Test

HyperX Cloud Orbit S

Bankar alle andre gamingheadset ned i støvlane

HyperX har fått lage ein billigare versjon av Audeze Mobius.

Mikkjell Lønning/Gamer.no

For ei stund sidan delte me ut vår første toppkarakter til Audeze Mobius, eit audiofilheadset retta mot gaming med hovudsporing, eminent 7.1-surround og fabelaktig lyd. Mobius lanserte til 5000 kroner då det kom ut, og er no nede i rundt 4000 kroner.

Det kostar skjorta, med andre ord.

For dei som ikkje er interesserte i å bruke fullt så mykje på eit gamingprodukt, er det no kome ein ny versjon av Mobius, lisensiert av HyperX. Dei kuttar Bluetooth-koplinga, men kjem med den same, fantastiske lyden til rundt 700 kroner mindre. HyperX Cloud Orbit S er Mobius utan Bluetooth, mens den endå billigare HyperX Cloud Orbit kuttar 3D-sporinga i same slengen, til 500 kroner mindre enn S-versjonen.

Me kjem ikkje til å gå like mykje i djupna i denne testen som med Mobius, då det meste er likt. De kan lese den testen her for meir informasjon om teknologien. Programvare, lydkvalitet og mikrofon er alt identisk, så me har difor sløyfa delen om programvare og litt av det om lydkvalitet i testen.

Design og komfort

Når det kjem til komfort og byggekvalitet er Cloud Orbit S identisk med Audeze Mobius. Det er ikkje det aller mest behagelege headsettet der ute, men det er ikkje langt unna, heller. Cloud Orbit S har vore makkeren min på heimekontoret den siste stunda, og eg tenkjer sjeldan på at dei er der. Ein heil dag med gaming er null problem. For dei med store hovud kan moglegvis den nedre delen av klokka ha litt mykje press, men det venner ein seg til.

Det er rikeleg med fleks i bøyelen, slik at det skal veldig mykje til for at desse knekk. Ein kan vri og vende på dei i alle retningar.

Skilnaden mellom dei to modellane går i dette tilfelle på utsjånad. Mobius ser eigentleg ikkje ut som noko gamingheadsett, men når ein erstattar dei flotte, gullfarga prikkane på sida med ein HyperX-logo, blir saka annleis. HyperX brukar same logo og svartfarge som på dei andre Cloud-produkta sine, og slik sett ser han mest ut som ein forvaksen versjon av HyperX Cloud Mix.

Tilkopling og knappar

Cloud Orbit-headsetta er ikkje like fine som Mobius, men med tanke på at ein ikkje har Bluetooth-støtte på dei, er ikkje det så viktig. Du kjem neppe til å ta med deg desse på toget eller bussen. Mobius/Orbit er uansett ikkje det beste motetilbehøyret, for dei stikk godt ut frå hovudet ditt.

Desse kan berre køyrast med kabel, enten via USB eller 3.5-millimeter. Cloud Orbit S har eit batteri som varar i ti timar, som du ladar opp med USB. Dette lar deg ikkje køyre headsettet trådlaust, men du får bruke alle dei same funksjonane som på USB via AUX-kabelen.

Mangelen på Bluetooth er ikkje noko stort problem, for ein kan jo berre kjøpe Mobius i staden. Dei som har forsterkar eller DAC syns gjerne det er irriterande å måtte bruke batteri for 3.5-millimeter-porten, men Cloud Orbit bør ikkje brukast med forsterkar. Dersom ein gir Cloud Orbit S for mykje kraft kan det skape forvrenging av lyden, og i verste høve skade drivaren.

Knappane er dei same som på Audeze Mobius, men 3D-knappen forsvinn på den billige varianten.
Mikkjell Lønning/Gamer.no

Elles er alt anna likt. Du får USB C-plugg, 3.5-millimeter-port og rullehjul for lyd- og mikrofonvolum, saman med dempeknapp for mikrofon og ein eigen knapp som rullerer mellom 3D-modusane.

Lyd

Eg har brukt Audeze Mobius i nokre månadar no, og det er lite å seie på lyden. Han er skikkeleg, skikkeleg god. Dei planarmagnetiske drivarane leverer den beste bassen eg har opplevd på eit gamingheadsett, med skarp og balansert diskant, detaljerte høgtonar og framfor alt eit veldig nøytralt lydbilete med stor breidde. Du høyrer nyansar i musikk du elles ikkje ville gjort med andre gamingheadset. Eksplosjonane i Call of Duty får ny djupne, motorlyden i Forza-spela får litt ekstra kraft.

Som allrounder er dette ei heilt fantastisk løysing. 7.1-surroundlyden er den desidert beste me har testa. Men det fungerer ikkje til alt. I skytespel vil du ikkje høyre fotstega i nærleiken av like effektivt som med til dømes Audio-Technica sin ATH-AD-serie, som er min gullstandard for spel som Counter-Strike og PUBG. Cloud Orbit S gjer naturlegvis ein betre jobb enn dei fleste gamingheadsett, men dei passar best for folk som driv med ei rekkje ulike spel. Er du av typen som berre har Counter-Strike i Steam-biblioteket ville eg gått for noko anna.

