Test

Logitech G Pro X Superlight Trådlaus

10/10-musa er tilbake – og er blitt endå betre

Logitech tar steget mot ei meir skytespelfokusert mus.

Mikkjell Lønning/Gamer.no

Det er to år sidan me delte ut vår første 10/10 til ei mus her på bruket. Logitech G Pro Trådlaus er framleis heilt oppe i toppen av samletesten vår, men blei tatt igjen av Razers nye flaggskip i vår.

No er endeleg Logitech tilbake med ein ny variant av G Pro Trådlaus, nemleg Logitech G Pro X Superlight. Logitech hiv seg på trenden med fjørlette gamingmus, og det utan å bore ein drøss med hol i konstruksjonen til musa.

Samstundes har dette ført til eit par kompromiss, som gjer at produktet kanskje ikkje er fullt så bra som ein skulle vente. Likevel ber Logitech om same prislapp som for den andre versjonen, nemleg heile 1600 kroner. Og det er utan den trådlause ladematta.

Klarar Logitech å ryste musemarknaden på nytt, slik som dei gjorde i 2018?

Me undersøker.

Design og komfort

Ved første blikk ser ein ikkje dei heilt store endringane frå førre versjon. Forma er lik, rullehjulet er det same og knappane på den eine sida er identiske. Noko av det me likte best med G Pro Trådlaus var at ho har eit ambidekstriøst design, som takka vere sideknappar på begge sidene kan brukast av både høgrehendte og venstrehendte.

Slik er det ikkje med denne.

Forma er lik, men dei modulære sideknappane på høgresida er vekke. Det er òg PPI-knappen. Dette gjer at musa er meir retta mot skytespel og liknande enn den førre versjonen. Dei ekstra knappane på forgjengaren gjorde at ho fungerte skikkeleg bra i både produktive oppgåver og spel som krev fleire knappar, slik som MMORPG, men dette får du altså ikkje lenger.

FÆRRE GRAM, FÆRRE KNAPPAR: G Pro X Superlight ofrar nokre knappar for å gå ned i vekt. Det er synd, men har neppe så mykje å seie for dei fleste.
Mikkjell Lønning/Gamer.no

Kuttet i knappane har produsenten gjort for å redusere vekta. Og det har dei klart, så til dei grader. G Pro X Superlight veg berre 60 gram, som gjer dette til den lettaste trådlause musa i verda. Det finst kabelmus som er betydeleg lettare, men det er langt meir krevjande å få trådlause produkt på ein så kraftig slankekur som dette.

Eg merkar umiddelbart at musa er lettare enn den gamle versjonen, og det verkar som eg speler litt betre med denne. Ein anna skilnad er at overflata på G Pro X Superlight er glattare enn på forgjengaren. Faktisk har produsenten henta inspirasjon frå Finalmouse, og har slengt med noko grepsteip i emballasjen slik at ein kan få eit ekstra godt grep viss ein treng det.

Sjølv om G Pro Trådlaus kanskje ikkje har den aller beste forma til speling, er ho heilt i toppsjiktet, og denne vektreduksjonen er gjerne nok til at ho kan leve opp til prislappen for nokon. Museføtene er òg erstatta. Logitech har byta ut dei små føtene frå førre versjon til nokon som liknar veldig på dei svære føtene som Zowie brukar på sine EC-mus. Det likar me.

Sist må eg nesten nemne byggekvaliteten. Logitech har fått mykje pepar for knappar som dobbelklikkar og tar borti kvarandre, og det ser det ut som dei har høyrt på i denne runden. Likevel er eg ein smule bekymra. Då eg først fekk musa gjekk det ikkje an å trykkje ned rullehjulet i det heile, slik at eg faktisk trudde at ho mangla ein mellommuseknapp. Då hadde karakteren blitt monaleg lågare. Det kom seg med ein liten kakk eller to, men det blir spanande å sjå om andre får same problem som meg.

Knappar

Med fire knappar og eit klikkbart rullehjul er det færre knappar enn sist gong. Samstundes er det lite å klage på for dei som er der. Sideknappane er på same stad som førre gong, som betyr ei tilnærma perfekt plassering. Dei har skarpe klikk og kort vandring.

