Sniktitt

Borderlands: The Pre-Sequel

Vektlaus gladvald

Det neste Borderlands-spelet gir oss ein heilt ny dimensjon å boltre oss i.

LOS ANGELES (Gamer.no): Det er noko svært utakksamt ved å skulle spele eit spel med stort fokus på samarbeid mellom spelarar når du står på eit messegolv der du verken kan sjå eller høyre den du spelar saman med. Er du heldig endar du opp med nokon som tenkjer samarbeid først, og kommunikasjon blir unødig. Får du derimot gleda av å spele saman med ein egoist blir det hakket vanskelegare, og det smartaste du kan gjere er å følgje etter vedkomande.

Som du kanskje skjønar var ikkje mitt første møte med Borderlands: The Pre-Sequel av beste sort, sjølv om det på ingen måte var spelet sin feil. Når dine første grep blir å gjenopplive ein person som styrtar rett inn i kamp utan å vente på andremann blir det gjerne slik.

Etter at tomannslaget var samla var det derimot tid for å teste ut kva denne ferske oppfølgjaren har å by på.

God, gammal årgang

Eit av spelets rolege stunder. (Bilde: 2K Games)

Du veit kva du får. Det er heilt sikkert, og for mange vil dette vere nok til å pakke ut sin blodferske segway for å rulle til næraste spelsjappe sporenstreks. Borderlands: The Pre-Sequel sender oss ut i uhyre velkjent terrotorium, sjølv om vi no har reist til månen og skal kjempe for den bastarden vi i Borderlands 2 kjempa mot.

Alle mekanikkane vi kjenner frå før er på plass og fungerer slik vi kjenner dei. Vi har eit knippe nye heltar som alle har sine unike eigenskapar, og eit hav av våpen som heile tida gir deg noko nytt å leike med.

Borderlands: The Pre-Sequel byr likevel på noko heilt nytt for serien. Sidan vi no er på månen får vi ut av det to heilt nye element som vil snu opp ned på mykje av det vi kjenner med Borderlands-serien. For det første har månen særs lite gravitasjon, noko som fører til at du kan hoppe langt høgre og lengre enn i tidlegare spel. Deretter har vi ein prekær mangel på oksygen som som både kan bli til bry og stor hjelp.

Din nær vektlause tilstand skapar enormt mykje spelerom. Du kan no springe over springbrett som sender deg høgt opp i lufta eller langt framover, og medan du er i lufta kan du bruke oksygen for å dytte deg enda litt lengre framover. Naturlegvis endar du opp med å bruke mykje av tida di i så og seie fri flyt, og medan du glir gjennom lufta kan du skyte ned på fiendane under deg, eller hente litt inspirasjon frå Super Mario og deise i bakken med eit stort smell.

Din nær vektlause tilstand skapar enormt mykje spelerom.

Det er frykteleg artig, og eg fekk brått ein heilt ny favoritt i det massive Borderlands-arsenalet. Der eg i tidlegare spel stort sett har styrt unna utvalet av rakettkastarar blei dette no mitt viktigaste våpen. Å hive seg opp i lufta over ei klynge fiendar for å sende ein rakett eller to mot dei er godt for sjela.

Du er langt frå aleine om å like deg i lufta, og vi finn mange fiendar som susar minst like mykje rundt i lufta som deg. Om du prøvar å gøyme deg bak ei kasse kan ein fiende raskt hoppe over deg, og du er strengt tatt aldri trygg. Det endar raskt opp som ei vilter og kaotisk slagmark, og det trur eg ikkje mange vil takke nei til.

Av is er du komen, og til is skal du bli

Eit nytt våpenelement har òg snike seg inn i Borderlands-universet. Med iskald makt kan du no fryse fiendane dine før du knokar til dei og får dei til å løyse seg opp i tallause isbitar. Det er ein effektiv taktikk, spesielt mot nye fiendar som har ein tendens til å dele seg opp i to nye fiendar i staden for å døy.

Les også
Anmeldelse: Borderlands: The Pre-Sequel
Du er ikkje aleine om å godte deg i firtt fall.

Mot meir konvensjonelle fiendar blir oksygen ein viktig alliert. Både du og fiendane dine spring rundt med oksygenmasker som treng regelmessig påfyll. Dette kan du få frå diverse oksygenkjelder rundt omkring i terrenget, eller via oksygenbobler du kan fyre opp ved å aktivere eit apparat.

Når du er utanfor slike kjelder vil oksygenet sakte forsvinne, og dette kan du bruke til din fordel. Om du nesten har drept ein fiende treng du ikkje lenger fyre av eit skot til. Du kan berre la han gå tom for luft og han døyr likevel. Du kan i tillegg skyte av fiendane oksygenmaskene deira slik at dei døyr momentant.

På den andre sida kan oksygen no brukast for å få venene dine på beina igjen raskare om dei skulle hamn på kne. Dette fjernar naturlegvis litt av ditt eige oksygen, men det er ein risk det kan vere verdt å ta om du er omringa av ein bataljon blodtørstige fiendar som vil lage frikassé av skolten din.

Oksygenet er no ein tredje ressurs å halde styr på, i tillegg til helsa di og skjolda dine. Du får kanskje meir å ha kontroll på, men i løpet av mine minutt med spelet skapte dette aldri nemneverdige problem. Det ser ut til å vere nok av oksygenkjelder i spelet til at du sjeldan vil innsjå du er i ein prekær situasjon. I staden blir det heller eit verkty du brukar mot fiendar. Til dømes ved å fjerne ei oksygenboble om ei stor gruppe fiendar er samla i den.

Konklusjon

Månen introduserer oss for nokre stygge nye beist.

Det er ingenting som tyder på at vi har nokon grunn til å frykte Borderlands: The Pre-Sequel. Gearbox har kanskje gitt over utviklaransvaret til 2K Australia, men det har dei strengt tatt gjort før gjennom diverse Borderlands-utvidingar. Samtidig har Borderlands over dei førre spela bygd opp eit solid rammeverk som fungerer uhyre godt.

Dei nye elementa som låg gravitasjon og tidvis oksygenmangel ser absolutt ut til å tilføre spelet noko positivt. Kampane er minst like kaotiske som før, godt mogleg enda meir, og det å kunne hoppe høgt opp i lufta for å sende bomber og granatar på fiendane under deg er uhyre moro.

Eg kjenner likevel ein mild skepsis i meg. Vi har strengt tatt blitt pepra med Borderlands dei siste åra. Vi har fått to spel med svært mykje ekstrainnhald, og det gjenstår å sjå om 2K Australia kan skape nok langvarig våpenhygge til å få folk til å godte seg i dette universet ein sesong til.

Den første smakebiten smakte likevel svært godt, og eg ser fram til eit fyldigare måltid.

Siste fra forsiden