Test

Fourze GM800

Danske produsentar lagar kinakopiar i aust og vest. Men er dei betre?

Me testar om kopien kan slå originalen frå Glorious Odin.

Mikkjell Lønning/Gamer.no

Glorious Odin er produsenten som gjorde fjørlette gamingmus populært, etter at Finalmouse starta kampen om å gjere dei lettare og lettare. Model O er den mest selde blant Glorious sine produkt, og har inspirert ein del kopiar. Model O er for så vidt ein kopi sjølv, som er basert på forma til mus frå Zowie.

Det at produsentar kopierer kvarandre er ikkje nytt. Det er vel ikkje mogleg å ta patent på forma til ei gamingmus, og difor florerer det av kopiar på marknaden. For ikkje så lenge sidan testa me ein dansk kinakopi med nokre få endringar, som me strengt tatt likte betre enn originalen. No har me nok ein dansk kinakopi på testbenken, og denne er ein karbonkopi av Model O.

Kvifor det er akkurat danskar som driv og handlar så veldig med billige konstruksjonar på Alibaba er eg usikker på, men det er ei anna sak. Fourze GM800 kostar 100 kroner mindre enn Model O, og har ein overlegen sensor. Det gjer produktet til ein reell konkurrent.

Har Fourze gjort ein god nok jobb til at GM800 kan ta plassen til Model O?

Design og komfort

Det skal litt til for å finne skilnadar mellom Fourze GM800 og Model O. Når det kjem til konstruksjonen er dei i praktisk identiske, med unntak av kvar RGB-stripa er. På Model O sit den over sideknappane, medan GM800 har stripa langs botnen av musa.

GM800 er ein av fleire Model O-kloner som har dukka opp på AliExpress og Amazon i det siste.
Mikkjell Lønning/Gamer.no

Bikake-designet er heilt likt, ned til kvart minste hol. Eg reagerer ikkje så mykje på at forma er lik, men akkurat dette kunne dei kanskje gjort noko med. Det er ein drøss av mus på Amazon med akkurat same design, med ulike produsentnamn på, så dette er nok berre noko Fourze har hive på logoen sin på. CTBTBESE Z100, AJazz AJ390 og Fourze GM800 brukar alle saman eksakt same konstruksjon.

Kabelen er i skolisseform, men ikkje like god som Paracord eller som kabelen til Model O.
Mikkjell Lønning/Gamer.no

Som Model O er dette ei stor, ambidekstriøs mus som fungerer best i klo- og handflategrep. Dei har nett dei same dimensjonane, men GM800 er ein del tyngre enn Model O. Medan Model O viser rundt 65 gram på vekta, veg GM800 72 gram. Det har nok litt med at dei har laga logoen sin i RGB under skalet.

Kabelen er heller ikkje like god. Sjølv om GM800 brukar ein skolissekabel, er den ikkje i nærleiken av å vere like mjuk og fleksibel som den Glorious har.

Dette er altså ein tyngre og litt dårlegare versjon av Model O når det kjem til design, men til gjengjeld kostar ho mindre. Det er ein balansegang her.

Knappar

Fourze GM800 har fem knappar og eit klikkbart rullehjul, nett som alle dei andre Model O-klonane. Rullehjulet er eit av få forskjellar frå Model O, som har fastare trinn og rullar litt kjappare. Dette hadde eg likt betre enn Model O sitt, hadde det ikkje vore for at byggekvaliteten er av det skrale slaget. Etter berre ein knapp dag med bruk, byrja det å lage knirke- og pipelydar. Det held ikkje mål.

Plasseringa av sideknappane er heilt lik, men desse har mjukare tilbakemelding og lengre vandring.
Mikkjell Lønning/Gamer.no

Samstundes har ikkje GM800 problem med at sideknappane aktiverast viss ein pressar inn sida av musa, slik som Glorious sin modell har. Så der er GM800 betre på byggekvalitet. Glorious har òg hatt barnesjukdomar med rullehjulet, noko som nesten gjer at denne kan bli betre enn Model O når det kjem til byggekvalitet med ei oppdatering i neste produktparti.

Under høgre- og ventre museknapp finn me Omron-brytarar som skal halde 20 millionar klikk. Det er eigentleg betre kvalitet enn eg venta, så desse held fint takt med Model O. Lyden er noko mørkare enn den på Model O, men det er liten forskjell på vandring og tilbakemelding.

