Test

Razer Viper Ultimate

Dette kunne ikkje bli noko anna enn toppkarakter

Logitech G Pro Trådlaus må gi fra seg topplassen.

Mikkjell Lønning/Gamer.no

Razer har lenge hatt eit ganske dårleg rykte når det kjem til kvalitetskontroll, som gjer mange skeptiske når det kjem til kjøp av produkta deira. Det har dei i stor grad rydda opp i. Dei slit framleis med eit etterslep med ryktet, men dei nye produkta deira held generelt god stand.

No har dei òg tatt steget opp når det kjem til ambisjonsnivå. Razer meiner den nye Razer Viper Ultimate har den beste tilkoplingsteknologien nokosinne, og skal knuse alt av konkurranse.

Me har framleis haldt Logitech G Pro Trådlaus på toppen av våre lister når det kjem til gamingmus, men no kan Razer fort bikke Logitech av trona.

Viper kjem i både kabla og trådlaus form, der den trådlause vil koste deg rundt 1800 kroner, og den kabla 850. Billige er dei ikkje, altså.

På utkikk etter ny gamingmus? Les guiden vår først »

Design og komfort

Viper Ultimate er ei mellomstor mus, om ein smule større enn konkurrenten Logitech G Pro Trådlaus. Musa er relativt låg, slik at kontaktpunkta med handa er meir fordelt utover enn på dei fleste gamingmus. Forma minner nok mest om Zowie S1 og Glorious Model O, og er ein slags mellomting mellom dei to. Den har lengda til Model O, og høgda til S1. Sistnemnde er mi desiderte favorittform for datamus, så det bør seie sitt om mitt inntrykk av Viper. Dette er ei form som konkurrerer blant dei aller beste, og er betydeleg betre enn den G Pro Trådlaus har.

Razer Viper-forma er moglegvis den beste forma til gaming akkurat no.
Mikkjell Lønning/Gamer.no

Skilnaden mot S1 og Model O går mest på at Ultimate er litt flatare på toppen, og har ei klar utheving på museknappane. Den flate ryggen gjer at Viper vil passe alle tre grepstypar, og ho har òg eit ambidesktridesign, som betyr musa kan brukast like godt med høgre hand som venstre.

Sidene er dekkja av eit gummiert og ruglete dekkje, og sikrar grep sjølv med sveitte hender. Teksturen er heller ikkje så kornete at du får merke i huda, slik som du gjerne får med denne typen løysing. Overflata på resten av Viper er glatt og god å ta på, men den har nokre ørsmå hakk i plasten for å sikre trygt grep. Byggekvaliteten har det ikkje vore noko å seie på i det heile i løpet av mine to veker med Viper Ultimate.

I tråd med marknadens etterspurnad etter gamingmus med lågare og lågare vekt, har Razer kutta vekt der dei kan. Mens Logitech G Pro Trådlaus veg rundt 83 gram, viser denne 74 på vekta. Den kabla versjonen veg rundt 70 gram. Det er imponerande at forskjellen er såpass liten, for trådlause mus pleier å vege betydeleg meir enn sine kabla brør.

Me kjem til å teste miniversjonen av denne som nett kom ut òg, som veg endå mindre.

Knappar

Razer Viper kjem med sju knappar og eit klikkbart rullehjul.

Under museknappane sit optiske brytarar som sikrar særs låge klikktider – på linje med det beste frå Logitech. Dette liknar teknologien som Razer brukar i Huntsman-tastatura deira, der innslaget blir registrert via ein lyssensor. Gaming i lysfart her, altså. Skilnaden til dei andre teknologileiarane er såpass små at ein neppe merkar forskjell, og om dei faktisk er kjappare har me strengt tatt ikkje måleverktøy for, men brytarane gjer jobben.

Høgre- og venstre museknapp har ein ganske romsleg lyd, som skil seg frå dei andre konkurrentane me har nemnt over. Dei har alle langt skarpare klikk. Vandringa på knappane er kort og tilfredsstillande.

