Kommentar

Representasjon i dataspel

Tolar du ikkje homofili i spel, er det på tide å opna auga

Det er ikkje "politisk korrekt" berre fordi du ikkje likar det.

På Sony sin presentasjon på E3 i førre veke fekk me ein etterlengta smakebit på The Last of Us Part II. I ein av videosekvensane fekk me klare indikasjonar på to aspekt ved spelet: a) Ellie er hovudpersonen og figuren me styrer, og b) Ellie er homofil. Begge delar er viktige, ikkje nødvendigvis for dette spelet isolert sett, men for dataspel som representasjon av verda. At dataspel skal representera eit breidt spekter av menneskerasen burde vera sjølvsagt. For mange er det òg det. Truleg for dei fleste av oss.

Andre perspektiv blir vanlegare

Men enkelte kommentarar under nyheitssaka vår om denne traileren tydar på at ikkje alle forstår korfor det er både riktig og viktig at det er sånn. Naughty Dog blir mellom anna skulda for å vera politisk korrekte og for å bidra til å øydeleggja spelbransjen.

Miranda Comay frå Watch Dogs 2.
Ubisoft

Slike ytringar er vanskelege å forholda seg til på ein produktiv måte. Det er innmari fort gjort å ty til arroganse, sarkasme eller sinne. Det er forståeleg òg. Og det kan godt henda at denne kommentaren ikkje er noko meir produktiv enn slike reaksjonar – men dette var min reaksjon, så eg gir det eit forsøk likevel.

For folk sine haldningar sit stort sett ein god del djupare enn at dei lar seg endra på så enkelt. Men det går iallfall an å forsøka å forklara korfor dei som blir fornærma, for ikkje å seia forbanna, av jentekyssinga i The Last of Us-videoen, nok bør venna seg til at scener som denne blir stadig vanlegare. Det er ein påstand skaparane av nokre av vår tids største spel, filmar og tv-seriar stiller seg bak, som meldt i denne Polygon-artikkelen.

Det mangfaldige er normalen

For det normale er at me menneske er homofile, heterofile, bifile, transseksuelle, svarte, kvite, gule, raude og så bortetter. Å påpeika dette er ikkje politisk korrekt, det er faktisk korrekt. Det er eit faktum om verda, det er sånn verda faktisk er. Skal populærkulturelle produkt som dataspel, film, tv-serier og bøker representera verda og menneska som bur i den, så er det dermed heilt naturleg at dette faktumet blir spegla i dei produkta.

Talet på spel som representerer den kvite, mannlege, heterofile delen av verdas befolkning er framleis overveldande stor. Det er den delen som hovudsakleg har blitt representert gjennom heile dataspelmediet si historie – og det er den delen som hovudsakleg kjem til å bli representert i all overskodeleg framtid.

Max og Chloe frå Life is Strange.
Dontnod Entertainment

Ikkje politisk korrekt

At det nå likevel dukkar opp stadig fleire spel som ønsker å ta i bruk andre perspektiv, er ikkje eit uttrykk for politisk korrektheit. Det er eit uttrykk for at fleire typar folk speler spel, og at fleire typar folk lagar spel – med andre ord at spel har ei framtid. Det er eit uttrykk for at verda går framover, fordi stadig fleire får anledning til å oppleva spel som dei kan relatera seg til, som representerer dei og deira syn på verda.

Eg kan ikkje forstå folk som vil nekta dei det fordi dei sjølv ikkje deler det synet, det kjønnet, den hudfargen eller den legninga. Det eg derimot kan forstå, er at dataspel for mange er ein hobby, ei flukt frå kvardagen, ein arena der ting kanskje ikkje har same tyngde som i den fysiske verda. Det kan vera kjipt å stadig vekk bli påminna nettopp det ein bruker dataspel for å komma seg unna, uansett kva det er.

Gregg og Angus frå Night in the Woods.
wesplays.com
Les også
Anmeldelse: The Last of Us Part II

Spel har ei politisk side

Men det er òg litt av poenget, for som sagt: Det er ikkje berre éin type menneske som speler dataspel. Det er ikkje berre éin type menneske som bruker dataspel som ei flukt frå ei verd dei strevar med å forstå. Og det er ikkje berre éin type menneske som har behov for å føla seg heime i dataspel.

Reaksjonane på scener som den nemnde frå The Last of Us Part II, tydar på ei mangel på forståing – for at andre grupper enn den ein sjølv ser seg som ein del av, faktisk skal ha noko å seia. Og for at dataspel skal bety noko utover det reint personlege, for at dataspel skal ha ei politisk side. Men det har dei. Alt har ei politisk side. Du trenger ikkje lika det, men det er nå eingong sånn det er.

Siste fra forsiden