Test

Glorious Model D

Glorious Odin leverer nok eit vinnarprodukt

Model D er produsentens mus for dei med store hender og behov for ergonomi.

Mikkjell Lønning/Gamer.no

Marknaden for gamingmus er blitt dominert av superlette produkt. Glorious Odin er ein av leiarane i den utvikling, der me har tatt fram niaren til både Model O og Model O-. No har me fått hendene på den store, ergonomiske musa deira for høgrehendte, Model D.

Model D har mange fellestrekk med Model O når det kjem til vekt, byggekvalitet og teknologi. Forma er det som gjer denne unik. Som med Glorious sine andre produkt er prisen heller ikkje nokon avskrekkande faktor, då musa har gått for rundt 600 kroner. No er Model D justert opp med ein femtilapp på grunn av låg kronekurs.

Her får du ei behageleg form, populær og utprøvd teknologi, låg vekt og fin RGB til ein rimeleg penge.

Design og komfort

Model D er tvilling med Model O når det kjem til det meste. Produktet har den same, fjørlette og fleksible kabelen, som matchar dei beste frå Paracord. Det gjer at forskjellen til ei eventuell trådlaus utgåve ikkje vil vere all verda, sjølv om det er mange som ventar på noko slikt frå Glorious.

På vekta er dei òg identiske. Begge veg 69 gram, som er vel innanfor den nye trenden om lette gamingmus. Det er blitt ei etablert sanning at ein er meir treffsikker og betre sikra mot skade i arm og hand med lettare gamingmus. Om det faktisk er tilfelle må me nesten vente på forsking om, men for min del syns eg det er vanskeleg å gå tilbake til noko over 80 gram for tida. Eg speler betre med lettare produkt. Spesielt flikking og sporing verkar enklare, og no speler dei aller fleste proffspelarar med lette mus.

Model D er høgt ettertrakta, også blant ugler, fann me ut. Musa kjem med både matt og glossy overflate, og i enten svart eller kvit.
Mikkjell Lønning/Gamer.no

Konstruksjonen er i same plast som Glorious sine andre modellar. Og full av hól. Det er eit lite minus at ein må bruke meir tid på vedlikehald då, men det er ikkje verre enn å ha ein boks med trykkluft ståande – noko ein uansett bør ha for å reingjere datamaskinen i ny og ne. Byggekvaliteten er, som alltid, klart betre enn hos Finalmouse.

Forma er altså den største skilnaden. Model D er laga for ergonomi, men om ein skal velje denne i staden for til dømes Model O, handlar mykje om kva grepstype ein har. For fingertuppgrep er ikkje denne så veldig vits i, for ein må halde ganske langt bak på musa for at det skal fungere. Det blir ikkje sunt i lengda.

Handflategrep er best, medan klogrep og hybridgrep fungerer fint dei òg. Med handflategrep fyller Model D mine hender på 18,5x9 centimeter nokolunde perfekt, men eg trur dei med endå større hender vil like ho betre.

Den fremste konkurrenten til Model D er Xtrfy M4 RGB, som er laga med nokolunde same designfilosofi. Vekta, byggekvaliteten og forma er ganske lik, men kabelen på M4 er litt stivare. Forma er, som alle andre Glorious-produkt, kopiert frå Zowie. Den er heilt lik EC-serien, men Zowie har gjort lite for å fornye sine produkt dei siste åra. Dei fell difor langt bak når det kjem til vekt.

Xtrfy M4 er ein av hovudkonkurrentane, men Model D passar betre for dei med større hender.
Mikkjell Lønning/Gamer.no

Til trass for mange fellestrekk med Xtrfy M4, er ikkje dei to like. Museprodusentar kopierer kvarandre i hytt og pine, så det finst ein myriade av produkt som har nokolunde same form. Model D er ei stor gamingmus, men M4 passar meir med mellomstore hender. Altså vil Model D passe best for dei med hender over 19 centimeter i lengde og 9 centimeter i breidde.

M4 har spisse kurver og lange museknappar, medan Model D er høgare og meir avrunda med mjukare kurver. Breidda er det ein merkar mest til med tanke på storleiken, sjølv samanlikna med Model O. Så vidt eg veit er vel Glorious Model D, Finalmouse Ultralight og Finalmouse Air58 dei einaste store produkta under 70 gram, og Finalmouse sine mus er jo ikkje ergonomisk forma. Slik sett er denne ganske unik.

