Test

Razer Huntsman Mini

Treng du faktisk piltastar på tastaturet ditt?

Nei, meiner Razer.

Mikkjell Lønning/Gamer.no

I løpet av dei siste åra har det blitt meir og meir populært med tastatur i 60 prosent format. Dette er tastatur som kuttar både navigasjonstastane og funksjonstastane, og som skal ta opp så lite plass på skrivepulten som mogleg.

Etter nokre veker med Razer Huntsman Mini på pulten har eg fått venne meg skikkeleg til å bruke 60-prosenttastatur. Då eg testa Ducky og HyperX sitt i fjor sommar klarte eg ikkje heilt å setje pris på formfaktoren, men kanskje har det blitt betre no?

Razer Huntsman Mini lanserte til heile 1600 kroner i fjor, men har falt ned til ein tusenlapp i dag. Det gjer dette til eit ganske så attraktivt tilbod. Det er ei rekkje 60-prosenttastatur i prisklassen rundt 1200–1500 kroner, så konkurransen er relativt spissa.

Design og komfort

Tastatur i denne storleiken handlar om minimalisme. Det er gjerne tastatur som skal vere greie å slenge i sekken, og som du kan bruke til å frigjere plass på pulten for andre ting. Tastaturet er 30 centimeter langt og veg rundt 455 gram, noko som gjer det ypparleg til nettopp desse formåla. Det at kabelen er avtakbar og er i USB C-format, gjer det endå enklare.

Utsjånaden til tastaturet byggjer vidare på minimalismen til formfaktoren. Dette er så anonymt som det kan bli. Razer er best i klassen når det kjem til RGB-lys, og dei gjer ein del for å fiffe opp inntrykket mitt av tastaturet. Fargane er smakfulle og nedtona, som er ein perfekt match med det elles anonyme tastaturet.

ANONYMT: Razer Huntsman Mini har fine RGB-fargar, men gjer elles lite ut av seg.
Mikkjell Lønning/Gamer.no

Konstruksjonen er i hardplast, men har ei lita plate i aluminium under tastane. Som med Ducky-tastaturet saknar eg premiumkjensla her. Det er trass alt veldig lite funksjonalitet som går inn i eit produkt som dette, og då syns eg gjerne Razer kunne spandert på oss litt meir metall. Tastaturet verkar for så vidt solid, men det gir eit langt billigare inntrykk enn det til dømes Huntsman Elite gjer.

Når det kjem til komforten, sikrar dei glatte og behagelege tastehettene at tastaturet er godt å skrive på. Razer har òg lagt opp til ei lur løysing med føtene under, som er delt i to trinn. Slik får ein val om to forskjellige høgdejusteringar.

Razer har i motsetning til Ducky ikkje vald å gi oss ekstra tastehetter. Tastaturet kjem heller ikkje med norsk tasteoppsett, men berre nordisk. Det er eit minus. Eg syns nesten produsentane burde kunne klare å lage eit eige oppsett for oss. Det er nok av spelarar her i landet som vil ha mekaniske tastatur.

Brukaroppleving

Eg har brukt Razer Huntsman Mini i nesten tre veker no. Det er ei veke meir enn eg gav til Ducky One 2 Mini i fjor, då eg tenkte å gi det eit skikkeleg forsøk på å kome inn i vanen med formfaktoren.

Det har ikkje fungert.

TKL-tastatur har eg ikkje noko problem med, men 60-prosenttastatur gjer rett og slett at eg blir mindre produktiv. Det er lagt opp til at ein skal bruke hurtigtastkombinasjonar for å nytte funksjonstastane, Delete, NumPad og liknande, men eg syns det blir litt vel tungvint. Eg saknar framleis piltastane altfor mykje.

Spesielt i spel er formfaktoren ei plage for meg.

MINDRE PRODUKTIV: Formfaktoren på Razer Huntsman Mini gjer at eg brukar meir tid på skriving. Det fungerer ikkje for meg.
Mikkjell Lønning/Gamer.no

Sannsynlegvis ville eg nok hatt meir ut av å bruke ein formfaktor på 65 prosent. Då får ein halde på både piltastane, Home-tasten og PageUp/PageDown-tastane. Dessverre er det veldig få slike i sal her i Noreg, og eg har førebels ikkje fått tak i eit slikt tastatur for testing. Det får me heller kome tilbake til. Eg trur i alle fall at 65 prosent vil vere langt betre eigna til speling og produktivitet.

No er det spesielt vanskeleg å ofre navigasjonstastane for meg som journalist, då eg fort skriv 2000–3000 ord i løpet av ein dag. Delete-tasten og piltastane blir brukt slavisk. Det blei altså ikkje nokon overgang for meg denne gongen heller.

Dette betyr likevel på ingen måte at Huntsman Mini ikkje er eit godt tastatur for målgruppa. For det er det, men det har òg nokre minus her og der.

Brytarar

Nøkkelen til eit godt gamingtastatur ligg i kjensla til brytarane. Fleire og fleire produsentar lagar sine eigne brytarar, og ein ser ikkje like mange Cherry MX-tastatur lenger. Razer har gjort dette i nokre år no. Eg hylla dei optisk-mekaniske brytarane deira då dei kom i 2018, og det er framleis tilfelle. Optomekaniske brytarar brukar lys til å registrere aktuasjonen, noko som senkar forseinkinga betydeleg. Me snakkar om fraksjonen av millisekund her, og det er ikkje noko ein merkar, men prosentvis er nedgangen stor.

