Blogg

Games Convention 2008: Dag 5

LEIPZIG (Gamer.no): Denne bloggen tek innleiingsvis eit litt anna format sidan eg byrjar å skrive medan eg ventar på å sjå Naruto: The Broken Bond hos Ubisoft. Eg er trøtt og lei, og eg har så vondt i ryggen at eg ikkje orkar å leike Indiana Jones i ein jungel av spel. Du kan tenkje deg. Fleire dagar der du går rundt frå tidleg morgon til sein kveld i støyfullt rom med ein tung PC-bag og eit kamera som konstant nedbør på ryggvirvlane. Du blir litt sliten etter ei stund, men det er slikt vi berre må leve med.

Det er garantert mykje vi ikkje har sett enno, men det er jo umogleg å få med seg alt. For ei lita stund sidan stod eg i nesten femten minutt for å finne ut om Wet er her, men som lesarane av bloggane våre kanskje har fått med seg no; det er ikkje så lett å bli forstått.

Klare for siste dag. (Foto: Kent William Inholt/Gamer.no)
Klare for siste dag. (Foto: Kent William Inholt/Gamer.no)

Eit enkelt kort ord som Wet måtte tolkast og spørjast og gravast om. Den eine Vivendi-jenta går til den andre, som igjen spør ein høg mann med grått hår og ølmage. Medan dei står der og pjattar seg i mellom, lurer eg på om det må vere så vanskeleg. Eg kan kjenne noko søkkje som blylodd innvendig når mannen med ølmagen plasserer ein post-it-lapp framfor meg, og ber meg skrive ned namnet.

Utruleg! Det verste er at det heile var fånyttes. Men der ser du, kjære vene lesar, kor mykje du betyr for oss. Vi slit oss gjennom håplause samtaler med språkfattige PR-folk, berre fordi du spør oss om noko.

Total war = no war

Mikael går amok. (Kladd: Øystein Furevik/Gamer.no)
Mikael går amok. (Kladd: Øystein Furevik/Gamer.no)

Eg hadde ein prat og ein røyk med Mikael i stad, der han kunne fortelje meg om den kontinuerlege sagaen Empire: Total War. Som sagt i bloggen frå i går skulle han i dag (fredag) prøve på nytt for å få kikka på spelet. Ikkje enkelt.

Først fortel dei han at utviklarane har reist heim. Han seier dette ikkje kan stemme, han har jo ei avtale. Dei sjekkar litt meir, og ser at «Åja, dei er her likevel, berre gå bort utanfor dette rommet og vent». Trettifem minutt seinare står Mikael der, og er ikkje særleg blid. Han går til frontalangrep på PR-folka, og spør dei kva pokker slags tull dette er. Dei håplause PR-folka sjekkar litt meir, før dei finn ut at alle avtalene i dag er eksklusive. Fånyttes det òg.

Han endar opp med eit tilbod om mail-intervju, noko han fnys av, og tar ein forbanna telefon til Segas representant i Noreg.

Eg lurer på om Kent William har hatt meir hell med seg.

Leipzig FTW?

Mikael viser stolt fram si nye Dragon Age-tatovering. (Øystein Furevik/Gamer.no)
Mikael viser stolt fram si nye Dragon Age-tatovering. (Øystein Furevik/Gamer.no)

Tilbake på hotellet har eg og Mikael gjort vårt beste for å vere produktive, men det er lettare sagt enn gjort når klokka blir mange, og dei fysiske reaksjonane på ei kraftige veke med overdosar på spel er i ferd med å merkast. Det er litt som å ha vore vaken nokre timar for mange. Vi er overtrøytte, litt leie av å skrive, og enda opp med latterkramper der dei einaste lydeffektane er små hikst pressa ut gjennom samanklemde lunger.

Dette førte med seg ei ganske interessant idèmyldring. Tidlegare har vi i Gamer.no vore inne på å kanskje lage nokre t-skjorter, men har i kveld tatt det heile nokre viktige steg vidare. Nøkkelringar og nakkeband er sjølvsagt, men vi stoppar ikkje der. Vi skal brøyte oss veg inn på undertøysmarknaden med eit godt utval av speedo-truser med ein stor G strategisk plassert på frontpartiet. For at du aldri skal gløyme oss, vil vi i tillegg produsere undertøy for jenter. Når du skal kose deg med dama for kvelden, blir du møtt av ein søt liten g-streng som seier «Pussy can wait, read Gamer.no».

På denne måten vil du alltid bli minna om at du må sjekke kva som er nytt på den største, beste og viktigaste nettsida for spel i fedrelandet, før du gjer noko anna.

I tillegg til det har vi nytta litt av tida vår på denne fagre fredagskveld til å studere artige småfilmar på Youtube. Vi har blant anna sett Bloodhound Gang syngje Dragostea din Tei og Tiger Woods som prompar. Artig artig.

Klare for avreise

Dette blir diverre den siste bloggen frå vår interessante tur til Tyskland (ja, eg kan høyre tårene dine som plaskar mot golvet, heilt herifrå). Det har vore ei reise gjennom alt det som kan skje på tur i eit anna land, og vi har for det meste kosa oss.

På våre drosjeturar har vi blant anna fnisa av dei sex-fokuserte reklamane vi finn over alt. Ein bil hadde påtrykk av ei drypande våt dame, med teksten «eg har alt du vil ha» godt synleg. Det var reklame for bilen, ikkje dama, men kvinnekroppen er ganske viktig i Tyskland. Vi finn den overalt, til og med på framsida til pizzamenyen. Det er jo ingenting som sel mat betre enn eit par veldreia bryst, eller?

Eg må unnskylde om eg høyrest sex-fiksert ut akkurat no, med mindre det kjem til madammen (som ser ut som den ultimate krysning mellom Angelina Jolie, Kylie Minogue og Michelle Pfeiffer), er eg ikkje det. Det er berre dette merkelege landet som dyttar det på deg frå kva einaste vinkel.

Mikael sjekker ut menyen. (Foto: Kent William Inholt/Gamer.no)
Mikael sjekker ut menyen. (Foto: Kent William Inholt/Gamer.no)

Men ja, det har for det meste vore fint, sjølv om vi har fått nokre negative kommentarar, sjokkerande nok. Sårande er det! Vi slit r***a av oss, og takka er altså irriterte kommentarar om kvifor vi fornorskar alt vi skriv, og kvifor vi eigentleg overset det folka vi utfører intervju med seier.

Vel, vi gjer kva vi kan for å glede lesarane, og vi skal no gjere noko vi aldri har gjort før. Fordi du bad om det, o heilage lesar. Her er eit sitat frå Epics Michael Capps, på engelsk, med lenkje til Babel Fish slik at dei som vil kan prøve å oversetje til det språket som passar dei best:

– You know the Misfits, right? Everybody has their T-shirt, right, but nobody ever listens to them.

Vel, takk for oss, det har vore hyggeleg. Snakkast neste gong.

Team Leipzig, out.

PS: Det kjem sjølvsagt mykje meir stoff frå det vi har sett i Leipzig i tida framover.

Kommentarer (16)

Forsiden akkurat nå

Til toppen