Anmeldelse

SSX 3

Store ting har skjedd sidan SSX Tricky imponerte oss med sine absurde og direkte latterlege påfunn. Det var det andre spelet i ein serie med snøbrett-spel, som takka vere nokre av dei mest presise og lettfattelege kontrollane nokon sinne, ikkje hadde problem med å nå eit enormt publikum. Ting har skjedd sidan forrige gang, og det er slutt på å reise rundt omkring i verda på forskjellige baner. Denne gang foregår alt på eit enormt fjell. Både verforhold og føre kan påverke utfallet av ein konkurranse. Denne gang er det deg mot fjellet. Tek du utfordringa?

Om SSX pusta ein del nytt liv inn i snøbrett-sjangeren, og SSX Tricky tok det til nye høgder, er SSX 3 revolusjonen. Det er vanskeleg å ikkje bli imponert når ein køyrer ned dei vertikale bakkane, og ser avgrunnen kome nærmare. Buldringa av eit snøskred bak deg, lyden av eit fly som kjem nærmare før det krasjar i eit tre. SSX 3 er eit enormt skritt framover. SSX Tricky gav deg eit par nye baner, fleire karakterar å velje mellom, og redesigna baner frå SSX. SSX 3 latar som om dei to andre spela aldri eksisterte, kastar dei gamle banene, og gir deg heller eit heilt fjell å bryne deg på.

Mellom bakkar og berg
I praksis gir SSX 3 deg illusjonen av å vere på eit fjell. Du har tre fjelltoppar til din disposisjon. På kvar enkelt av desse kan du køyre frå toppen, og ned til Metro City, som ligg ved bunnen av fjellet. Samtidig er alle fjella lenka saman. Startar du på topp 3 kan du køyre heilt ned, og samtidig køyre gjennom baner som ligg på dei andre fjelltoppane. Denn reisa kan ta deg opp mot ein halvtime. På veg nedover fjellet vil du finne forskjellige stasjonar, desse inkluderar ei fjellhytte og ei transportvogn. Om du tek turen innom hytta kan du kjøpe nye ferdigheiter til karakteren din, eller kjøpe nye klede. Frå transportvogna kan du velje å reise kvar som helst på fjellet.

Fjellhytta som på fint har namnet "lodge", byr på mange moglegheiter, mange av dei har ingenting å sei for sjølve spelet, men dei gjer opplevinga sterkare. Det kan av og til bli eit hardt val om du vil bruke pengane på å bli litt betre til å trikse, eller om du absolutt må ha sko av betong. Alle dei tre fjelltoppane byr på forskjellige klede du kan kjøpe. Desse varierar mellom ting som er felles for alle, og diverse skjorter og bukser som er spesielle for den individuelle utøvar. Om du vil ha tøffe klede er du i midlertid ikkje nødt til å kjøpe desse. Dei mest ekstravagante kleda får du ved å vinne konkurransar. Desse varierar mellom alt frå flaggermusvinger, jetmotorar og moteriktig tilbehør som bjørnesaks (!).

Hytta byr på fleire val enn kun kva du vil bruke pengane på. Her kan du sjekke profilen til karakteren din, omredigere på kva musikk du vil høyre, og studere ting du har vunne. I SSX 3 vinn du ikkje berre medaljar og pengar, men også ting som plakatar, leiketøy og samlekort. Ein anna interessant ting du kan sjå på her er dei personlege høgdepunkta i karriera di. Du får ei liste over ting karakteren din vil oppnå, og etter kvart som du når desse måla vil dei bli kryssa ut. Ein siste ting du får tilgang på i fjellhytta er opplåsbare karakterar, som du får tilgang på ved å gjere det svært bra i konkurransar. Om det skulle bli for kjedeleg med kjende figurar frå tidlegare spel, kan det informerast om at det for den kresne er mogleg å spele som blandt anna ei ku, eller roboten Churchill.

Om stasjonen ikkje er av interesse kan du berre køyre forbi den. Du køyrer då i område som ikkje er del av nokre baner, men som etter kvart vil føre deg til nye løper, der du kan ta del i konkurransar. Ved kvar nye løype kan du velje om du vil ta del i ein konkurranse, eller om du vil køyre "freeride". Om du vel "freeride" kan du køyre ned bakkane i ditt eige tempo, og bryne deg på forskjellige utfordringar som dukkar opp undervegs. Desse er markert med grøne søyler av lys. Ved å klare dess utfordringane vil du også tene pengar, eller andre morosame ting.

SSX 3 PS2 PS2

Spilldetaljer

  • Lanseringsdato: 31. oktober 2003
  • Plattform: PlayStation 2
  • Utgiver: Electronic Arts
  • Utvikler: EA Sports

Kommentarer (12)

Forsiden akkurat nå

Til toppen