Test

Glorious Model O-

Glorious Odin har verkeleg knekt koden for gamingmus

Me har testa den forminska versjonen av den kjempepopulære gamingmusa.

Mikkjell Lønning/Gamer.no

Lanseringa av produkta til Glorious Odin tok gamingverda med storm i fjor, og førre veke kom dei med si nye, store gamingmus – Model D. Me har ikkje heilt klart å halde følgje med dei når det kjem til lanseringane, så me tar ein runde med Model O- først.

Me har allereie testa den vanlege Model O, som er grunnen til at me sløyfar dei vanlege delane om sensor (PMW3360), knappar, programvare og RGB i denne testen. Storleik er forskjellen her, så difor lagar me ein korttest med blikket retta mot det som er nytt.

Du kan lese den første testen vår her: Test av Glorious Model O »

Model O- kjem til same pris som storebroren, og du kan velje mellom enten svart eller kvit, med blank eller matt finish – nett som med den andre versjonen.

Design og komfort

Lanseringa av Model O- handlar først og fremst om forma. Dette er ei særs lita datamus, som passar dei med mellomstore eller små hender. Dei som brukar klo- eller fingertuppgrep vil nok få mest ut av produktet.

Glorious Model O har vore gjennom ein makeover, og nyversjonen er endå betre enn den førre.
Mikkjell Lønning/Gamer.no
Ryggen er ganske låg, som kan kreve ein liten tilvenningsperiode.
Mikkjell Lønning/Gamer.no

Eg har klogrep sjølv, og syns denne ligg perfekt i handa mi. Den når ikkje heilt opp til forma til Zowie sin S2 etter mi meining, men før Zowie kjem seg opp av stolen og lagar ein monaleg lettare og mindre versjon av produktet sitt, er dette eit betre val. Det einaste som krev litt tilvenning her at ryggen er ganske låg, så du får ikkje like mykje støtte med klogrep som på til dømes Finalmouse Ultralight 2. For dei med fingertuppgrep er det vanskeleg å finne noko betre enn dette, trur eg.

Den vanlege Model O veg 68 gram, og veg denne 58. Vektreduksjonen er ikkje all verda, men det er nok til at eg merkar forskjellen. Glorious Odin er altså godt med i racet om å lage lettare og lettare datamus, og eg gleder meg til å sjå kva det neste dei kokar i hop blir, etter Model D.

Kabelen er òg den same, og kjennest omtrent som den er trådlaus. Etter lanseringa av O-serien har ganske mange meldt om problem med at kabelen blir øydelagd etter kort tid, på grunn av brot på tilkoplinga. Eg har ikkje merka noko til dette enno med min, men Glorious skal i alle fall ha fiksa dette på dei nyaste versjonane av produkta sine.

På utkikk etter ny gamingmus? Les guiden vår først »

Sideknappane er perfekt plasserte, men det har vore litt rusk med eksemplaret eg fekk.
Mikkjell Lønning/Gamer.no

Knappar

Det meste er identisk her med den andre, men eg må nemne at eg var uheldig og fekk ein versjon med lealause museknappar. Spesielt høgre museknapp er veldig laus, og eg kjenner den rikke fram og tilbake under bruk.

Dette er visstnok ein produksjonsfeil, så me får tilsendt ein ny. I utgangspunktet tenkte eg at eg difor ikkje skulle ta med dette i vurderinga, men etter litt meir bruk lausna gummien på rullehjulet òg. Eg hadde ingen feil på den vanlege Model O, så eg har nok hatt litt uflaks. Likevel syns eg det har vore såpass mykje trøbbel at eg held tilbake toppkarakteren førebels. Eg skreiv nemleg i den andre testen at eg trudde eg kom til å ta fram tiaren her, men me ventar til den neste versjonen kjem i posten, så kan eg eventuelt skru opp karakteren eit hakk.

Eg har ein ganske tidleg versjon, men så vidt eg veit er det framleis ein risiko for å få eit produkt med slike feil. Då er det berre å sende den i retur.

Konklusjon

Forskjellane mellom dei to brørne går mest på vekt og storleik.
Mikkjell Lønning/Gamer.no

Glorious Odin har verkeleg knekt koden for gamingmus. Får dei nokre år på ryggen og litt erfaring med kvalitetskontrollen, trur eg at dei fort kan bli det leiande merket på marknaden.

Model O- tar vare på dei beste delane av storebroren mens den reduserer vekt og storleik. Det er nett det eg ville ha. Med eit betre rullehjul til neste generasjon nærmar me oss det perfekte gamingverktøyet her.

Frå venstre: Zowie S2, Glorious Model O, Glorious Model O- og Finalmouse Ultralight 2.
Mikkjell Lønning/Gamer.no

2019 har vore eit megaår for gamingmus, med den eine overraskinga etter den andre. Me er i ferd med å snikre saman ein ny samletest, og det er jammen meg ikkje enkelt å finne ut av kva som skal ta førsteplassen på lista vår. Med Glorious Odin, Finalmouse, Razer Viper, CoolerMaster MM710 og Logitech G Pro Trådlaus med i kampen, blir det tett på pallen.

Lyst til å lese meir om maskinvare og gamingtilbehør? Sjekk ut hardware-sidene våre »

9.5
/10
Glorious Model O-
Glorious Odin har verkeleg knekt koden for gamingmus.
Rimeleg
Flott RGB
Fjørlett
Skolisse-kabel
Feilfri sensor
Særs komfortabel i bruk, spesielt med fingertuppgrep
Styr med kvalitetskontrollen
Middels rullehjul

Siste fra forsiden