Anmeldelse

Kingdom Hearts 358/2 Days

Denne turen til eventyrland kunne vi eigentleg ha klart oss utan.

I motsetning til dei føreståande spela i Kingdom Hearts-serien, står både Disney og Final Fantasy stort sett i bakgrunnen i dette nye kapitlet i Disney og Square Enix sin pågåande saga. 358/2 Days omhandlar Roxas, den unge guten vi blir introdusert for i Kingdom Hearts 2. Roxas er eit ungt og nytt medlem i Organisasjon XIII, ein gjeng med svartkledde folk som har eit mål om å restaurere Kingdom Hearts, eit skinande hjarte på himmelen. Grunnen er enkel. Ingen i denne organisasjonen har hjarte, noko dei ikkje er så glade for, men dei meiner Kingdom Hearts kan gi dei akkurat det.

Roxas blir eit spesielt og viktig medlem i organisasjonen. Han kan bruke eit nøkkelsverd, og dette gjer han til den einaste som kan sanke hjarte frå dei mørke skapningane som har ein lei tendens til å terrorisere kvart einaste område dei set fot i.

Skal det vere ein is?

Historia i Kingdom Hearts 358/2 Days er berre så som så. Det er ikkje fullt ut nødvendig å ha spelt dei føreståande spela i serien, men det er ein stor fordel. Å følgje med på handlinga i spelet krev tolmod. Det er lett å gløyme kva som har skjedd sidan det tek lang tid mellom kvar spesielle hending, og journalen til Roxas blir difor eit nyttig verkty for å få med seg kva som skjer.

Spelet baserer seg på ein oppdragsstruktur der du mellom kvart oppdrag ruslar rundt i eit lite rom der du kan snakke med eitt og anna medlem i organisasjonen. Dei seier lite nyttig, men dei er no der, og sørgjer for at staden ikkje verkar heilt daud. Progresjonen i spelet skjer ved å velje oppdrag. Dette gir deg små filmsekvensar der ein heller nedstemt Roxas gjer sitt beste for å framstå som ein person som ikkje forstår stort om så mykje. Han er ikkje den mest engasjerte fyren i verda, og dette smittar diverre over på spelaren, som sit igjen utan å eigentleg bry seg så mykje om verken organisasjonen eller Roxas.

At vi i tillegg etter kvart bidige oppdrag må sjå Roxas og eit par vener sitje ved klokka i Twilight Town for å prate laust medan dei et havsalt-is, blir du i tillegg lei av veldig fort.

Lett gjennkjenneleg

Sjølv om både format og struktur er nytt for dagen, er det veldig lett å kome i gong med Kingdom Hearts 358/2 Days. Det heile fungerer på nøyaktig same måte som før, med det vesle unntak at DS ikkje tillet like avanserte kontrollar som ein PlayStation-kontroll. Dette får først og fremst utslag gjennom eit kamera som ikkje er din ven, og aldri prøvar å gi inntrykk av å vere det heller.

Det finnest ikkje noko dynamisk kamera i dette spelet, i staden må du ty til eitt av to kontrollsystem – og ingen av dei er optimale. Det eine let deg rotere kameraet med ryggknappane, medan det andre let deg sentrere det med ein av dei. Det første alternativet høyrest kanskje best ut, men dette gjer det samtidig mykje meir tungvindt å bruke snarvegar for magi og gjenstandar, sidan du då må halde ned begge ryggknappane samtidig.

Begge kontrolloppsetta slit med at ryggknappane både blir brukt for å justere kamera, og for å låse seg på fiendar. Det er eit oppsett som berre ber om bråk. Du ender ofte opp med å rotere kameraet, der du berre prøver å bla gjennom fiendane.

Knappemos

Kingdom Hearts 358/2 eit spel som umiddelbart gir veldig blanda kjensler. Byrjinga er like treg som i Kingdom Hearts 2, med den eine traurige opplæringa etter den andre. Men det tek seg kjapt opp, og blir eit temmeleg underhaldande spel etter kort tid. Det tek derimot ikkje lang tid før du innser at spelet eigentleg viser alt det har å by på i løpet av dei første timane. Du kan riktig nok skru saman eigenskapane til Roxas slik det passar deg, men dine handlingar ute i felten blir likevel dei same.

I korte trekk vil det seie at du spring rundt i dei same områda om igjen i det uendelege og hamrar på ein og same knapp til tommelen byrjar å verke. Når du har drepe ein fiende mange nok gongar, går du lei av å drepe den fienden. Når du har sprunge gjennom eit område mange nok gongar, blir du lei av å springe gjennom det området. Repetisjon er gjort til ein kunst av så imponerande format i Kingdom Hearts 358/2 Days, at det nesten står respekt av det. At du kan leite fram kister for å finne forskjellige skattar hjelp ikkje, for inventaret ditt er uhyre lite.

Dette fører oss likevel over på den eine delen av spelet som er ganske interessant. I staden for å by på eit typisk rollespel-system der du går opp i nivå og statistikkar, og finpussar på eigenskapane dine etter kvart som tida går, har Square Enix valt å gjere oppbygginga av Roxas fullstendig valfri.

