Anmeldelse

Eagle Flight

Særs kult konsept, men skuffande lite innhald

Eagle Flight er meir ein teknisk demo enn eit spel.

Ubisoft

Mange av oss har på eit eller anna tidspunkt drøymt om å kunne fly. Me ser for oss ei fridomskjensle utan like ved å flyte på vinden, ved å kjenne den friske lufta mot kinnet vårt. I løpet av dei siste åra har dette faktisk blitt mogleg å oppleve i eigen heim, ved hjelp av Virtual Reality. Vel, til ein viss grad i alle fall.

Ubisofts VR-satsing Eagle Flight, er eit forsøk på å skape denne fridomskjensa hos spelaren. Ved å gi oss sjansen til å styre ei majestetisk ørn har Ubisoft laga ei speloppleving ein seint vil gløyme. Spelet er minneverdig og til dels unikt, men lid av manglande innhald.

Spelet har vore ute i ei stund til PlayStation VR og Oculus Rift, og kom no til HTC Vive (testa).

Kjensla av å fly

Spel som Elite Dangerous, Hover Junkers og Eve Valkyrie har latt oss ta til vingane i Virtual Reality i ymse farkostar. Eagle Flight gir oss eit førstepersonsperspektiv på flyging, som i byrjinga er heilt fantastisk. Eg gløymer med eitt at eg sit på eit mørkt kontor, og lever meg inn i å sveve over Paris. Med bestemte vingeslag flyr eg til taket av Louvre, og ser utover den flotte byen. Grunna den låge oppløysinga på linsene til HTC Vive ser eg tydelege piksel, men grafikken er likevel imponerande for å vere VR.

Historiedelen har nokre skjønne augeblikk.
Mikkjell Lønning/Gamer.no

Utviklaren har laga ein versjon av Paris utan menneske, i ei tid der dyra herskar over byen. Eg kan jakte på laks i elvene og bekkane, sjå på sjiraffar og elefantar i gatene, og jage rådyr langs promenaden til Seine-elva. Landskapet verkar kjend, men på same tid framand. Dei folkefylte og bråkete vegane i Paris er no forlatne, og alt er overgrodd, dekkja av eit lag med grønt. Det er imponerande vakkert.

Mykje av tida med spelet går til å fly gjennom byens gater, for å utforske Eagle Flights glimrande verd. Rundt om kring kan eg finne fjør til reiret mitt, samt fange fisk for mat. Eg eksperimenterer med å fly gjennom sprekkar i veggar, og opplever stup frå hundrevis av meter oppe i lufta. Problemet er at det ikkje er så mykje anna å gjere. Det tok meg ein knapp time å utforske krinkane og krokane på kartet, før eg gjekk over til den veldig tynne historiedelen.

Einsformige oppdrag

Forteljinga i spelet opnar med eit sjarmerande segment, der eg hakkar meg ut av eit egg, før eg ser opp på dei store augo til foreldrene mine. Til høgre for meg får eg eit ivrig og utolmodig blikk frå eit nyklekka søsken, som ventar på å kunne ta til vingene.

Kappløp i trange undergrunnsbaner er ein av modusane, men kan vere litt irriterande grunna uresponsiv kontroll. (Bilde: Ubisot)
Ubisoft

Me hiv oss ut av reiret, og ned frå den høge bygningen. Vinden kvinar mens eg følgjer etter dei andre ørnene, fram til eit ikon på kartet. Etter dette ser eg ikkje meir av dei regisserte segmenta på ei god stund, då eg må gjennom ein drøss av gjentakande oppdrag. Det er tre typar kappløp og to typar samleoppdrag, som gjentakast om og om igjen, med aukande vanskegrad. I byrjinga er dei interessante, men ein merkar veldig fort at variasjonane er for små.

Etter kvart som flygeoppdraga blir meir utfordrande, skal det litt til for å halde på lenge. Ein må legge hovudet på skakke for å styre, slik at ein fort kjenner ubehag i nakken viss ein må svinge for mykje. Det verkar og som det er litt forseinking frå eg bøyer på hovudet mitt til fuglen snur, slik at ein til tider krasjar utan grunn. Dette er relativt irriterande, for det er ikkje min feil at eg døyr.

Sjølv om kontrollane er litt treige, blir eg i alle fall ikkje kvalm. Berre ein gong i løpet av rundt sju timar kjende eg at augo mine ikkje takla ei rørsle. Ubisoft skal ha skryt for dette, for eg har ikkje erfart noko anna VR-spel som har klart å få til jamn flyging.

Haltande fleirspelar

Eagle Flight har òg ein fleirspelar, over nett. To lag konkurrerer mot kvarandre for å fange eit bytte, som ein må ta tilbake til eit reir. Når ein først får tak i byttet, kan ein enten ta sjansen på den kjappe ruta over hustaka, eller stupe ned til bakken og manøvrere blant dei ålande gatene.

Ein kan «skyte» andre spelarar med eit slags skrikeangrep, samt blokkere angrep med eit skjold. Eg merka det blei hektisk med fulle lag, og kosa meg i ei stund med spelmodusen. Grunna det faktum at alle saman flyr, er det vanskeleg å treffe fiendane. Eg sit med eit smil om munnen når eg endeleg klarer å få has på ein annan fugl.

Eagle Flights framstilling av Paris er veldig pen.
Mikkjell Lønning/Gamer.no

Den første halvtimen er intens og kjekk, men det blei likevel keisamt i lengda då det berre er eit kart og ein modus tilgjengeleg. Sjølv om eg ikkje har vore borti noko som liknar denne fleirspelaren før, klarer eg ikkje motivere meg til å spele den meir. På same vis som historiedelen er det avgrensa kor lenge moroa varer, før ein skjønar at det er ein stor mangel på variasjon.

Konklusjon

Eagle Flight gir meg blanda kjensler. Det første møtet med spelet vil gi deg bakoversveis, men ein merkar fort at det er veldig overflatisk. For meg verkar dette spelet mest som ei oppleving, ikkje eit fullverdig spel. Det er eit hint av ein historie og ein brukbar fleirspelar, men dei er grunne og langtekkelege.

Eagle Flight er først og fremst ein teknisk demo som viser potensialet til Virtual Reality. Det er rett og slett utruleg kult å fly rundt i Paris, men problemet er at denne kjensla er kortvarig, fordi det ikkje er noko anna av interesse enn sjølve flyginga. Dette er ein type spel eg kjem til å vise fram til vener som prøver HTC Vive for første gong, for å vise kva maskinvaren er i stand til å gjere. Det er derimot usannsynleg at eg nokosinne kjem til å spele det igjen sjølv.

Det er litt vanskeleg å sette karakter på VR-spel, då utvalet av gode spel til plattforma er særs avgrensa. Sjølv VR-favoritten min – Arizona Sunshine – som eg meiner er milevis framfor dei andre spela eg har prøvd, hadde eg ikkje gitt meir enn ein svak sjuar. Eagle Flight er utan tvil i det øvre sjiktet av VR-spel, men for å vere ærleg skal det ikkje så veldig mykje til. Mange hadde håpa at me endeleg skulle få eit solid spel med ein såpass stor utviklar bak rattet, men slik blei det ikkje.

Les også: Gira på meir VR-stoff? Her er alt me har skreve om emnet »

5
/10
Eagle Flight
Vakkert og har gode flygemekanikkar, men klarer ikkje halde interessa oppe.

Siste fra forsiden