BEHAGELEGE TASTEHETTER: Desse er eit høgdepunkt. Brytarane er eg derimot meir skeptisk til.
Mikkjell Lønning/Gamer.no

All slik framgang er kjekk å sjå.

Brytarserien deira er glimrande, og særskild dei grøne, klikkete brytarane deira er fantastiske. Huntsman Mini kjem derimot utstyrt med dei oransje brytarane til Razer, som er lineære brytarar. Det er ofte sett på som det beste valet til speling, og desse er direkte konkurrentar til dei enormt populære Cherry MX Red-brytarane.

Eg må innrømme at eg ikkje likar desse så godt som eg trudde eg ville. Brytarar er i stor grad smak og behag, men dei oransje brytarane til Razer har ei veldig dempa tilbakemelding som ikkje fungerer for meg. Dei lagar mindre lyd enn Cherry MX Red, men det er noko som kjenst feil når eg treff botnen. Brytaren minnar eigentleg meir om MX Brown enn Red, slik sett.

Aktuasjonen kjem etter 1,9 millimeter medan heile reisedistansen er på 4 millimeter. Med ei aktuasjonskraft på 45 gram er brytaren veldig lik MX Red på papiret, men eg ville nok gått for Cherry her. Dette er likevel reint personlege preferansar, så viss det freistar med nokre kjappare brytarar med meir dempa tilbakemelding enn Cherry MX Red, er dette vegen å gå.

Programvare og RGB

Razer Synapse 3 er eit av dei mest avanserte programma for gamingtilbehøyr. Det har eit ganske dårleg rykte, men eg har eigentleg aldri hatt noko problem med det. Programmet lar deg endre på eigenskapane til tastane og justere på RGB-lysa.

RART VAL: Razers val om å avgrense moglegheita til å omprogrammere Huntsman Mini er merkeleg.
Mikkjell Lønning/Gamer.no

På 60-prosenttastatur er det viktig å ha moglegheiter til å endre alle tastane, spesielt funksjonstastane. Her har Razer gjort noko litt spesielt. Nesten alle tastane på Huntsman Mini og Duck One 2 Mini har ekstra eigenskapar du kan nå med å trykke inn FN-tasten, men på Huntsman er alle desse låst for omprogrammering.

Det er ganske vanleg å bruke Alt, FN, vindaugetasten og Ctrl som alternativ til piltastar på denne typen tastatur, og heller flytte FN-tasten til noko anna. Det kan du ikkje gjere med Huntsman Mini. Produsenten har nemleg låst desse tastane til FN-oppsettet som Razer har lagt opp til. Eg ser ikkje for meg at dette vil vere eit problem for så veldig mange, men det er greitt å vere klar over.

Elles er det eit hav av moglegheiter når det kjem til fargane. Razer byr på elleve ulike RGB-modusar og eit omfattande studio der du kan skreddarsy lyset på alle moglege tenkelege vis. Dei har til og med laga ein modus som endrar lyset i takt med lyden som blir spelt gjennom høgtalarane på datamaskinen. Det er kult.

Konklusjon

Razer Huntsman Mini er produsentens første forsøk på denne formfaktoren. Det er stort sett vellukka, men med ein pris på alt mellom 1000 og 1600 kroner kan ein ikkje seie å få så mykje for pengane. Tusenlappen det ligg ute til no er nok berre mellombels. Samanliknar me med kva andre tastatur i fullformat tilbyr av funksjonalitet i same prisklasse, syns eg prisen burde vore lågare. Produksjonskostnaden kan umogleg vere like høg.

Dette tastaturet er minimalistisk og stilreint, men har nokre store minus når det kjem til produktivitet. Det gjeld for alle tastatur av denne typen. Om ein klarar å venne seg til det vil vere annleis frå person til person. Eg forstår absolutt at mange set pris på den vesle storleiken, og den fridomen ein har til å ta det med seg rundt.

Samstundes syns eg ikkje Razer når opp til Ducky One 2 Mini her. Flott RGB er ikkje nok til å redde det. Avgrensinga på omprogrammering av tastane vil vere eit minus for ein del, og brytarane har ikkje imponert meg så veldig.

Eg trudde kanskje Razer kom til å prøve å overskygge konkurrentane med ei skikkeleg handleddsstøtte her òg, men det har dei ikkje gjort. Det blir uansett spanande å sjå kva dei kjem opp med i neste omgang. Kanskje dei fiksar på nokre feilsteg, eller prøver seg på 65 prosent?

Tida vil vise.

Lyst til å lese meir om maskinvare og gamingtilbehøyr? Sjekk ut maskinvare-sidene våre »

6
/10
Razer Huntsman Mini
Når ikkje heilt opp til konkurransen.
Stilig design
Imponerande RGB med masse justeringsmoglegheiter
Lett og kompakt
Behagelege tastehetter
Lynkjappe brytarar
USB C-kabel
Formfaktoren har konsekvensar for kor produktiv ein er
Mykje plast
Kan ikkje omprogrammere funksjonhurtigtastane
Manglar norsk tasteoppsett
Ingen dedikerte medieknappar, makroknappar eller handleddstøtte

Siste fra forsiden