Anmeldelse

Tactics Ogre: Let Us Cling Together

Square Enix pustar nytt liv i ein gammal klassikar.

Midtvegs i utviklinga av Final Fantasy XII forsvann regissør Yasumi Matsuno frå jordas overflate. Grunnen blei sagt å vere dårleg helse, men spekulasjonar om dårleg blod innanfor Square Enix breia om seg som eld i knusktørt gras blant hungrige rollespelfanatikarar som venta i sårbar lengsle på Matsunos neste meisterverk. Det finnest eigentleg ingen andre ord ein kan bruke på spela denne legenda innan japansk spelproduksjon har levert frå seg. Han er ein meister, og alt han tar i ser ut til å bli til gull. Ved sida av Final Fantasy XII står han bak perler som Vagrant Story og Final Fantasy Tactics.

No er han derimot tilbake, og saman med originalbesetninga – inkludert komponist Hitoshi Sakimoto – let han ein ny generasjon få ta del i eit av dei beste taktikkspela gjennom tidene.

Stor dramatikk sparkar historia i gong

Lat oss klengje i hop

På sett og vis kan ein seie at har du spelt eit taktikkspel har du spelt dei alle. Du vil lett kjenne deg igjen i dei grunnleggjande mekanikkane Tactics Ogre byr på, og det skal veldig lite til for å få tak på spelet. Du flyttar figurar etter tur på eit rutenett, og vel ei handling som passar for den situasjonen du skulle vere i. Du treff betre med eit angrep ved å angripe bakfrå, og du har lettare for å hoppe unna eit angrep om du ser det kome. Så langt er alt såre enkelt, og det er ikkje mykje ved dette oppsettet som bør invitere deg til fråde om kjeften med mindre du frådar kvar gong du høyrer ordet «taktikk», men alt eg har nemnt så langt er berre spiren som snart vil vakse seg til eit massivt tre.

Tactics Ogre er eit todelt spel der det er vanskeleg å seie kva som er viktigast. Du vil sjølvsagt bruke mykje tid i kamp der du gjer ditt beste for å ta ned den eine fienden etter den andre, men det er minst like viktig å sørgje for at alle krigarane dine er klare for dei føreståande farane.

Ein forskjell på Tactics Ogre og til dømes Final Fantasy Tactics er at alt er veldig mykje større i Tactics Ogre. Du startar kanskje i små og relativt konsentrerte område med ei lita hær på ei handfull soldatar, men dette eskalerer og utviklar seg raskt. Eller, det kjennest raskt. Timane flyg med dette spelet, og du skal ikkje sjå vekk frå at der du trudde du hadde brukt omlag eit kvarter, har det i realiteten gått fire av dei.

Men tilbake til kampane. Dei blir gradvis større og meir komplekse, og det er ikkje før dette skjer at du verkeleg får tyna dine taktiske eigenskapar. I staden for ei lita gruppe krigarar har du eit dusin, og områda du kjempar i er massive med forskjellige hinder i terrenget som sørgjer for at kvart einaste steg helst bør planleggjast nøye. Det blir ei konstant jakt både fram og tilbake mellom deg og fienden. Du vil helst sende inn ein krigar du veit kan sparke frå seg, men risikoen er der alltid for at han blir hamra synder og saman. Du må sende inn ein Cleric for å lækje han, men han er enda meir sårbar. Å finne den rette balansen av forskjellige soldatklassar er eit kunststykke spelet på fabelaktig vis let deg fullføre med glans.

Moglegheitene er mange, og utfalla like så

Kjærleikserklæring

Det er ikkje alltid nøye førebuingar er nok. Av og til må du krype til korset for å innrømme eit nederlag, men Tactics Ogre byr på ei genial løysing på problemet. Gjennom Chariot Tarot-funksjonen kan du spole tida tilbake heile femti trekk. Om nokon døyr kan du hoppe tilbake for å gjere ei anna manøver nokre turar tidlegare. Eventuelt kan du gå langt tilbake i tid om du innser at eit lite feilgrep enda opp med å utløyse ein lang serie med hendingar som geleida deg bestemt mot avgrunnen. Det er eit system som lett kunne ha enda opp som ein billeg måte å klare seg gjennom strabasane på, men i staden blir det eit nyttig og viktig verkty ikkje berre for å overleve, men òg for å forstå og forbetre sine eigne taktikkar.

Mange av dine viktigaste avgjersler skjer derimot utanfor slaga. Som i dei fleste japanske spel med respekt for seg sjølv får du erfaringspoeng etter kvart slag, men dette systemet er ikkje heilt som vi kanskje er vande med. Når eit slag er over er det karakterklassane som får poeng i staden for krigarane sjølve. Dette har den temmeleg viktige effekta at alle nye krigarar som har ein klasse du allereie har brukt i kamp, er nokre erfaringsnivå over startgropa.