Når det kjem til sideknappane er dei naturlegvis plassert likt, men dei på GM800 har mjukare tilbakemelding og lengre vandring. Dei er klart svakare. Knappane minner meir om dei Zowie brukar på S-serien sin, som eg er veldig lite fan av.

PPT-knappen på toppen er identisk med Model O, men GM800 har eit lite ess i erme. På undersida finn ein nemleg ein knapp som justerer løftedistanse, slik at ein kan gjere det utan programvare. Det er kjekt å ha, men det er neppe noko ein brukar meir enn den første gongen ein set opp musa. Eventuelt viss ein kjøper ny musematte – så akkurat det er ikkje noko stort tap for Model O.

Sensor

RGB-lysa gjer meir ut av seg på GM800 enn dei gjer på Model O.
Mikkjell Lønning/Gamer.no

Når det kjem til rå yting er GM800 betre enn Glorious sine produkt på papiret. Denne har nemleg ein PixArt PMW3389-sensor, mot Model O-versjonanes PMW3360. 3389-sensoren har noko høgare sporefart (IPS) og har moglegheit til å justere PPT med trinn på 50, medan 3360-sensoren berre kan justere opp med trinn på 100.

Forskjellen på PPT trur eg neppe nokon kjem til å bry seg om, og sporefart-ulikskapane er så små at dei aldri blir noko faktor anna enn på papiret. No har heller ikkje programvara til GM800 støtte for å endre PPT med trinn på 50, og grunnen til det kjem eg tilbake til under.

I sum byr GM800 på ein feilfri sensor som teknisk sett er betre enn den Glorious har, men den tar ikkje nytte av dei få plussa som den har. Likevel er det veldig få 3389-mus sør for 500 kroner på marknaden, noko eg poengterte i testen av Nordic Gaming Vapour òg. Me får faktisk veldig mykje for pengane her.

RGB og programvare

Programvara er den same som Glorious, Ajazz og Nordic Gaming brukar.

Grunnen til at GM800 ikkje har moglegheit til å endre PPT med mindre enn 100 av gongen, er rett og slett at den brukar same programvare som Model O. Først trudde eg at dei berre hadde kopiert programvara òg, men det viser seg at sjølv Glorious berre har kjøpt ein lisens på eit kinesisk program av noko slag.

Fourze GM800 og dei andre klonene har ein litt annleis RGB-løysing med ei stripe på botnen av musa og ein RGB-logo, slik der er det nokre nye færehandsinnstillingar for fargane. Men elles er alt heilt, heilt likt. Ned til den minste funksjon.

Viss ein først handlar denne, så er det ein ting som er viktig å hugse på i programvara. «Improve pointer precision» er slått på i utgangspunktet, som verkeleg bør vere av. Funksjonen fører til akselerasjon av peikaren, noko ein verkeleg ikkje vil ha i spel.

Konklusjon

Fourze GM800 er i praksis ein litt dårlegare Model O til noko lågare pris. Eg er langt meir skeptisk til byggekvaliteten til denne på grunn av at dette er ein kinakopi å rekne, men det at den ikkje har det same problemet med sideknappane som Model O har, får meg til å tru at det sannsynlegvis er litt hipp som happ. Det er problem med alle produkt, og eg kan ha vore uheldig med rullehjulet på denne.

Så lenge produktet blir seld av norske forhandlarar kan ein alltids få ny mus viss ein høyrer knirking, og RGB-fargane gjer meir ut av seg på GM800 enn på Model O. Viss ein først får eit produkt som fungerer som det skal er det ikkje langt unna ein Model O.

Hadde det ikkje vore for knirkinga hadde eg faktisk likt dette rullehjulet betre, men til gjengjeld er sideknappane betydeleg betre på Model O. Høgare vekt og svakare kabel gjer òg Model O til eit betre val totalt sett.

GM800 kjem neppe til å bli spesielt populær her i landet, og då kan ho fort hamne på sal. Skjer det, er det eit særs godt kjøp å gjere her. 3389-mus pleier å koste langt meir enn det denne gjer.

Lyst til å lese meir om maskinvare og gamingtilbehøyr? Sjekk ut maskinvare-sidene våre »

7.5
/10
Fourze GM800
Kinakopiar kan vere gode kjøp, men akkurat denne modellen er slått av Model O.
Skolissekabel
Låg vekt
Flott RGB
Betre rullehjul enn Model O
Feilfri sensor
Behageleg i bruk
Svakare sideknappar enn Model O
Svakare kabel enn Model O
Ulyd i rullehjul
Tyngre enn konkurrenten

Siste fra forsiden