Sideknappane er tilfredsstillande i bruk og er perfekt plasserte.
Mikkjell Lønning/Gamer.no

Sideknappane har òg kort vandring med god tilbakemelding, men desse har ein skarp klikkelyd. Plasseringa er nett der den skal vere, nokre få millimeter over der tommelen min kviler. Då kan eg berre rulle den litt opp for å trykke knappane inn. Sjølv sideknappane på den andre sida er lette å nå.

PPT-knappen ligg på undersida, nett slik som me likar det. Det er fem ulike PPT-trinn som du kan rullere gjennom, og Viper har ein fargeindikator som viser kva trinn du er på.

Rullehjulet er òg glimrande. Det har eit gummiert trekk på sjølve hjulet, som gir eit solid og behageleg grep. Trinna på hjulet er relativt tunge, som gjer at du kan kjenne tilbakemeldinga av gummien i fingeren. Eg kan ikkje hugse å ha prøvd noko som liknar på dette, så her har Razer vore innovative.

Sensor og trådlaus kopling

Trådlause gamingmus frå dei leiande produsentane kan no konkurrere direkte med kabla mus, både når det kjem til responstid og forseinking. Eg trur teknologien har kome såpass langt at me nærmar oss kabelmusas død. Pris og batteritid vil vere siste hinder i løypa.

Razer har nytta ein ny sensor i Viper-serien, spesifikt mynta på trådlause produkt. Denne er basert på PixArt PMW3399, PixArts nyaste. Razer meiner sensoren er 25 prosent kjappare enn Logitechs Hero-sensor, men igjen er det vanskeleg å finne noko som helst måte å teste dette på for oss. På papiret har Razers nye betydeleg høgare sporefart (650 «IPS» («inches per second») mot Hero-sensorens 400 IPS), men du skal slite med å merke det.

Focus+ er namnet på den nye sensoren, og kort sagt gir den fullstendig feilfri yting og trådlaus responstid som matchar dei beste kabelmus.

Det einaste minuset med Razer Viper Ultimate opp mot Logitech G Pro Trådlaus er at denne ikkje kan bruke trådlaus lading. Razer har ei trådlaus ladematte, Hyperflux, men ho er langt frå like bra som Logitech Powerplay. Ho kan heller ikkje brukast med Viper Ultimate.

Ladedokkingen fyller opp batteriet på litt over tre timar.
Mikkjell Lønning/Gamer.no

I staden har Razer nytta seg av ein slags ladehub. Du får nemleg med deg ein liten dokkingstasjon for lading som du koplar til PC-en via ein kabel på Paracord-nivå, som du set den trådlause mottakaren til Viper Ultimate inn i. Deretter kan du klikke musa på plass på ladedokkingen takka vere nokre magnetar som drar Viper til seg. Her ladar du opp heile batteriet på rundt tre timar.

Elles kan du bruke kabelen rett inn i Viper, eller sette mottakaren direkte i datamaskinen.

Batteriet held koken i rundt 70 timar utan lys, og det tar kvelden etter rundt 30 timar med RGB på full lysstyrke. Dette kunne Razer med fordel jobba meir med. Her har den nye versjonen av Hero-sensoren eit lite fortrinn mot Razers igjen, spesielt på produkt som Logitech G903 som held opp mot 200 timar. Dette er likevel ein del betre enn batterilevetida til G Pro Trådlaus.

RGB og programvare

Programvara Synapse er ein av grunnane til at Razer har hatt eit dårleg rykte. Småfeil, rotete brukargrensesnitt og behov for innlogging er alt fjerna no, så nok ein gong har Razer vist at dei kan lytte til brukarane.

Programvara er oversiktleg og enkel å bruke, med illustrasjonar som skildrar kva du kan gjere. Du får sjanse til å byte eigenskapane til alle knappane, endre på løftedistanse, velje straummodus for batteriet og så vidare.

Synapse lar deg òg sette opp eit ekstra sett av eigenskapar for kvar knapp, som du kan byte mellom med ein snarveg. Slik kan du til dømes bruke sideknappane til å rullere mellom ulike våpen i PUBG, for så å skifte til Hypershift-modus, og då bruke dei same sideknappane til å velje mellom «Medkit» eller bandasjar. Dette kan ein naturlegvis gjere med makroverktøy sjølv, men det er greitt å få alt i ein pakke. Og makro kan du sjølvsagt sette opp òg.

