Test

HyperX Cloud Flight S

Endeleg eit gamingheadsett med trådlaus lading

HyperX byr på glimrande komfort og endelaus batterilevetid.

Mikkjell Lønning/Gamer.no

HyperX er meisteren av «enkelt og greitt» når det kjem til gaminglyd. Dei leverer komfortable headsett med god lyd, anonymt design og greie mikrofonar. Difor er dei òg veldige populære.

Nyaste generasjon av trådlause Cloud Flight held fram i same tradisjon. Prisen er nokre hakk stivare enn han burde vore, men med trådlaus lading og lang batterilevetid kjem produsenten seg nesten unna med det. Nytt med denne versjonen samanlikna med dei førre utgåvene er støtte for 7.1 surroundlyd, og at ein kan endre eigenskapane til knappane.

Her er det mykje å like, men er produktet verdt hoppet i pris frå 1350 kroner til 2100 kroner?

Vil du blir vår nye hardware-skribent? Les her »

Design og komfort

Med unntak av dei store logoane som HyperX absolutt må ha på både klokkene og toppen av bøyelen, har Cloud Flight S kanskje det mest minimalistiske designet av alle produkta til HyperX. Det minner ein del om Mobius-klona Cloud Orbit, berre med betydeleg tynnare klokker.

Hadde ein hatt Bluetooth-støtte kunne dette gjort seg som eit ganske så moteriktig tilbehøyr for musikkspeling på mobilen, men i og med at det berre støttar kopling over 2.4 GHz-bandet, er denne reservert for gamingrommet.

Cloud Flight S er ganske lette med sine 320 gram, og kviler behageleg på hovudet. Med mitt mellomstore hovud er det lite press mot øyrene. Eg kan justere bøyelene ut mykje meir enn det eg treng, slik at dei med større hovud vil nyte av den same komforten.

Kunstskinn-putene sikrar særs god komfort.
Mikkjell Lønning/Gamer.no

Putene i øyreklokkene er dei same som i Cloud Orbit/Audeze Mobius, laga i kunstskinn med minneskum for å passe øyrene best mogleg. Bøyelen har det same skinnet på undersida for å støtte hovudet. Cloud Flight S sit ganske så perfekt på hovudet mitt, og eg har eigentleg ikkje tenkt på at klokkene har vore der i det heile. Eg syns framleis at dei litt større øyreputene og den breiare bøyelputa i Cloud Alpha S er hakket meir behageleg, men begge konkurrerer heilt i toppen på marknaden når det kjem til komfort.

Det at Cloud Flight S er lokka gjer òg at dei har ein viss grad av passiv støydemping. Spesielt effektivt er det ikkje, men du forsvinn meir inn i bobla di med desse enn andre HyperX-produkt. Det gjer òg at ein kan spele høgare enn før, utan at dei i same rom som deg høyrer det.

Når det kjem til byggekvalitet ser dette ut til å leve opp til HyperX sin standard. Konstruksjonen er i stål, og alt belegg er i plast. Kor mange gongar headsettet overlever å bli kasta på golvet etter ein urettferdig død i eit spel veit eg ikkje, men det er rikeleg med fleksibilitet i bøyelen, og konstruksjonen verkar generelt solid.

Tilkopling og knappar

Produktet koplast til PC-en med ein USB-sendar, og køyrer som nemnt på 2.4 GHz radiofrekvens. Det gjer at det er «plug and play» på både PC og konsoll. Med ein effektiv avstand på nærmare 20 meter treng ein eigentleg ikkje ta dei av seg i det heile – så lenge ein er inne –, og du kan snakke med kompisane dine medan du hentar drikke i spelpausane. Forseinkinga på lyden er høgare enn optimalt, men det er ikkje nok til at ein legg merke til det.

Så vidt eg veit var Cloud Flight S det første gamingheadsettet som fekk støtte for trådlaus lading. HyperX byr heller ikkje på noko eksklusiv standard, men nyttar seg av Qi-lading. Tommel opp der.

Ein må dessverre kjøpe ladematta separat, og HyperX Chargeplay Base kostar rundt 750 kroner. Summerer ein det med kor mykje headsettet kostar, så blir det ein del pengar. No held batteriet i Cloud Flight S riktig nok koken i rundt 32 timar (utan 7.1), noko som gjer at ein eigentleg ikkje treng den trådlause ladinga. Likevel er det litt surt at det ikkje kjem inkludert med headsettet. I så fall ville dette vore eit særs godt kjøp.