Skilnaden mellom Audeze Mobius og HyperX Cloud Orbit S går eigentleg berre på det visuelle og Bluetooth.
Mikkjell Lønning/Gamer.no

Eit lite minus er at du høyrer kvitt støy når Cloud Orbit S er kopla til med USB. Eg merka ikkje like mykje til dette med Mobius, så eg vil tru dette varierer litt frå eksemplar til eksemplar. Mobius kan nok òg få same problem i og med at alt det interne er identisk. Blir det for ille, så er det berre å spørje om å få tilsendt eit nytt eksemplar.

3D-hovudsporinga er framleis noko som er mest for moro skuld i gaming, men eg forstår kvifor folk vil ha det. Det er difor greitt at ein kan velje mellom Orbit og Orbit S, slik at dei som ikkje er interesserte i hovudsporing kan spare ein halv tusing.

Mikrofon

Mikrofonen var det einaste eg hadde grunn til å kritisere med Mobius, då han ikkje er heilt god nok for ein prislapp på 4000–5000 kroner. Problemet var lågt volum, og det er framleis her. Lydprofilen er òg litt nasal, så eg antar dei har nytta akkurat den same mikrofonen.

I prisklassen rundt 3000 kroner er ikkje skilnaden til andre mikrofonar fullt like stor lenger, men du må framleis ha mikrofonen omtrent heilt inntil leppene for at han skal plukke opp stemma di skikkeleg. Med lydnivået for mikrofonen i kontrollpanelet på 80 prosent er ein akkurat på grensa til at det blir litt sus i bakgrunnen, men sjølv då får eg ikkje skikkeleg volum utan å tidvis omtrent smake på mikrofonen.

Etter å ha brukt både Mobius og Orbit ein del meir, syns eg kanskje eg var litt for snill i den førre testen. Skal du drive med hobbystrøyming så held ikkje dette mål, og du får nok ein og anna klage frå vener på Discord som må slå opp volumet på deg.

Konklusjon

Når det kjem til lyd, komfort og byggekvalitet er det liten tvil om at HyperX Cloud Orbit S er eit eineståande headset. Det fremste trekkplasteret er heilt klart lyden, som er fantastisk bra. Syns du det er greitt å kutte ut den trådlause tilkoplinga er slik sett Orbit S eit betre kjøp enn Mobius. Bryr du deg ikkje om 3D-lyden kan du spare endå meir pengar, noko dei aller fleste sannsynlegvis kjem til å gjere.

HyperX Cloud Orbit S er dyrt, men sett i forhold til andre planarmagnetiske headsett er ikkje prisen så ille. Vurder gjerne den endå billigare modellen viss du ikkje vil ha hovudsporing.
Mikkjell Lønning/Gamer.no

Cloud Orbit S har allereie vore nede på rundt 2700 kroner, og då får du faktisk ganske mykje for pengane her. Her gjeld det eigentleg berre å tenkje på kva ein treng. Audeze Mobius kjem nok til å falle ned mot 3000 kroner på sal den òg, men viss du veit du ikkje kjem til å ta det med vekk frå pulten, er det like greitt å gå for HyperX sitt alternativ. Den einaste reelle skilnaden, sett vekk frå Bluetooth, er utsjånaden og prisen.

Når ein ser kor dyre andre headset med planarmagnetisk drivar er, er det eigentleg lite å seie på 3300 kroner for Orbit S når ein får mikrofon og 7.1-surround med i same slengen. Det er kjekt å sjå at det kjem fleire alternativ med denne typen drivar til gamermarknaden. Eg skulle likevel ønskje at dei hadde pussa litt på mikrofonen, for HyperX har strengt tatt betre mikrofonar enn dette på langt billigare headset.

No er det i praksis tre eksemplar av det same headsettet ute på marknaden, der ein kan velje nett kva funksjonar ein treng. Det er litt som å byggje sitt eige headsett. Eg ville nok gått for den billigaste modellen, for den har den same, eineståande lyden, med ein pris som ikkje tømmer kontoen heilt.

Me justerer ned karakteren eit lite hakk på grunn av at mikrofonen framleis er for svak, men når det kjem til lydkvalitet slår HyperX Cloud Orbit S og Audeze Mobius alle andre gamingheadset ned i støvlane.

Lyst til å lese meir om maskinvare og gamingtilbehør? Sjekk ut hardware-sidene våre »

9.5
/10
HyperX Cloud Orbit S
Mobius-kopien til HyperX byr på fantastisk lyd, men veslebroren er nok eit betre kjøp.
Fantastisk lydkvalitet
7.1-surround på eit nytt nivå
Komfortabel over lengre periodar
Solid byggekvalitet
3D-lyd
Innovativ programvare
Dyr
Lydsvak mikrofon. Ingen ChatMix
Tendensar til kvitt støy

Siste fra forsiden