ANMELDELSE: Final Fantasy XII: The Zodiac Age
(Bilde: Square Enix)

Nydeleg restaurering

Elleve år seinare er Final Fantasy XII eit på alle måtar betre spel enn det var.

Før HD-generasjonen kom og gjorde livet surt for dei fleste japanske utviklarar som ikkje hadde førebudd seg på den nye kvardagen, var Square Enix for reine trollmenn å rekne. Berre sjå på Final Fantasy XII. Eit tolv år gammalt spel er no ute i ny versjon, og med berre små grep har utviklarteamet bak oppussingsprosjektet meistra å levere eit spel som tidvis rivaliserer fleire av spela som blir produsert den dag i dag.

Det seier mest av alt svært mykje om kva Square Enix klarte å presse ut av den snart 20 år gamle PlayStation 2-konsolen. Spelet bydde på store, opne og langstrakte område; figurar som var så høgt detaljerte at konsollen ikkje hadde kapasitet til å vise det ein gong.

Ved å berre pynte bittelitt på tekstureringa i spelet, samt skru på nokre heilt nye lys, skin Final Fantasy XII som aldri før. Ein tur gjennom underjordiske gruvesjakter viser eit spel for galleriet som nesten skapar vantru. Alt utviklarane trengde å gjere for å hente dette spelet inn i vår tid var å oppgradere lyssettinga, og gruvesjaktane forvandlar seg frå flate kulissar, til mystiske avgrunnar du fascinert glir inn i.

Sjølvsagt ser ein alderen. Noko anna skulle berre mangle når vi snakkar om eit elleve år gammalt spel. Ser du ned på bakken, ser du berre graut, og ein person som kjem hakket for nære skjermen mistar det meste av definisjon. Får du derimot ting litt på avstand, byr Final Fantasy XII: The Zodiac Age på ei av dei mest gjennomførte visuelle opplevingane i både eldre, og nyare tid.

Ut med det gamle

Det er lett å gløyme at dette er eit elleve år gammalt spel.
Det er lett å gløyme at dette er eit elleve år gammalt spel. Foto: Øystein Furevik/Gamer.no

Final Fantasy XII blei opphaveleg lansert våren 2006, og var eitt av dei mest kontroversielle Final Fantasy-spela i seriens historie. Alle Final Fantasy-spel blir elska og hata. Slik er det berre. Det er ein naturlov som har vore ein stor bidragsytar til å halde serien i live så lenge som den har levd. Serien polariserer, og med det engasjerer den, skapar debatt, krangling, og no og då venskap.

Final Fantasy XII var derimot i ein klasse for seg. Der tidlegare spel blei elska og hata på bakgrunn av ting kor gode historiene og karakterdesignet var, samt dei tidvis kompliserte systema som låg bak dei turbaserte kampane, tok Final Fantasy XII mange steg i fleire nye retningar samtidig.

For første gong droppa Square Enix dei turbaserte kampane som alltid hadde vore der, og i staden for å hamne i kamp på tilfeldige tispunkt, kunne du sjå alle fiendar på lang avstand. I 2017 høyrest kanskje ikkje dette ut som noko å hisse seg opp over, men for elleve år sidan førte det til at ganske mange meinte Final Fantasy XII betydde seriens visse død. Spelet rokka ved grunnpilarar som hadde vore i serien frå starten av. Slikt gjer du ikkje utan å få reaksjonar.

I Final Fantasy XII introduserte Square Enix likevel Gambit-systemet. Dette er eit system der du kan programmere den kunstige intelligensen til å utføre ei rekke handlingar basert på gitte rammer. Du kan til dømes programmere ein karakter til å bruke helsemagi kvar gong nokons helse fell under 50 prosent. Møter du ein fiende som er svak mot elektrisitet, kan du likeins programmere at lynboltar skal fyrast laus i fiendens generelle retning.

Det er eit system som til ei viss grad får spelet til å spele seg sjølv. Skrur du saman solide retningslinjer, vil heltefølgjet kunne svare på ein kvar situasjon utan at du gjer noko stort meir enn å dytte på analogstikka for å sende dei vidare gjennom området.