Plussar me på prisen for trådlaus lading nærmar me oss den høgaste prisklassen for gamingheadsett, og Cloud Flight S er ikkje bra nok til å konkurrere der.

HyperX ChargePlay Base sørgar for evig batteri, men kostar skjorta.
Mikkjell Lønning/Gamer.no

Den trådlause ladinga fungerer ved at ein legg klokka rett på ladematta, som sikrast ved hjelp av ein magnet. Det er ei fiffig løysing.

Når det kjem til knappar finn me eit stort, taktilt rullehjul for volum på høgre klokke, som er enkelt å betene. Det er verre med knappane på venstre klokke, for dei er såpass små at ein ikkje heilt klarar å trykkje på dei i kampens heite. Ikkje utan ein del tilvenning, i alle fall.

Venstre klokke byr på påknapp, inngang for mikrofon og lading, samt ein dedikert knapp for å skifte mellom stereo-lyd og 7.1 surround. Som på Astro A50 er det òg knappar på sida som kan balansere mellom lyd på spel og stemme, liknande ChatMix. Det likar me. Men i motsetning til Astro A50 sine to knappar, har Cloud Flight S fire. Desse kan ein binde til nett kva eigenskapar ein vil i programvara, ikkje berre ChatMix. Eg har sett høgre og venstre knapp til ChatMix, toppknappen til å dempe mikrofonen, og han på botnen til å spele/pause media. Knappane er berre nokre små furer i plasten, og ein treng berre å presse inn sjølve konstruksjonen for at dei skal aktiverast. Dette vil eg gjerne sjå andre produsentar kopiere.

Noko som derimot irriterer meg er at headsettet til tider slår seg av medan eg brukar det. Viss det ikkje er blitt spelt lyd på ei stund, til dømes når eg sit og les ein avisartikkel eller noko slikt, høyrer eg eit pip. Vipps, så er lyden vekke. Då må eg fysisk slå på igjen headsettet for at det skal fungere igjen.

Lyd

Stereolyden i Cloud Flight S er i takt med det HyperX har levert før. Lydbiletet er relativt nøyaktig og balansert, og spesielt bassen er veldig presis opp mot idealet. Klangen er litt i overkant til tider, men med tanke på prisen og at dette er trådlaust, får ein ganske så grei valuta for pengane her.

Om det er til musikk, film eller spel, så vil stereomodusen takle det meste. Det er eit stykke opp til dei aller beste gamingheadsetta, men det er det jo prismessig òg.

Stereolyden er det lite å seie på. 7.1-implementeringa er derimot lite å skryte av.
Mikkjell Lønning/Gamer.no

7.1-surrounden slit eg meir med å like. Den er openbert berre meint å brukast i spel, for det høyrest ekstremt metallisk og tynt ut til alt anna. Dette er eine og aleine der for å la deg høyre fiendane betre. Det går fint an å lage 7.1-profilar som fungerer til andre ting og, så dette trekkjer ned litt for Cloud Flight S. Til musikk er det rett og slett ubehageleg å høyre på.

Til dømes i Counter-Strike: Global Offensive høyrer du fotstegein del betre med 7.1-profilen enn utan, og det kan definitivt vere ein fordel. Men til gjengjeld er lyden veldig metallisk og klangrik. Eg ville nok berre brukt stereo-profilen her, med mindre ein vil ha noko berre for å høyre fotstega til fienden. Det blir nemleg ikkje heilt det store viss ein har Discord på i bakgrunnen for å snakke med lagkameratar.

Volumet er betydeleg høgare i 7.1-modus enn i stereo, som er litt irriterande. Med stereolyd burde det kunne spelt noko høgare, men til gjengjeld er volumet ganske ekstremt samanlikna med andre gamingheadsett i 7.1.

Som med omtrent alle trådlause gamingheadsett er det òg ein del kvitt støy. Eg merkar det berre når det er heilt stille, men det er likevel såpass høgt at det kan bli eit irritasjonsmoment.

