Feature

Spillutgivelser i mars

Desse spela gler vi oss til i mars

Våren er i ferd med å kaste sine solstrålar over oss og ein bunke saftige, nye spel.

Vi har nett lagt nok ein triveleg månad bak oss. Spelbranjsen har servert eit knippe saftige godbitar, men det er ikkje alt som har overbevist oss. Sjølv om spel som Banished og Lightning Returns: Final Fantasy XIII har underhalde oss stort, har til dømes actionspelet Strider ikkje heilt levert varane. Vi fekk og ein stor nedtur i storspelet Castlevania: Lords of Shadow 2.

Når februar no er over er det tid for våren, og den starter med eit brak. Fleire etterlengta og svært lovande spel veltar over oss, og her blir det både beinharde utfordringar og gjensyn med gamle perler.

South Park: The Stick of Truth by månadens dose prompehumor.

South Park: The Stick of Truth

Plattform: Windows, Xbox 360, PlayStation 3
Ute: 7. mars

Spelet som nesten aldri blei ferdig er endeleg klart. Den lenge etterlengta turen til South Park kastar deg inn i det absurde universet i rolla som den nye ungen i gata. Byen South Park har blitt åstaden for eit massivt rollespel, og målet er å bli kul. Spelet byr på eit turbasert kampsystem der alt frå plastvåpen til tarmgass blir viktige element. I vår siste sniktitt meinte vi spelet blir heilt latterleg:

«Spelet verkar å levere eit særs underhaldande eventyr i den karikerte verda vi kjenner frå TV-serien. Kampsystemet framstår morosamt og humoristisk, samtidig som det har ei viss tyngde som burde gjere det underhaldande over lengre tid. Utviklarane i Obsidian har også lang erfaring med å lage djupe rollespelopplevingar.»

Sjå skjermbilete, artiklar og finn beste pris på South Park: The Stick of Truth

Kan Titanfall bli det neste store på skytespelarenaen?
EA

Titanfall

Plattform: Windows, Xbox 360
Ute: 13. mars

Etter at Call of Duty-skaparane hos Infinity Ward nesten gjekk i oppløysing, danna fleire avhopparar Respawn Entertainment. Ikkje uventa har dei jobba med eit nytt skytespel, men dette blir ikkje heilt det vi kjenner frå Call of Duty-serien. I Titanfall får du ikkje berre eit solid arsenal med våpen å kveste fiendar med. Her får du i tillegg setje deg i cockpiten på Titanar; digre robotar med massiv våpenkraft. Det heile skjer i eit høgt tempo, og Gøran var svært positiv til det han erfarte i den nylege betatesten:

«Frå første minutt med Titanfall hadde eeg det rett og slett gøy. Eg kan eigentleg ikkje hugse å ha kost meg så mykjee med eit skytespel nokon gong. Tempoet og balansen mellom skyting, våpen og rørslefridomen i Titanfall traff meg midt i hjarterota. Flyten i kampane er herleg, og blandinga av gigasvære robotar med rakettar, infanteri og anna moro er fantastisk.»

Sjå skjermbilete, artiklar og finn beste pris på Titanfall

Les også
Anmeldelse: Dark Souls II
Gjer deg klar til å døy, igjen og igjen.

Dark Souls II

Plattform: Windows, Xbox 360, PlayStation 3
Ute: 14. mars

Om du har spelt Demon's Souls eller Dark Souls veit du kva du har i vente. Dette er spelet for masochisten som gladeleg tek i mot grisepryl om igjen og om igjen så lenge han eller ho har eit ørlite håp om å vinne til slutt. Dark Souls II vil halde fram seriens tradisjon med å setje deg inn i nesten umoglege situasjonar, og du vil døy. Utviklarane legg si stoltheit i å servere deg ei brutal utfordring, noko Espen fekk erfare då han kika på spelet i fjor:

«Med litt betre grafikk, litt meir smidigheit og litt meir av det utviklarane ser på som «eit tydelegare fokus» lovar dette godt for fans av serien, og for nykomlingar er vel dette ein like god stad å starte som nokon annan.»

Sjå skjermbilete, artiklar og finn beste pris på Dark Souls II

Snake er snart klar for nye eventyr.

