For to år sidan gav norske Hyper Games oss eit sjarmerande og underhaldande eventyr med Tove Janssons Snusmumrikken i hovudrolla. Det var ei fornøyeleg spel, der vi fekk kjempe mot ein litt forkvakla politikonstabel som prøvde å strigle Mummidalen for alt som var moro.
I år returnerer vi til Mummidalen, men denne gong er det med Mummitrollet sjølv i hovudrolla.
Kulda set inn
Vårt eventyr startar ein morgon då Mummitrollet vaknar, og forventar at alt er som det skal vere. Lukta frå kjøkenet der Mummimamma steller i stand, varmen frå veden Mummipappa fyrer opp for å varme huset etter ein lang vinter, og lyden av fuglekvitter utanfor er essensielle ingrediensar når ein vaknar etter vinterdvale.
Det er ikkje heilt det som ventar.
I staden vaknar mummitrollet opp til ei kald natt. Vind har slått opp vindauga, snø bles inn, og ingen lykter er tent. Med fyrstikker må eit skrekkslagent Mummitroll lyse opp eit mørkt hus på jakt etter mor og far.
Dei søv, og kjapt innser Mummitrollet til sin store skrekk at vinteren ikkje er over. Våren er langt unna, og for kanskje første gong i sitt liv må Mummitrollet klare seg sjølv, utan hjelp frå Mummimamma og Mummipappa som ligg og søv tungt og uforstyrra i senga si.
Nye vener
Mummitrollet: Vinterens Varme er likt nok Snusmumrikken: Melodien i Mummidalen til at alle vil kjenne seg igjen, men ulikt nok til at det aldri framstår som berre meir av det same.
Den største endringa er umiddelbart årstida. Det er vinter. Snø overalt, og dette i seg sjølv skapar utfordringar. Det er tungt å vasse gjennom snø, men etter kvart som ein tråkkar den ned, blir det laga spor som er raskare å gå gjennom.
Andre stadar finn vi store snøfonner ein må ha spade for å kome seg gjennom, men spaden får du ikkje gratis.
Der Snusmumrikken: Melodien i Mummidalen hadde eit fokus på å bruke musikkinstrument for å løyse utfordringar, er Mummitrollet: Vinterens Varme av langt meir praktisk karakter.
Mummitrollet får etter kvart fire verkty som alle kan oppgraderast. Fyrstikker for å lyser opp og tenne lyskjelder, vottar for å lage snøballar ein kan skyte ned ting med, ein spade for å grave snø, og ikkje minst ei øks for å hogge seg gjennom tre, og få samla inn nok ved til å kunne tenne det store vinterbålet som markerer at våren er på veg.
Større og friare
Den kanskje største forskjellen på Mummitrollet- og Snusmumrikken-spela er strukturen. Snusmumrikken var ei ganske lineær reise der du farta gjennom stadig nye område, løyste praktiske utfordringar, og fekk fleire bitar av historia.
I Mummitrollet: Vinterens Varme har først og fremst forteljinga eit større fokus. Mummitrollet er ein langt meir aktiv hovudperson enn Snusmumrikken. Han har meir å seie, fleire meiningar, fleire kjensler, og dette er noko som konstant kjem i spel.
I Mummidalen møter han stadig folk og skapningar som treng hjelp, og han inviterer mange av dei til å bu i Mummihuset. Dette huset fungerer som sentrum for heile spelet. Det ligg i midten av kartet, og ein stad du stadig vil vende tilbake til.
Du får nye oppdrag frå trengande skapningar, og etter kvart som du løyser dei stort sett enkle problema deira, samlast dei rundt deg.
Ei fin forteljing
Spelmekanisk er Mummtrollet: Vinterens Varme eit enkelt spel. Mekanismane er ikkje meir kompliserte enn dei treng vere, og spelet byr sjeldan på store utfordringar.
Spelet handlar i staden om å skape ei stemning, formidle ei forteljing, og dra oss alle med inn i Tove Janssons verd.
Dette løyser utviklarane på meisterleg vis. På mange måtar gjer dei ein enda betre jobb enn sist, og ein merkar at dei er komfortable i denne verda. Forteljinga er sjarmerande, varm og har eit vart fokus på usikre sjeler som treng hjelp til å fungere. Mummitrollet er eit samlande midtpunkt som prøvar å hjelpe alle, sjølv om dei rundt han ikkje nødvendigvis klarar å hjelpe seg sjølv.
Det heile er pakka inn i eit nydeleg ytre som bygger vidare på den visuelle stilen frå Snusmumrikken: Melodien i Mummidalen. Det er som ei blanding mellom akvarell og papirriving og vekker Mummidalen til live på nydeleg vis.
Vi kan heller ikkje la vere å nemne musikken, som har fått ei markant oppgradering sidan sist, mykje fordi det er meir av den, og den har fått ei mykje viktigare rolle. Den gjer meir ut av seg, jobbar hardare for å bygge ei god stemning, og det er noko spelet tener mykje på.
Eg skulle framleis ynskje spelet hadde stemmeskodespel, spesielt for yngre spelarar, men vi kan alltids håpe det kjem i eventuelle framtidige spel.
Konklusjon
Om du likte Snusmumrikken: Melodien i Mummidalen, kjem du garantert til å like Mummitrollet: Vinterens Varme.
Det er ei varm og fin historie om venskap, det å hjelpe kvarandre, og stå saman når ting kanskje blir litt vanskeleg. Spelet byr moglegvis ikkje på djupe tankar for vaksne folk, men det er kommunisert på ein veldig fin og barnevenleg måte som aldri gløymer at Mummitrollet ikkje berre er for dei minste.
Vidare er Mummitrollet: Vinterens Varme eit meir avansert spel med fleire ting å gjere, større område å utforske og langt meir spanande område å utforske. Spelet gjer meg veldig spent på å sjå kva Hyper Games kan finne på i framtida.
Mummitollet: Vinterens Varme er ute no for Nintendo Switch (testa) og Windows (testa).