Bogen over ryggen til Viper er ein stilig detalj som skil ho frå konkurrentane.
Mikkjell Lønning/Gamer.no

Eg har sagt i tidlegare Razer-testar at Razer har dei finaste RGB-fargane, og det har dei framleis. No har dei til og med utvikla eit eige underprogram for å styre RGB som heiter Chroma Studio. Her får du elleve ulike førehandsinnstillingar å velje mellom, samt oppsett for å lage dine eigne.

Razer likar å ha RGB på absolutt alt dei lagar, og difor har ladedokkingen òg RGB. Du kan skreddarsy fargane til dokkingen på nett det same viset som på musa. Her er det latterleg mange moglegheiter for å få fargane nett slik du vil ha dei, så er du glad i RGB, er dette eit fornuftig val. Riktig nok sit RG-elementa på musa i logoen – og den er under handa di – så du får ikkje så mykje ut av den, men ladedokkingen lagar eit fint lysspel på pulten.

Synapse er med dette min nye programvarefavoritt.

Konklusjon

Razer er i ferd med å kave seg opp av mørke dei har vore i nokre år no. Dei slepp det eine flotte produktet etter det andre, og Razer Viper Ultimate er sjølve kronjuvelen i produktrekkja deira. Det er ingen tvil om at Viper kjem til å bli fast inventar på pulten min framover, om det så er til bilderedigering eller nokre hektiske rundar i Apex Legends.

Sensoren er ingeniørkunst på sitt beste, forma er blitt ein personleg favoritt for meg og vekta er låg nok til at MouseReview-subredditen kan gi tommel opp. Den trådlause teknologien er på linje med det Logitech gjer, samt at ladedokkingen er ein smart måte å omgå dyre ladematter. Eg syns framleis det er litt synd at Razer ikkje har laga ei ny løysing for trådlaus lading, men generelt sett er batteritida særs lang samanlikna med mesteparten av dei andre trådlause produkta der ute.

Den flate ryggen på Viper gjer at den vil vere behageleg for alle typar grep.
Mikkjell Lønning/Gamer.no

Mangel på støtte for trådlaus lading er ikkje noko stort minus med tanke på det er lett å hive Viper Ultimate over på ladedokkingen. Det blir ein balansegang her. På eit vis slepp du å bruke ein tusenlapp ekstra på ei dyr ladematte, men på den andre sida kostar Viper Ultimate allereie 1800 kroner. Den kabla versjonen er slik sett eit betydeleg betre kjøp.

Likevel er det vanskeleg å gi noko anna enn 10/10 her. Dette er andre gong me tar fram denne karakteren til ei gamingmus, for dette er ein samlepakke som er vanskeleg å slå. G Pro Trådlaus er òg ein tilnærma perfekt allrounder, men Viper klarar å spisse forma endå litt meir mot gaming, samstundes som den konkurrerer på lik linje til produktivitet. Det er vel òg greitt å seie at Logitechs pakkeløysing med trådlaus lading kosta rundt 2900 kroner ved lansering. Trådlause mus på toppnivået lever framleis sitt eige liv når det kjem til pris, så difor legg me mindre vekt på akkurat dette førebels. Teknologien er ny og difor må ein forvente at den kostar.

Etter to år på trona er det på tide at G Pro Trådlaus abdiserer. Me har eit nytt produkt på topp.

Lyst til å lese meir om maskinvare og gamingtilbehør? Sjekk ut hardware-sidene våre »

10
/10
Razer Viper Ultimate
Rett og slett eit banebrytande produkt.
Feilfri sensor
Trådlausyting på linje med kabelmus
Låg vekt - den lettaste trådlause du kan kjøpe
Stilig design
Solid byggekvalitet
God programvare
Velplasserte sideknappar på begge sider
Fantastisk passform
Ladedokking med RGB som gjer det trådlause livet enkelt
Svindyr
Ingen trådlaus lading

Siste fra forsiden