Metal Gear Solid V: Ground Zeroes

Plattform: PlayStation 3, PlayStation 4, Xbox 360
Ute: 20. mars

Metal Gear Solid-serien har vore svært populært heilt sidan det første spelet blei lansert på PlayStation i 1999. I løpet av serien har vi møtt fleire ulike versjonar av hovudpersonen Snake, og har fått ta del i ei historie ulike det meste anna i spelbransjen. Sidan starten har spela for det meste halde seg til den same formelen. I all hovudsak går spela inn under snikesjangeren, sjølv om det blir tid til mykje action og spenstige sjefskampar.

Metal Gear Solid V blir eit stort steg i ein ny retning for serien. Vi blir lova ei opa verda der du kan løyse utfordringane på mange ulike måtar. Det nedlastbare spelet Ground Zeroes vil fungere som ei innføring i den nye spelestilen, slik at vi alle er klare for det langt større spelet The Phantom Pain. Med ein flunkande ny grafikkmotor i Kiefer Sutherland i rolla som Snake er alt klart for ei ganske unik Metal Gear-oppleving.

Sjå skjermbilete, artiklar og finn beste pris på Metal Gear Solid V: Ground Zeroes

Lekker action i Infamous: Second Son.
Sucker Punch

Infamous: Second Son

Plattform: Playstation 4
Ute: 21. mars

PlayStation 4 drukna ikkje akkurat i store, eksklusive spel då konsollen blei lansert i fjor haust. Det vil Sony rette på i mars, sidan det tredje spelet i den populære Infamous-serien lanserast på PlayStation 4. I dette spelet møter vi den unge mannen Delsin Rowe, og eit heilt nytt sett med superkrefter. I motsetning til dei elektriske kreftene til Cole som var hovudperson i dei tidlegare spela, er kreftene til Delsin basert på røyk og neon. Espen var svært positiv etter å ha prøvd spelet:

«inFamous: Second Son fortset der dei første inFamous-spela slapp, men forsøkjer å fornye opplevinga ved å la deg spele som ein ny hovudperson, i ein ny by, med nye krefter og nye fiendar. Og det ser ut til å funke utmerka. Etter ein skarve time i skoa til jyplingen Delsin hadde eg byrja å finne meg til rette i rolla som Seattles helt.»

Sjå skjermbilete, artiklar og finn beste pris på Infamous: Second Son

Tilbake til Zanarkand i Final Fantasy X.

Saftige godbitar

Som ein kvar god månad med respekt for seg sjølv var desse fem spela langt frå alt vi har i vente. Mars blir i år ein svært god månad for fans av japanske rollespel. Gust er klare med Atelier Escha & Logy: Alchemists of the Dusk Sky, og Disgaea-veteranane hos Nippon Ichi vil la deg spele heks i The Witch and the Hundred Knight. Den kanskje største godbiten på JRPG-fronten er derimot den oppussa versjonen av Final Fantasy X og X-2. Her får vi både betre grafikk og nye versjonar av fleire musikalske nummer.

Om japanske rollespel ikkje er heilt di greie har du likevel noko smakfult i vente. Blizzard er klare til å gjere Diablo-universet større med utvidinga Diablo III: Reaper of Souls. Om du har fundert på å ta ein tur til helvete er dette eit like godt høve som noko anna.

Mars byr strengt tatt på noko for ein kvar smak. Peik og klikk-fantastane kan sjå fram til eventyrspelet 1954: Alcatraz der du blant anna skal kome deg ut frå den legendariske fengselsøya utanfor San Francisco. Strategen får på si side sjansen til å kose seg med Age of Wonders III.

Om du er på jakt etter nye opplevingar på 3DS-en din diskar Nintendo opp med Yoshi's New Island, medan Capcom og Level-5 byr på eit ganske så spesielt spel frå smeltedigelen; Professor Layton vs. Phoenix Wright: Ace Attorney. Litt sprø action får vi òg, i zombieslaktespelet Yaiba: Ninja Gaiden Z.

Heilt på tampen kan vi ta med det spanande spelet Windforge, eit spel som kombinerer idear frå spel som Terraria og Minecraft med sideskrollande actionspel som Contra. Om du har hatt lyst til å byggje ditt eige luftskip, for så å jakte på flygande kvalar, er dette spelet du har venta på.

Med det set vi kroken på døra for februar, og ynskjer deg ein triveleg månad framfor skjermen.

Siste fra forsiden