Mikrofon

Mikrofonen held stand, men stemma mi blir litt nasal.
Mikkjell Lønning/Gamer.no

Cloud Flight S-mikrofonen kan takast av, og har i utgangspunktet ikkje nokon dedikert dempeknapp. Det må ein definere på ein av dei skreddarsydde knappane på sida av venstre øyreklokke. Mikrofonen har derimot ein kjekk LED-indikator for å sjå om han er dempa eller ikkje. Lyser indikatoren oransje, veit du at lagkameratane dine ikkje kan høyre deg.

Sjølv om mikrofonen vrenger stemma mi til å bli litt nasal, er dette ein av dei betre gamingmikrofonane me har testa. Volumet er respektabelt, og mikrofonen er effektiv på å plukke ut stemma mi blant bakgrunnsstøy. Ein må ha mikrofonen nærme munnen for at han skal ta opp lyden skikkeleg, men det gjer òg at han får vekk det meste av all anna lyd. Det kan vere veldig kjekt for dei som skal høyre på at du speler med mekanisk tastatur. Sjølv om ein sit heilt oppi tastaturet, er lyden veldig dempa samanlikna med stemma mi. Lener eg meg litt tilbake kan ein nesten ikkje høyre dei lineære brytarane på tastaturet mitt.

Programvare

Me har dekkja HyperX NGenuity eit par gongar før, men no har produsenten endra omtrent alt. Utsjånad, funksjonalitet og brukarvenleik er pussa opp. Spesielt fint er det ikkje å sjå på, men programvara er enkel og oversiktleg.

Du får knappar for å dempe lyden, byte mellom stereo og 7.1, balansere ChatMix og sidetone. Det finst nokre førehandsinnstillingar for 7.1-lyden for å «optimalisere» det for ulike spel, men du får ikkje endre på det sjølv.

Programvara fungerer ikkje skikkeleg, men du treng den berre til å endre på sidetonen.
Skjermdump HyperX NGenuity

Elles har du som nemnt moglegheit til å endre eigenskapane til knappane på sida. Det er berre mediekommandoar ein kan knytte til knappane, som er eit lite minus. Eg har òg merka at programvara har ein tendens til å slutte å svare i ny og ne. Det verkar som HyperX har ein del jobb å gjere med nye NGenuity før den kan bli eit effektivt verktøy. Eg har ikkje funne noko måte å stille på sidetone (feedback av mikrofonen) på headsettet, så ein er faktisk avhengig av å bruke programvara for sidetonen. Difor er det eit solid minus at programmet ikkje fungerer skikkeleg.

Konklusjon

HyperX Cloud Flight S er eit behageleg, trådlaust headsett med god stereolyd og ein mikrofon med effektiv støydemping. Batterilevetida er særs imponerande, faktisk lengre enn det produsenten oppgir, og støtte for trådlaus lading gjer at ein i praksis aldri går tom. Gitt at ein kjøper den eksterne ladematta, da.

ChatMix er kjekt å ha, og dei programmerbare knappane på sida er skikkeleg smarte.

Det er likevel ein del faktorar som trekkjer ned. Programvara er ikkje ferdig, 7.1-lyden er dårleg og prisen gjer at Cloud Flight S er langt mindre attraktivt enn til dømes HyperX Cloud Alpha-produkta. I alle fall dersom ein handlar Chargeplay Base i tillegg. Den er dyr.

Det største problemet syns eg likevel er mangelen på Bluetooth. Dette gjer at eit headsett eg gjerne kunne brukt på bussen eller på lesesalen, må ligge på pulten heime. Sjølv om Cloud Flight S har betre lyd enn HyperX Cloud Mix, ville eg heller gått for det. Det er vanleg at 2.4 GHz-headsett har støtte for begge tilkoplingsmåtane, og det syns eg verkeleg dette burde hatt òg. Ein kan alltids bruke eit adapter, men sendaren er såpass stor at det ville vore veldig upraktisk.

Lyst til å lese meir om maskinvare og gamingtilbehøyr? Sjekk ut maskinvare-sidene våre »

6
/10
HyperX Cloud Flight S
HyperX prisar seg vekk frå konkurransen med Cloud Flight S.
Imponerande batterilevetid
Støtte for trådlaus Qi-lading
Grei mikrofon med effektiv støydemping
Topp komfort
ChatMix
Smarte knappar du kan skreddarsy
God lyd
Robust byggekvalitet
Ladematte må kjøpast eksternt
Ingen Bluetooth
Kvitt støy
Headsettet slår seg av automatisk i bruk
Skuffande 7.1-modus

Siste fra forsiden