Med det i tankane er det ikkje så rart at ikkje alle var like begeistra for Final Fantasy XII. Det å ha stålkontroll over alt som skjer er svært viktig for mange, men dei gode nyhenda då er sjølvsagt at du kan slå av heile greia for å styre alt manuelt.

Men kva er nytt?

Foto: Øystein Furevik/Gamer.no

Final Fantasy XII fortel ei politisk historie om krig og dei stakkarslege sjelene som blir slukte av slikt, men vi skal ikkje bruke alt for lang tid på å snakke om den eller korleis spelet fungerer i praksis – til det kan du lese vår vurdering av originalspelet. Det viktige no, er kva Square Enix eigentleg har gjort med spelet som har fått dei til å døype det The Zodiac Age, i staden for til dømes HD Remaster.

Først og fremst vil du naturlegvis merke den forbetra grafikken som vi allereie har nemnt, men under panseret ligg det ei solid rekke med endringar som bør vere til glede for dei aller, aller fleste.

I Final Fantasy XII bygde du opp alle karakterane ved å låse opp ruter på eit lisensbrett. Kvar rute var ein lisens for å til dømes kunne ta i bruk nytt utstyr, nye eigenskapar, eller for å få andre måtar bli sterkare. Lisensbretta var store, opne og gjorde det mogleg for alle karakterane å gjere alt. Du fekk stor valfridom, men sidan bretta til dei ulike karakterane teknisk sett var heilt like, enda omsider karakterane opp med å bli heilt like òg.

I The Zodiac Age har utviklarane stramma inn dette systemet hardt. No må kvar karakter velje blant ein av tolv jobbar, ei endring som blei innført i den japanske «International»-utgåva av Final Fantasy XII. Denne utgåva blei aldri lansert i vesten, men vi får den no saman med yttarlegare endringar. I staden for å velje berre ein jobb, kan kvar karakter ta på seg to jobbar. På denne måten kan du kombinere sverdsvinging med magi, for å nemne noko; eller spesialisere deg ned eit felt på den måten du måtte ynskje.

Desse endringane fører med seg fleire utfordringar som aldri dukka opp i originalspelet. Før kunne du berre velje deg ut dei du helst ville spele med, byggje dei opp med alle eigenskapar du ville ha, og slå deg til ro med det. Med dei langt meir spesialiserte krigarane vi no har å stri med, endar ein oftare opp med å byte på kven ein har i aktiv teneste. På denne måten oppdagar ein gjerne lettare meir av kva spelet har å by på, korleis ulike våpen fungerer, og ein låser seg ikkje fast i gamle mønster.

Final Fantasy XII har ein av dei mest slåande visuelle identitetane i serien.
Final Fantasy XII har ein av dei mest slåande visuelle identitetane i serien. Foto: Øystein Furevik/Gamer.

Ei solid oppgradering

Final Fantasy XII er eit massivt spel med ei lang rekke større og mindre område du kjem til å gå inn og ut av opptil fleire gonger medan du følgjer historia, jaktar erfaringspoeng, eller prøvar å bryne deg på nokre av jaktoppdragar jegarlauget byr på. Slikt tar tid, men i nyutgaven har Square Enix lagt til ein genistrek som lar deg doble eller firdoble tempoet – no kan du suse gjennom kampar og lange joggeturar på rekordtid. Dette er strengt tatt noko av det aller beste med The Zodiac Age. Ting tar tid i Final Fantasy XII, du spring ikkje spesielt fort, og kampar sjølv mot ufarlege fiendar kan ta nokre sekund lenger enn du eigentleg vil bruke.

Difor er det utruleg herleg å berre kunne skru opp farten med eit knappetrykk, for å kome deg raskare gjennom ting. Tempoendringane bryt litt av innlevinga, men det er ikkje som om nokon tvingar deg til å skru opp farten. Der originalutgåva av spelet kunne gli over i det keisame både ein og anna gong, får du ikkje tid til det no.

I tillegg til å skru opp farten kan du no når som helst hente fram eit kart over området du er i. Kartet legg seg gjennomsiktig over skjermen slik at du lett kan navigere deg dit du vil. Saman med tempojusteringane er dette for ein draum å rekne nå du skal gjennom større område på veg mot noko.