PERFEKTE SIDEKNAPPAR: Sjølv om Logitech ofrar tre knappar, er dei som blir igjen av det gode slaget.
Mikkjell Lønning/Gamer.no

Det same gjeld høgre- og venstre museknapp. Kort vandring, ei taktil, umiddelbar tilbakemelding og ein fin lyd gjer at det kjenst ekstra tilfredsstillande å plukke hovudskot etter hovudskot.

Rullehjulet ser heilt likt ut som før, og yter identisk. Eg syns framleis det er dumt at Logitech ikkje brukar same rullehjul som på til dømes G903, men dette er framleis blant dei betre me har testa.

Eg saknar ikkje museknappane på høgre side nok til at mangelen på dei betyr noko for meg. Det gjeld òg PPT-knappen på undersida. Men det er sannsynlegvis mange som brukar desse funksjonane, så det er eit klart minus at Logitech ikkje har haldt på dei. Spesielt det modulære designet burde det vere mogleg å få til.

Med ei utviklingstid på to år syns eg det er litt skuffande at dei har gjort eit slikt grep.

Sensor

Logitech sin Hero-sensor er blant dei beste sensorane som finst, og har sidan 2017 bydd på trådlaus yting som er heilt på linje med kabelmus. Forseinkinga ein får med trådlaus kopling er i praksis vekke.

G Pro X Superlight brukar same sensor som før, men med nokre små endringar. No støttar sensoren PPT heilt opp til 25 400. Riktig nok er det fullstendig meiningslaust, men du har i alle fall moglegheita til å ha heil absurd følsemd om du vil.

FANTASTISK SENSOR: Logitech er best når det gjeld sensorteknologi.
Mikkjell Lønning/Gamer.no

Sensoren opnar òg for at ein kan nytte seg av Logitech si trådlause ladematte, Powerplay. Denne må du riktig nok ut med 1200 kroner ekstra for, så det blir ein ganske kostbar affære etter kvart. Heldigvis har Logitech jobba med energiforbruket på den trådlause teknologien sin dei siste åra, og har fiksa det slik at G Pro X Superlight fungerer opptil 70 timar utan lading. Ladinga går òg så kjapt at du strengt tatt ikkje har noko behov for ladematta.

Når det kjem til sporinga og responsen til sensoren, er det heilt feilfritt og i praksis perfekt. Du kjem aldri til å merke noko til at musa spinn ut eller at sporinga sviktar deg. Er det du som bommar på fienden, så er det verkeleg du som bomma.

Konklusjon

G Pro X Superlight er ei knakande god gamingmus, men ho er ikkje den same minirevolusjonen som forgjengaren var i 2018. Dette er heller meir av det same, og betre på nokre vis. Lettare vekt vil lokke inn fleire proffspelarar til å bruke denne, medan endringar i overflata og ekstra grepsteip gjer musa endå meir behageleg i bruk.

Det er synd at dei ekstra sideknappane og PPT-knappen forsvinn, men for dei aller fleste vil det ikkje bety noko. Logitech har òg sløyfa RGB-elemta i logoen, utan at det gjer så mykje. Personleg har eg berre hatt G Pro Trådlaus på jobb fordi ho er litt for tung samanlikna med dei fleste kabelmusa eg har brukt til spel i det siste, men no kjem nok Logitech til å ha fast plass på gamingpulten min igjen.

Om G Pro X Superlight tar over trona frå Razer igjen er litt tidleg å seie. Me kjem til å oppdatere den store samletesten vår når me får inn nokre fleire produkt over nyttår igjen.

Uansett har Logitech verkeleg klart å lage nok eit vinnarprodukt. Me held på toppkarakteren for mangel på oppfinnsemd denne runden, men skal du handle noko frå Logitech blant dei dyrare produkta deira, så er det denne du bør gå for.

9.5
/10
Logitech G Pro X Superlight
Logitechs beste blir endå betre – men ikkje for alle
Den lettaste trådlause musa på marknaden
Feilfri sensor
Trådlaus, med trådlaus lading
Batteritid på over 70 timar
Behageleg passform
Avansert programvare
Betra overflate, med ekstra grepsteip
Ikkje eigna for venstrehendte lenger
Svindyr

Siste fra forsiden