Sjølv om alle går opp i nivå basert på klassen sin, har dei samtidig individuelle nivå å klatre, og dette kjem gjennom ferdigheitspoeng. Kvar karakter som er med i ein kamp tener ei dose poeng, og desse kan brukast til å låse opp nye eigenskapar. Dette er praktisk talt eit spel i seg sjølv, og du kan raskt bli sitjande like lenge i menyane som i kampane for å skru saman den perfekte troppen. Det er få spel som presterer å byggje opp ei større glede over det å få ein ny eigenskap som Tactics Ogre, og eit resultat av dette er at du gradvis knyter band til alle krigarane dine. Du brukar mykje tid på dei, du byggjer dei opp frå små pingler til brutale kjemper som kan danse rundt kvart angrep, og lage pudding av eit fjell til høgre medan det vekkjer ein stakkar til venstre frå døden.

Om du vil utvide repertoaret ditt kan du reise til små byar representerte via små menyar. Her kan du hyre inn nye folk for å fylle ut tomromma i staben, eller du kan handle nytt utstyr eller magiske formular for å styrkje den spirituelle baktroppen. Utover i spelet kan du i tillegg lage ei rekke gjenstandar sjølv, noko som let deg spare pengar for å bruke dei på større og meir langvarige investeringar.

Du får kjempe mot alt frå sjarmerande damer til stygge skjelett

Gammalt på nytt

Tactics Ogre: Let Us Cling Together er ein nyversjon av eit gammalt Super Nintendo-spel, og naturleg nok er det ikkje akkurat det mest avanserte spelet reint teknisk. Det byr på enkel og nostalgisk sprite-basert grafikk, men det får jobben gjort. Det har ein unekteleg sjarme over seg, og dei forskjellige områda viser ofte kor mykje personlegheit ein kan få til med enkle metodar. Det har likevel skjedd nokre endringar, og då først og fremst gjennom flotte personportrett og veldig stilreine og effektive menyar.

Tactics Ogre er eit kast tilbake til fortida både teknisk og ved å gjenintrodusere oss for ein sjanger som ikkje heilt eignar seg på konsollane no for tida. Ein ting ved presentasjonen er det derimot heilt suverent på, sjølv etter dagens standard. Hovudfokuset ligg kanskje på karakterbygging og lange kampar, men spelet fortel samtidig ei fantastisk historie om maktspel og bedrageri.

Historia blir stort sett fortalt gjennom tekstbobler før, midtvegs, og avslutningsvis i eit slag, men det er likevel ekstremt engasjerande. Det er noko mørkt og modent over denne historia, og vi ser strengt tatt ikkje nok av dette no til dags. Du veit aldri kva veg historia vil gå, og sjølv om karakterane av og til viser seg som både naive og kanskje litt sjølvhøgtidelege, er det likevel lett å like dei. Det er kanskje ein rar tanke, men nokre gongar er det lettare å kome inn på ein karakter presentert gjennom eit bilete og ein liten figur på skjermen, enn ein velutvikla 3D-modell med imponerande mange polygonar i håret.

Som det perfekte bakteppet ligg nokre av Hitoshi Sakimoto sine beste komposisjonar, og dei både underbyggjar dramatikk, og pumpar deg opp når ein kamp trer i gong.

Spelet maktar å byggje opp ei imponerande stemning gjennom enkel grafikk

Konklusjon

Er du av sorten som meiner alt var betre før, og at spela no til dags ikkje kan måle seg med perlene frå din spede barndom? Da er Tactics Ogre: Let Us Cling Together eit nødvendig kjøp. Det er ei perle av imponerande dimensjonar som leverer oss ei herleg pakka som treff blink på alle punkt.

Det er få taktiske rollespel som leverer sakene så til dei gradene som Matsuno og kompani gjorde med dette spelet på 90-talet, og det er ei sann glede å no sjå at det er tilbake. Det er eit spel som gjev deg ei monumental kjensle av at alt ein gjer har mykje å seie for framtida. Du endrar ikkje historia på nokon måte, men kvar nye eigenskap du kjøpet, og kvart trekk du gjer i eit slag kan få uventa konsekvensar både på godt og vondt.

Som eit bakteppe for dette fantastiske spelet ligg ei historie som fullstendig gruslegg det meste vi har sett i nyare tid. Om du verkeleg vil ha noko modent og intelligent, er dette spelet du har venta på. For din del er det berre ein ting å gjere. Spring til nærast butikk og stem på fleire taktiske perler med lommeboka di.

Siste fra forsiden