Test

Nordic Gaming Vapour

Svinbillig kinakopi slår bestseljar

Danske Nordic Gaming har kopiert i aust og vest, men resultatet er overraskande godt.

Mikkjell Lønning/Gamer.no

Etter at Finalmouse og Glorious gjorde lette gamingmus populære, har det kome ein jamn straum av billige kinakopiar på Amazon, Alibaba og eBay. Det har Nordic Gaming frå Danmark fått med seg.

Danskane har handla både konstruksjonen og programvara på billigsal til si nye mus; Nordic Gaming Vapour. Her får du ei fjørlett gamingmus med fleksibel kabel, feilfri sensor og overraskande høg kvalitet – og det til ein billig penge. Vapour er veldig lik G-Wolves Hati, men Vapour kostar faktisk 200 kroner mindre enn konkurrenten, samstundes som ho byr på ein betre sensor.

Her er det faktisk godt mogleg at kinakopien vinn.

Design og komfort

Me har ikkje testa G-Wolves sine produkt enno, men forma til Vapour ser ut til å vere omtrent identisk med G-Wolves Hati. Produktet har òg særs mange fellestrekk med til dømes Glorious Model O, berre utan komfortgrovene på museknappane. Vapour har òg museknappar som er rundare i forma, som gir Vapour ein litt betre utsjånad.

Nordic Gaming Vapour er klipp og lim frå andre produsentar, men når det fungerer, så er det eigentleg heilt greitt.
Mikkjell Lønning/Gamer.no

Vapour er ei mellomstor gamingmus som passar best for klogrep og fingertuppgrep. Skytespel er openbert hovudformålet, nett som for Glorious sine produkt. Med klogrepet mitt syns eg dette er eit glimrande verktøy i spel som Valorant, og musa er ganske så behageleg for å vere ambidekstriøs (men ho har berre knappar på ei side). I og med at Vapour er relativt kort må ein kvile handbaken godt nedpå pulten, men Vapour ligg framleis komfortabelt i handa over lange periodar. Grepet kunne vore noko betre viss produsenten hadde brukt ei anna overflate, for det er ikkje berre plast i konstruksjonen. Det gjer ho litt glattare enn ho burde vere.

Takka vere bikakekonstruksjonen viser vekta berre 61 gram med Vapour oppå, som passar som hand i hanske i den nye trenden om fjørlette gamingmus. Kabelen er ikkje fullt like bra som kva Glorious og Finalmouse brukar, men han er milevis betre enn ein vanleg gummikabel.

Bikakekonstruksjonen sikrar låg vekt, og byggekvaliteten er langt meir solid enn ein skulle tru.
Mikkjell Lønning/Gamer.no

Konstruksjonen er nok basert på eit skal ein kan kjøpe på Alibaba, så det er noko uvisst kor mykje produsenten har gjort sjølv her. Eg hadde eigentleg forventa at byggekvaliteten skulle vere ganske svak på grunn av dette, men så langt har eg ikkje sett noko teikn til at denne er verre enn til dømes Model O. Faktisk har Model O eit problem med at sideknappane aktiverast dersom ein legg press på sida av musa, og det er ikkje tilfelle her. Det er ingen ulydar i konstruksjonen av noko slag.

Føtene er det eg har mest problem med, for dei skrapa opp mot musematta i byrjinga. Det gav seg etter kvart. Produsenten opplyser òg om at dei kjem til å skifte ut desse over sommaren, så parti kjøpt etter i sommar vil ha betre føter.

Knappar

Nordic Gaming Vapour har seks knappar og eit klikkbart rullehjul. Museknappane har kort vandring, kjapp respons og ein skarp klikkelyd. Blå Huano-brytarar bør sikre at desse held koken i lang tid.

Ein liten PPT-knapp på toppen lar deg rullere gjennom PPT-trinn, og ein brytar på undersida skiftar på kva mønster RGB-lyset har.

Sideknappane er i perfekt plassering for mi hand, der eg berre treng å rulle opp tommelen for å trykkje dei inn. Dei er noko mjukare enn eg ville hatt dei, men har ein fin, skarp lyd. Plasseringa gjer meir enn opp for den mjuke tilbakemeldinga, så dette er topp kvalitet.