Gjennom eit panelsystem set du inn akkurat det du vil ha. Om du vil ha eit nytt våpen, legg du det inn i panelet. Om du vil ha eit betre våpen, kjøper du eit nytt, legg det inn i panelet, og lenkjer det saman med forskjellige brikker som gjer våpenet kraftigare. Interessant nok må du leggje nye erfaringsnivå inn i panelet òg. Umiddelbart gir dette inntrykk av å vere ein håplaust negativ ting, men dette endrar seg. Du kan få tak i brikker som vil doble effekten av kvart nivå du lenkjer den saman med, og såleis kan du brått bli mykje kraftigare utan å gjere så mykje.

Fram og tilbake

Panelsystemet er absolutt interessant, men det har sine baksider. Ein vil gjerne gjere Roxas så effektiv som mogleg, men om ein skal ut i farlege situasjonar er det nødvendig å ha med seg ei og anna leskedrikk. Desse tek òg plass i panelet, og stel difor rom du kunne ha brukt på nye og meir effektive angrep. Du er låst til det oppsettet du skrur saman før du byrjar oppdraga, og om du innser at du har gjort noko feil her, har du ikkje noko anna val enn å la det stå til, eller trekkje deg for å prøve på ny med ein litt betre taktikk.

Det er litt irriterande å springe rundt på oppdrag heilt utan ein einaste drikk, og vite at sjølv om du plukkar opp ein «Hi-Potion», kan du ikkje bruke den sidan den går direkte til inventaret som berre er tilgjengeleg mellom oppdraga.

Om du planlegg godt er det heldigvis ikkje ofte dette er noko stort problem, for sjølv om du går gjennom dei same områda og fiendane gong på gong, tek det sjeldan mykje tid å bli ferdig med eit oppdrag. Dette er ikkje eit spel du må sitje med i timevis for å kome nokon veg, og dette er eigentleg spelets sterkaste side. Det er lett å plukke opp, sjølv om det samtidig er ganske lett å leggje frå seg når ein først har gjort eit oppdrag.

Nok å ta av

Om du ikkje skulle få nok av historia og dei 20-30 timane denne kan halde deg gåande, byr spelet på mange ekstra utfordringar. Etter kvart som du får tilgang på nye oppdrag, vil du i tillegg få tilgang på diverse variasjonar av dei. I desse spelar du gjennom oppdrag du har gjort før, men med ei større utfordring som til dømes at fiendane er sterkare, eller at du må gjere det på kortast mogleg tid. Gjer du ein god jobb vil du få medaljar du kan byte inn hos den lokale Moogle-sjappa for litt ekstra godsaker.

I tillegg byr 358/2 Days på ein fleirspelarmodus som let opp til fire spelarar samarbeide om å løyse oppdrag. Kvar spelar kan velje kven dei vil av dei forskjellige Organisasjon XIII-medlemma, og dette byr på ein viss variasjon utover det du får elles i spelet. Dei har alle forskjellige våpen og angrep, noko som byr på ein del rom for eksperimentering med å skru saman ei solid gruppe. Oppdraga er nøyaktig dei same som i historia, så vi får diverre ikkje noko ekstra.

Vakker miniatyr

Om det er ein ting Kingdom Hearts 358/2 Days kan skilte med, er det at dette er eit av dei flottaste spela på DS. Det er ikkje ofte ein ser så god 3D-grafikk på Nintendo si vesle pengemaskin. Det er klart det ikkje ser så pent ut samanlikna med kraftigare maskinvare der ute, men det er no heller ikkje poenget.

Dei forskjellige områda er trufast gjenskapt, og om du har spelt Kingdom Hearts 2 vil du lett kjenne deg igjen. Det er gjort ein del justeringar, og områda er generelt sett mykje mindre enn før, men alt i alt har Square Enix gjort ein nydeleg jobb i å gjenskape verdenen i eit mindre format. Samtidig er det ganske imponerande kor like dei forskjellige personane er seg sjølv. Både modellane og animasjonane deira er tru kopiar frå PlayStation 2, og sjølv om detaljnivået er lågare, er det lett å gløyme seg bort.

Det same kan på sett og vis seiast om musikken, sjølv om det ikkje er like positivt. Musikken er som før veldig bra, men det kjem av den enkle grunn at det er nøyaktig den same musikken som før. Du vil ikkje finne eit einaste nytt spor, ikkje ein gong ein liten variant av gamle spor. Dette er gammal musikk i dårlegare lydkvalitet. Til og med den fengjande introduksjonslåten er den same som i Kingdom Hearts 2.

Konklusjon

Kingdom Hearts 358/2 Days er eit heilt greitt spel som verken byr på dei store nedturane, eller dei store oppturane. Det er lett å eigentleg bli litt likegyldig til spelet, og eg tvilar på om nokon vil sitje igjen med dei heilt sterke minna.

Roxas sitt eventyr byr på solide mekanikkar som diverre blir hardt sett på prøve av eit spel som gjentek seg sjølv endelaust. Det er lett å få kjensla av at ein gjer det same i dei same områda heile tida, og dette sender ikkje akkurat engasjementet til skyene. Spelet er god underhaldning i konsentrerte doser, og det er som skapt for å få ein busstur til å gå raskare. I lengda blir det likevel for mykje av det same, og sjølv om det ligg nokre interessante tankar bak spelet, er dei diverre ikkje interessante nok.

Vi har brukt bilder fra den asiatiske versjonen i mangel på tilsvarende europeiske bilder.

Siste fra forsiden