TEST: Corsair Void Elite Wireless
(Foto: Mikkjell Lønning/Gamer.no)

Vurderer du dette? Verre 7.1-lyd har me ikkje høyrt før

Stereolyden imponerer med tanke på prisen, men det er ein del som skurrar her.

Corsair er eit av dei mest populære tastaturprodusentane her på berget, og har dei siste åra satsa hardt på gaminglyd. Corsair Void Elite Wireless er eit av dei nye toppvala deira, ein nyversjon av gamle Void.

Det trådlause headsettet byr på opp mot 16 timar batterilevetid, 7.1-surroundlyd, ein støydempa mikrofon og 50mm-drivarar med ganske så imponerande lydkvalitet. Void Elite Wireless kostar i skrivande stund 1100 kroner.

Design og komfort

I motsetning til stilige Corsair Virtuoso, har Void Elite Wireless eit design med sterkt gamerpreg. Klokkene er små og lette, men eg er ikkje noko stor fan av det spisse designet. Dei er ikkje spesielt fine. Det reflekterande panelet på sidene med RGB er ein kul touch, men det skrik gaming lang veg.

Mesteparten av headsettet er laga i solid hardplast. Det toler gjerne ein kakk eller to, og bøyelen har nok fleks til at ein kan vri og dra i han utan noko problem. Justeringsmekanismen i bøyelen er òg eit pluss, då det er masse spenn i kva storleik ein vil stille headsettet til.

GAMERSTIL: Det er ganske openbert kven målgruppa er med desse. Foto: Mikkjell Lønning/Gamer.no

Plysjputene på undersida av bøyelen og i klokkene er i minneskum, som formar seg rundt hovudet og øyra dine. Nettingen på putene er litt grov, men generelt sett er dei veldig behagelege i bruk. Problemet med komforten til Void Pro Wireless er at det er forsvinnande lite press mot øyra. Botnen av klokkene vender ut fra toppen av klokkene, som for så vidt gir litt ekstra luft til øyra, men fører til lydlekkasje og redusert komfort. Sjølv om eg klarte å venne meg til det etter kvart, er det eit rart designval. Dei er behagelege i bruk over lang tid, men auka press mot øyra ville vore ein fordel.

Tilkopling og knappar

Corsair Void Elite Wireless er kopla til datamaskinen gjennom ein USB-sendar over 2.4 GHz-bandet. Det er nokre små tendensar til kvitt støy, men betydeleg mindre enn det mange andre trådlause gamingheadsett har.

MANGLANDE KNAPPAR: Eg saknar verkeleg ein knapp for surroundmodusen på klokkene. Foto: Mikkjell Lønning/Gamer.no

Rekkjevidda er på rundt ti meter, utan noko som helst forstyrring på lyden før ein kjem over ti. Det er meir enn nok for å tusle litt rundt og hente snacks eller kva det måtte vere.

Når det kjem til knappar er det ikkje så veldig mykje å velje mellom. Venstre klokke har eit stort rullehjul for volum på botnen, ein påknapp og ein dempeknapp for mikrofonen. Du kan uansett dempe mikrofonen ved å ta han opp, så eg ville kanskje brukt plassen på noko anna der. 

Lovnaden om 16 timar batteritid klarar dei å halde utan RGB-lyset. Det er for så vidt ikkje noko ein ser medan ein brukar headsettet, men når til dømes HyperX Cloud Flight S held koken i 30 timar, er batterilevetida ein veikskap her.

Lyd

BEHAGELEG: Plysjputene kjenst gode mot øyra, men dei manglar press for å gjere headsettet stabilt. Foto: Mikkjell Lønning/Gamer.no

Når det kjem til lydkvalitet får ein grei valuta for pengane her. Det er langt frå det mest detaljerte eller nøyaktige lydbiletet, med noko slapp bass og litt kvasse høgtonar, men til 1100 får du noko som gjer god jobb i film og musikk. Dei trådlause gamingprodukta me har testa har kosta ein del meir enn dette, og lydkvalitet og lydbilete har ikkje vore så veldig mykje betre. Slik sett er dette ein god deal.

Headsettet speler òg særs høgt, sjølv i stereo-modusen.

Void Elite Wireless har 7.1-surround, men ein må bruke programvara for å få tilgang til han. Det vil difor ikkje fungere for dei som ønskjer å bruke dette på konsollar.

Samanlikna med stereo høyrest det ganske så ille ut til musikk, men ein kan til nauds tole det i skytespel for å høyre fiendar litt betre her og der. Men slik som mange andre 7.1-headsett i denne prisklassen får du inntrykk av å høyre på lydane under vatn. Dette er nok ein av dei verste variantane eg har prøvd så langt. Høgtonane druknar fullstendig, og bassen er det einaste som får litt rom i 7.1.

Eg ville berre haldt meg til stereo her til alt anna enn Counter-Strike og liknande. Men det er gjerne dei som kjøper dette til nettopp det, og då er det fritt fram. Det blir enklare å høyre fotstega til dei i nærleiken med 7.1-modusen, men lyden er generelt lite behageleg å høyre på. Difor er det like greitt med stereo her. Skifte mellom dei to modusane kunne òg med fordel vore knytt til ein knapp på headsettet. Det er tungvint å måtte opne iCue kvar gong.