Sideknappane er perfekt plassert i forhold til tommelen.
Mikkjell Lønning/Gamer.no

Rullehjulet er det eg er klart minst imponert over. Det er eit gummihjul med mjuke trinn, og er ganske midt på treet. Ingenting gale med det, men det kunne med fordel vore meir behageleg i bruk.

Sensor

3389-sensoren er det sjeldan ein finn på så billige produkt.
Mikkjell Lønning/Gamer.no

Det som verkeleg overraskar med Nordic Gaming Vapour er at dei har fått inn ein PixArt PMW3389-sensor i ho. I denne prisklassen er det nokre få PMW3360-mus, men 3389-sensorane pleier å koste ein del meir.

3360 og 3389 er i praksis like i bruk, men på papiret har 3389 noko høgare oppløysing og sporefart. Det gjer at det kanskje, ein eller annan gong, vil gi deg ein liten fordel ovanfor motstandaren din i eit skytespel.

Ytinga er feilfri. Sporinga er presis, det er ingen teikn til akselerasjon og sensoren spinn ikkje ut. Slik sett er det veldig mykje for pengane her.

RGB og programvare

Eg blei noko paff då eg oppdaga at Nordic Gaming Vapour har akkurat den same programvara som Glorious Odin brukar på sine produkt. Først mistenkte eg at dette var regelrett tjuveri, men det viser seg at programvara blir seld frå Kina til ei rekkje produsentar.

RGB-lyset er langt frå det mest omfattande, men det har nokre kule modusar.
Mikkjell Lønning/Gamer.no

Alle funksjonane i programvara er identiske med dei som Glorious har. Du kan gi nye eigenskapar til knappane, skifte mellom seks ulike PPT-profilar og endre på RGB, rapporteringshastigheit og fart på dobbelklikking. «Improve pointer precision» står på frå starten, som ein bør slå av med ein gong. Det fører nemleg til akselerasjon.

RGB-elementa har åtte ulike modusar. Nordic Gaming gir standardmodusane slik som bølgjeeffekt og pulseffekt, men òg nokre nye. «Twinkle Stars»-effekten er ganske kul. Den gir inntrykk av at ein har reine stjernehimmelen på pulten.

RGB-elementa går langs botnen av musa, på logoen inni konstruksjonen og i rullehjulet. Det er berre den siste ein ser i bruk på grunn av handplassering, men lysa er fine nok for dei som likar RGB.

Konklusjon

Eg er veldig overraska over kor godt eg likar Nordic Gaming Vapour. No som eg skriv konklusjonen tar eg meg sjølv i å tenkje at eg må skru ned karakteren berre fordi det er ein kopi, men for oss forbrukarar så har jo strengt tatt det ingenting å seie. Ein kan ikkje ta patent på forma til ei gamingmus.

Det er vanskeleg å ikkje gi ein høg karakter til dette produktet.
Mikkjell Lønning/Gamer.no

Denne er billigare enn alle Glorious sine produkt, betydeleg billigare enn G-Wolves sine, og har ein betre sensor. Byggekvaliteten ser faktisk ut til å vere overlegen den òg. Museføtene og kabelen er ikkje like bra som på dei andre, men Nordic Gaming køyrer som sagt ut ein ny versjon med betre føter over sommaren. Dette er heller ikkje slik at forskjellen er all verda.

For meg er Model O- ei betre form på grunn av storleiken, men eg syns kanskje denne er å føretrekkje over vanlege Model O. Zowie S2, som Model O er basert på, er òg bitte litt meir behageleg for meg. Men heller ikkje opp mot Zowie S2 er forskjellen stor.

Det er rart å seie dette om ein kinakopi, men her er det berre å fyre på med kjøp. Vent gjerne til hausten viss du vil, men sjølv no er dette eit skikkeleg, skikkeleg bra tilbod.

Lyst til å lese meir om maskinvare og gamingtilbehøyr? Sjekk ut maskinvare-sidene våre »

9
/10
Nordic Gaming Vapour
Eit fenomenalt kjøp til denne prisen.
Låg vekt
Velplasserte sideknappar
Fin RGB
Blant dei beste formene for gaming
Feilfri sensor
Skolissekabel
Grei programvare
Solid
Skrapete føter
Kabelen når ikkje heilt opp til dei beste konkurrentane
Middels rullehjul

Siste fra forsiden