TEST: ASUS ROG Gladius II Origin
(Foto: Mikkjell Lønning/Gamer.no)

Sensoren er nesten feilfri

Presisjonen er glimrande, men vekta kan bli eit problem.

2017 var eit eksperimentår for Asus si gamingsatsing ROG. Nyleg skreiv me om den berbare datamaskinen Zephyrus M – som i fjor kom med nokre besynderlege designval – og det same gjaldt fjorårets ROG Gladius II. PPT-knappen var plassert på tommelen, som enda med at ein konstant trykte på den ved uhell.  

Gladius II Origin går vekk frå dette – og takk for det. Resultatet er ei imponerande gamingmus som taklar alt du hiv etter den, om det så er surfing på nett, skytespel eller MOBA-spel. Forma ligg godt i handa, og sensoren som driv musa er av høgaste kvalitet.

Sensor bygd for presisjon 

Sensoren til Gladius II Origin, 3360, er ein av dei desidert beste sensorane du kan få tak i. Det er eigentleg ingenting å klage på. Det er den same som me finn i dei beste produkta frå Logitech (dei kallar den 3366, då den har nokre ørsmå endringar) og Zowie sine EC1-mus, kongane av skytespel.

Sensoren er ikkje langt unna perfeksjon. Foto:  Mikkjell Lønning/Gamer.no

Den originale ROG Gladius-musa hadde ein sensor som støtta ei «polling rate» på 2000 hertz, som er skrudd ned til 1000 med Origin-versjonen. Eg trur ikkje nokon kjem til å merke noko forskjell på akkurat det. Ytinga i MouseTester er tilnærma perfekt, så ein kan trygt bruke ROG Gladius II Origin til oppgåver som krev presisjon. Om det er å drive med millimeterarbeid i videoredigeringsprogram eller å sikre hovudskot i Counter-Strike er likegyldig for musa. Den får jobben gjort.

Justering av PPT («punkt per tomme», måleeining for følsemd på mus) skjer trinnvis i programvara ROG Armoury II, eller med PPT-knapp på toppen. Lågaste PPT du kan få med sensoren er 100, og den kan skrus heilt opp til 12 000 med trinn på 100.  

Design og komfort

Asus ROG Gladius II Origin er ei stor mus designa for høgrehendte. På ryggen finn me den karakteristiske ROG-logoen i alle regnbogens fargar. Ryggen har ein lett bogeprofil, som gjer at Gladius II Origin ligg perfekt i mellomstore hender. Den er relativt høg, nesten fem centimeter, noko som gir ei behageleg støtte for handa, spesielt for dei som brukar handflategrep.

ROG Gladius II Origin ligg perfekt i handa. Foto:  Mikkjell Lønning/Gamer.no

Sidene av musa er dekkja av eit gummiert belegg med eit mønster inspirert av Maya-indianarane, som ROG bruker i ny og ne. Kva bakgrunnen er veit eg ikkje, men om ikkje anna så fungerer det. Det må monalege mengder sveitte til for at fingrane dine skal skli på denne overflata. Mønsteret har så mange små furer at det kjenst litt ut som å ta på rur, slike som ein finn på svaberg langs sjøen – minus at dette er vesentleg mjukare, sjølvsagt.

Saumane på gummigrepet er òg solide. Slike gummibelegg har ein tendens til å dette av etter bruk over lengre periodar, men det tviler eg sterkt på at kjem til å skje her. Limet gjer at overflata sit bom fast, og det er umogleg å rikke på belegget sjølv om eg pressar hardt med neglene på saumane.

Høge knappar, høgare vekt

Asus ROG Gladius II Origin har seks knappar, samt eit taktilt rullehjul. Lyden i venstre museklikk kjenst tung og tilfredsstillande takka vere Omron-brytarane, og nedtrykksdistansen er nett slik den skal vere. Høgre museklikk har ein smule høgt lydnivå, men sjølve klikket kjenst heilt rett.

Rullehjulet har ein ru, taktil feedback som er som musikk i øyrene mine. Derimot er det berre ein hastigheit på hjulet og det er litt for lågt, slik at ein kan få vondt i peikefingeren viss ein bruker det mykje over kort tid.

Sideknappane sit litt for høgt oppe. Foto:  Mikkjell Lønning/Gamer.no

På grunn av den høge profilen til musa er dei to sideknappane for langt oppe, men ein kan venne seg til det. For min del er det mest behageleg å ha tommelen omtrent ein centimeter under knappane på denne musa, mens dei fleste andre mus har knappane såpass langt nede at eg nesten er borti dei når eg kviler tommelen. Begge alternativa har sine fordelar, men personleg ville eg nok hatt knappane litt lengre ned mot tommelen min. Vanlegvis har eg sideknappane programmert til å skifte mellom primær- og sekundærvåpen i dataspel, og då er eg avhengig av å kunne trykke så fort som mogleg. Me snakkar om nokre millisekund forskjell her, men av og til kan det utgjere forskjellen mellom å drepe fienden og å døy sjølv.