Gjennom nokre og førti timar i Counter-Strike: Global Offensive og siste halvdel av Doom Eternal har Corsair Void Elite vore ein god følgesvein – riktig nok utan 7.1.

Mikrofon

LYDSVAK: Mikrofonen har effektiv støydemping og vrenger ikkje røysta mi noko særleg, men han speler altfor lågt. Foto: Mikkjell Lønning/Gamer.no

Mikrofonen til Void Elite lid – som mange andre me har testa – av at han har for aggressiv støydemping. Han er effektiv på å fjerne ulydar og bakgrunnsstøy, men i balansen tar den vekk for mykje volum i røysta mi.

Eg må ha mikrofonen heilt inntil munnen for at den skal ta opp røysta mi med godt volum, og det er ikkje mogleg med mindre ein held han heilt inntil med handa. Mikrofonarmen vil nemleg sprette tilbake i standardposisjonen av seg sjølv.

Sjølve lydkvaliteten er blant dei betre eg har testa, og røysta mi er lite nasal med denne mikrofonen. Det hjelper likevel lite når folk slit med å høyre meg. 

Programvare

Programvara iCue er grei nok, sjølv om eg ikkje heilt ser poenget med at den skal ta opp heile 1,2 gigabyte på maskinen min. Du får med ein drøss med andre funksjonar, slik som overvaking av prosessor- og skjermkort-temperaturar, som eg verken treng eller har spurt om frå eit headsett-program. Dette får eg andre stadar. Corsair har prøvd å lage noko som du kan bruke til alle produkta deira, men i motsetning til Razer og liknande, er det ikkje mogleg å velje kva modular du vil installere. 

Etter ein heftig minnelekkasje sist gong eg testa iCue, var eg naturleg nok ganske skeptisk i forkant av denne testen. Det skjedde heldigvis ikkje denne gongen. Funksjonaliteten er grei nok, med ein omfattande EQ med heile 12 spor, og nokre førehandsinnstillingar som gir passande lyd til skytespel, film og så vidare. Dei kan vere fine utgangspunkt for å justere til den rette balansen. Elles er det moglegheit for å endre på fargane til RGB-elementa, og å velje kor kjapt fargane skal bytast.

Eg saknar elles verktøy for å stille på mikrofonen. ChatMix, sidetone og filter hadde vore eit velkome tillegg her. 

Konklusjon

PLUSS OG MINUS: Void Elite Wireless gir valuta for pengane når det kjem til lydkvalitet, men det er mange veikskapar som utviklaren må pusse vekk til neste omgang. Foto: Mikkjell Lønning/Gamer.no

Corsair Void Elite Wireless er langt frå noko fantastisk headsett, men til prislappen får du meir for pengane enn mange av konkurrentane gir når det kjem til lyden. SteelSeries sine Arctis-headsett er blant dei få som slår det, og Corsair gjer ein betre jobb med å gi valuta for pengane enn det HyperX har gjort med sine trådlause produkt.

Lydkvaliteten i stereo er god med tanke på pris, og det er trass alt det viktigaste her. Eg syns likevel både batterilevetid, design, 7.1-lyd, mikrofon og manglande press på øyra trekkjer ned. Berre det å riste lett på hovudet gjer at klokkene glir vekk frå øyra mine. Dei er behagelege nok i bruk, men det tar litt tilvenning.

Det er få produkt rundt tusenlappen som byr på 7.1-surround som dette, men når den er såpass dårleg som den er, så ser eg ikkje heilt poenget uansett. 

Generelt er nok SteelSeries Arctis 1 Wireless eit langt betre val. Corsair byr på litt sunn konkurranse for Logitech, HyperX og eit par andre her, men dei har mykje å pusse på. 

Lyst til å lese meir om maskinvare og gamingtilbehøyr? Sjekk ut maskinvare-sidene våre »

Merknad: Det ligg feil utgåve av produktet i boksen under. Me fiksar så fort som mogleg. 

Vurdering

6.5/10
Nokså godt
"Void Elite gir god lyd for pengane for å vere trådlaust, sjølv om ein del skurrar. "

Pluss

  • God stereolyd
  • Behagelege
  • Solid byggekvalitet
  • 2.4 GHz trådlaus tilkopling
  • Lite kvitt støy
  • God lydkvalitet på mikrofonen
  • Speler høgt
  • EQ med 12 spor

Minus

  • Spesiell utsjånad
  • Elendig 7.1-modus
  • Så lite press mot øyrene at det er risiko for at dei fell av
  • Lågt volum på mikrofon
  • Forholdsvis kort batterilevetid

Corsair Gaming VOID Pro Wireless

Corsair Void Elite Wireless

Corsair Void Elite Wireless

Kommentarer (0)

Siste Tester

Se alle tester »

Forsiden akkurat nå

Til toppen