Knappar

Glorious Model D har fem knappar og eit klikkbart rullehjul. Eg har aldri vore nokon stor fan av dei mjuke trinna på rullehjula til Glorious. Rullehjulet er ofte der ein ser dei første teikna til svak byggekvalitet med knirking og ulydar, men det har eg i alle fall ikkje høyrt noko til.

Anna enn litt høge sideknappar er det lite negativt å seie om Model D.
Mikkjell Lønning/Gamer.no

Sideknappane er i det høgaste laget. Dei har skarpe klikk og god tilbakemelding med kort vandring, men sjølv for dei med større hender er dei ganske langt over pulten. Eg pleier å kvile tommelen min rundt ein millimeter eller to over musematta, og gjer eg det her, er det langt opp til knappane.

Museknappane har dei same skarpe klikka som på M4 RGB, men òg ein strammare og kortare vandring. Den generelle opplevinga av knappane er difor mykje betre enn med M4.

PPT-knappen er på toppen, og stikk litt ut over konstruksjonen. Eg skulle gjerne hatt knappen på undersida i staden, men den er såpass liten at det skal veldig mykje til for å trykkje på den ved uhell. Det er seks trinn for PPT, som du rullerer gjennom ved hjelp av programvara og knappen. Ein lysindikator på undersida fortel deg kva trinn du er på. Den kunne dei gjerne flytta opp når dei først har knappen på oversida.

Sensor

Alle Glorious sine produkt nyttar PixArt sin PMW3360-sensor. Den er feilfri og yter perfekt, sjølv om det finst betre sensorar på papiret. M4 brukar til dømes PMW3389, som har noko høgare sporefart enn PMW3360. Likevel er forskjellane så små at det kjem du aldri til å merke noko av.

Pikselsporinga er heilt som det skal vere, og den spinn ikkje ut i «tilt-slam»-test. Det er heller ingen teikn til akselerasjon eller utjamning. Lite å seie på dette, altså.

RGB og programvare

Programvara er akkurat den same som med andre Glorious-produkt, men det er altså eit eige program for Model D. Det ser eg ikkje heilt poenget med. Eg syns òg det er irriterande at det ikkje skalerer med skjermoppløysing, for på 4K-skjermen min er det særs vanskeleg å lese kva som står.

Det er ni ulike RGB-profilar, og alle tar seg bra ut på RGB-stripene på sida av musa og på rullehjulet. Oppsettet er enkelt. Alt blir lagra i musa etterpå, så du treng ikkje tenkje på å bruke programvara meir enn ein gong.

Glorious har ikkje spart på RGB.
Mikkjell Lønning/Gamer.no

Elles er det enkelt å byte om eigenskapane til knappane, og du får moglegheit til å stille på responstida til knappane («debounce time»), som du bør stille til 4 millisekund. Ein kan auke «debounce time» for å unngå dobbeltklikking, men det er usannsynleg at nokon klarar å gjere eit dobbeltklikk på så kort tid.

Det er òg moglegheit for å endre løftedistansen, slik at ein eventuell overgang frå anna mus med ulike løftedistanse blir enklare. Sist er det ein innstilling for oppdateringsrate, opp til 1000 hertz. Sjølv har eg byrja å bruke 500 hertz, for der yter gamingmus generelt mykje jamnare enn ved 1000 hertz.

Konklusjon

Glorious Model D er nok ikkje det tryggaste valet av form på grunn av ergonomien, men for dei med mellomstore eller store hender er dette eit ganske unikt val. Sjølv om det finst fleire produkt som er forholdsvis like, er det ingen andre store, ergonomiske mus med så låg vekt som denne på marknaden.

Det er veldig lite negativt å kome med om Glorious Model D, og det er utan tvil blant dei beste gamingprodukta me har testa. Målgruppa er gjerne ikkje den største, men for dei de gjeld, er dette eit klart toppval. Val mellom Glorious-produkt handlar no først og fremst om smak og handstorleik, for alle produkta deira held same kvalitet og yting.

Prisen er relativt låg, komforten er god, ytinga feilfri, vekta er imponerande og utsjånaden er ikkje så ille den heller. Her er det mykje å like. Denne kombinasjonen av ergonomi, låg vekt og storleik er ein sikker vinnar.

Lyst til å lese meir om maskinvare og gamingtilbehøyr? Sjekk ut maskinvare-sidene våre »

9
/10
Glorious Model D
Glorious kjem med nok eit imponerande produkt i rekkja av vinnarar.
Topp sensor
Blant dei beste ergonomiske formene for dei med store hender
Låg vekt
Skolisse-kabel
Flott RGB
Rimeleg pris
Høge sideknappar
Middels rullehjul

Siste fra forsiden