane i bot lane legg deg til som ven etter kampen for å sende deg stygge meldingar.

Ny giv. Ved eit slags mirakel klarar du å vinne nokre kampar, og sjølvtilliten og optimismen veks. Kanskje har du til og med vore på toppen av resultatlista. Motivasjonen får seg eit veldig boost når fiendens jungle-helt kjem for å ganke deg i top lane, og du drep både han og motstandaren din – utan at det var heilt med vilje.

Nederlag. Det viser seg at førre punkt var rein flaks, og du tapar din sjette kamp på rad. Motstandaren din i same lane drep deg så mange gongar under turret at ALT+F4 verkar som den einaste redninga. Du oppnår ein viss grad av sjølvinnsikt i denne fasen, og forstår at dette prosjektet var dømt til å feile frå start. Nederlaget er komplett. Og syklusen startar på nytt.

Det er uklart kvifor eg her har hamna på forkortinga SKIRENN, men modellens vegar er som kjend uransakelege.

Modellar kan hjelpe oss med å forstå, lære og tolke. Kanskje kan denne svært seriøse og analytiske modellen spare deg ein nedtur før du prøver noko nytt. Er du heldig, skjønner du at eksperimenteringa med ulike heltar, våpen eller kva det måtte vere, har mindre betydning enn å utvikle dine eigne ferdigheiter.

Samstundes må ein balansere SKIRENN opp mot modellen GØY.

Denne modellen har ikkje forkorting, det er berre gøy, og er trass alt det som er mest viktig. Ta ein helt som aldri bør sette foten sin i jungelen dit, og tap katastrofalt og totalt. Men nyt det. Ta drapstruslane i kommentarfeltet med eit smil.

Før eller seinare kjem ein til skjeringspunktet der gjensynsgleda med spelet forsvinn, og ein blir god nok til å forstå at ein stort sett berre er ei plage for lagkameratane.

Det er dette som har gjort at eg har slutta med både League of Legends og Overwatch igjen dei siste åra.

Denne gongen har det ikkje heilt gått i den retninga. Eg har lyst til å slutte igjen, ja, men mest fordi League of Legends krev langt meir tid enn eg har moglegheit til å bruke på det.

Sinnet mot lagkameratane mine er på ein måte vekke, for som eg har skrive i eit tidlegare innlegg om eit comeback i Overwatch, så veit eg at eg er fullstendig ubrukeleg. Elendig.

Eg veit òg at det ikkje betyr noko.

Temperaturen stig kanskje litt i takt med rangeringa mi, men eg set meir pris på reisa og gleda av å prøve noko nytt. Så får ein heller gå fullstendig på trynet.

Berre det er gøy.

Eg trur det er på tide med nokre timar Nidalee, eg. Blodet til Andreas Thorkildsen renn neppe i årene mine, men moro blir det nok likevel.

Siste fra forsiden