Produsenten gir deg val mellom to ulike kablar, og hiv med eit nett og ekstra brytarar i eska. Foto:  Mikkjell Lønning/Gamer.no

Produsenten har òg bestemt seg for å hive nokre ekstra goodies i eska. Me får val mellom ein meterlang gummikabel, og ein to meter lang fletta kabel. Det er mogleg å ta kabelen heilt av musa, for å gjere det lettare å ta den med.

Men sjølv utan kabelen, er Gladius II Origin i det tyngste laget. Vekta er på heile 110 gram. Det er utan tvil det største minuset med musa. Hadde den vore trådlaus skulle eg ikkje sagt noko, men dette er alt for mykje for ei kabelmus. Sjølv om ikkje alle merkar så veldig forskjell på 100 og 110 gram, vil skytespelentusiastane neppe kaste seg over Gladius II Origin. Den er rett og slett for tung. Det er fint mogleg å lage store kabelmus under 90 gram, så eg håpar at ROG jobbar med dette til neste versjon kjem ut.

RGB og programvare

Alle produkt med gamingstempel må sjølvsagt ha RGB. ROGs nye mus er ikkje noko unntak. Programvaren ROG Armoury II lar deg skrolle gjennom seks ulike forhandsbestemte RGB-innstillingar (sjå skjermdump i botnen av artikkelen), og dei fungerer godt. Variasjonen er stor. Bølgjeinnstillinga blei min favoritt, og den når nesten opp til fargane på HyperX Pulsefire Surge, som har imponert oss mest i år.

Det er sjølvsagt mogleg å slå av alt lyset, men programvara har nokre litt meir anonyme innstillingar for dei som ikkje likar glorete diskolys. Blant anna lar Armoury II deg tilpasse lyset slik at det berre viser når du trykker på visse knappar. 

Det taktile rullehjulet har same Maya-mønster som gummigrepet på sidene. Foto:  Mikkjell Lønning/Gamer.no

Som med alle ROG-produkt får du òg tilgang til Aura Sync-funksjonalitet. Dette lar deg synkronisere lys på alle ROG-duppedittane dine. Dessverre har eg ikkje fått funksjonen til å fungere. Programvara identifiserte verken skjermkortet, tastaturet eller kabinettet mitt, der alt kjem frå ROG. Me har difor ikkje bilete av dette.

Elles byr ROG Armoury II på det ein kan forvente for å tilpasse datamusa til dine behov. Du får endre på PPT, «angle snapping» og «polling rate», sette opp makro, samt skru på ein innstilling for å auke responstida på museknappane. Eg ser ikkje heilt poenget i å gjere musa treigare, men du har i alle fall moglegheita.

I saman med standardinnstillingar får ein òg endre løftedistansen på musa slik som ein kan på til dømes SteelSeries Rival 600, samt kalibrere musematta for å få best mogleg yting – som i Logitech Gaming Software. 

Den lange og høge profilen på baksida gjer underverk for ergonomien. Foto: Mikkjell Lønning/Gamer.no

Konklusjon

ROG har vist at dei kan høyre på forbrukarane, og har fjerna den irriterande PPT-knappen. Me har fått ei solid mus med imponerande yting. Dessverre er den litt for tung til bruk i skytespel, men sensoren vil uansett vere god nok til å konkurrere med dei beste viss ein ikkje bryr seg om vekta. Som det meste når det kjem til teknologi, så er det til sjuande og sist eit spørsmål om smak. 

Kvalitet har openbert vore eit fokus for ROG her, med gummisaumar som faktisk toler bruk over lang tid, i motsetning til det meste av det me ser på marknaden for tida. Knappane er durable, og behagelege i bruk. Eg syns sideknappane er for langt oppe, men den høge profilen på musa gjer òg at den ligg veldig godt i handa. Prisen er grei nok med tanke på kva du får, så viss ikkje vekt er noko du bryr deg om, er det berre å løpe til butikken. 

Vurdering

8/10
Svært godt
"ROG gjer opp for fjorårets feil, men bør jobbe vidare med å redusere vekt. "

Pluss

  • Tilnærma feilfri sensor
  • Omfattande RGB-innstillingar
  • Ergonomisk design
  • God byggekvalitet
  • Furene på gummibelegg motverkar sveitte hender
  • Val mellom to ulike kablar
  • Kan stille på løftedistanse i ROG Armoury II

Minus

  • Høge sideknappar
  • Gummikabelen er berre ein meter
  • For tung med sine 110 gram

Kommentarer (2)

Siste Tester

Se alle tester »

Forsiden akkurat nå

Til toppen