Enda eit svært velkoment tillegg er at spelet no lagrar mellom kvar gong du går inn i ei sone. Kvart område i spelet er delt inn i ganske mange mindre soner, og dette vil effektiv sørgje for at du aldri mistar mykje om du først skulle døy. I eit spel der det kan vere langt mellom lagringspunkta, er dette igjen noko som er med på å gjere kvardagen mykje lettare.

Musikk som løftar taket

Av og til viser spelet sin alder.
Av og til viser spelet sin alder. Foto: Øystein Furevik/Gamer.no

Som den perfekte ramma rundt spelet ligg eit heilt suverent lydspor frå komponist Hitoshi Sakimoto. Som med Final Fantasy X HD Remaster har Square Enix valt å spele inn musikken på ny. Det er derimot ein fundamental vesenforskjell på musikken i Final Fantasy X og Final Fantasy XII. Final Fantasy X hadde i stor grad eit elektronisk lydbilete som endra seg merkbart – og ikkje til alles glede – i HD-utgåva av spelet.

Musikken i Final Fantasy XII er derimot av ein utelukkande symfonisk natur, sjølv om den var komponert på data med eit «sample»-bibliotek.  No er statiske lydfiler byta ut med eit levande orkester, og resultatet er eit lydspor som kjem til live som om du har eit heilt orkester pustande ned i nakken din medan du spelar. Det er den same musikken som før, men opplevinga er av ein heilt anna klasse.

Ei anna positiv lydendring er dialogen, som no er av betre kvalitet. I originalversjonen av spelet var den tungt komprimert, og fekk det til å høyrest ut som om alle var samla i eit bøttekott. Dette er no fiksa på, og dialogen høyrest langt meir naturleg ut, sjølv om den framleis blir litt skarp og forvrengt til tider. Det skjuler derimot ikkje at dubben i dette spelet er ein av dei beste Square Enix har produsert, og gjer fleire andre spel i serien til skamme.

Konklusjon

No kan du brette ut kartet over skjermen for enkel navigering.
No kan du brette ut kartet over skjermen for enkel navigering. Foto: Øystein Furevik/Gamer.no

Final Fantasy XII: The Zodiac Age gjer nøyaktig det eit oppussingsprosjekt burde gjere. Det tek eit gammalt spel, og gjer det betre. I essensen er dette som å spele nøyaktig det spelet du gjorde for elleve år sidan, men dei irritasjonsmomenta du meiner var der, er borte. Borte er det litt meiningslause systemet som gav deg så mykje fridom at alle karakterane til slutt blei identiske; borte er den enorme tidsbruken for å gjere små ting; og borte er det litt irriterande kartet som hjalp deg med å gå deg vill.

Ved å endre på ei lang rekke mindre ting under panseret, og nokre få ting på utsida, har Square Enix levert eit spel som er mykje betre enn det ein gong var. Det er meir spelbart, og om du er ein av dei som ikkje likte det første gong, er det godt mogleg du vil endre meining no.

Samtidig er det ei utgåve av spelet som respekterer sitt opphav, og aldri endrar for mykje på ting. Det både ser og høyrest ut som det gjorde første gong du spelte det, men om du gjer som meg, og går tilbake til originalversjonen etter å ha spelt The Zodiac Age, kjem du til å få deg ei solid overrasking.

Final Fantasy XII: The Zodiac Age er eit strålande rollespel i ei suveren innpakning, og bør absolutt spelast. I 2006 var det forut for si tid, i 2017 vil det godt mogleg finne seg eit langt meir mottakeleg publikum.

Har du lyst til å oppleve andre solide Final Fantasy-spel? Då er det nyaste innslaget i serien, Final Fantasy XV, ein sikker vinnar. Final Fantasy X og X-2, som også fekk ei nylansering for ikkje så mange år sidan, er heller ikkje noko å kimse av. 

Likte du artikkelen? Vil du ha mer norsk spilljournalistikk?
Støtt Gamer.no med 39 kroner i måneden slik at vi kan fortsette å lage mer unikt gratisinnhold

Vurdering


Final Fantasy XII: The Zodiac Age PS4 PS4 9/10

Spilldetaljer

  • Lanseringsdato: 11. juli 2017
  • Plattform: PlayStation 4
  • Utgiver: Square Enix
  • Utvikler: Square Enix

Kommentarer (5)

Forsiden akkurat nå

Til toppen