ANMELDELSE: Final Fantasy XV
(Bilde: Square Enix)

Til å få hakeslepp av

Square Enix har skapt eit monster.

Det er nesten rart å tenkje på at eg sat i salen då Square Enix for over ti år sidan avslørte sitt omfattande Final Fantasy XIII-prosjekt. Heile tre spel skulle lagast, men berre eitt av dei fekk halde på Final Fantasy XIII-namnet. Dei andre spela fekk sakte, men sikkert namna sine endra, og Final Fantasy Versus XIII gjekk etter lang og vanskeleg utviklingstid over til å heite Final Fantasy XV.

Ti år. Det er ganske lenge. At eg no sit her og er ferdig med spelet vi har venta så lenge på, er litt vanskeleg å ta inn over seg. For første gong eg kan hugse sit vi her utan å vite noko om kva det neste universet i Final Fantasy-serien vil by på.

Det var med sunn skepsis eg mata PlayStation 4-konsollen med disken som skulle ta meg med på nye eventyr. Etter så lang tid, kor bra kunne det eigentleg bli? Er ikkje så mange utsetjingar eit teikn på at noko har gått veldig gale, og at vi difor bør uroe oss?

Ei verd for dine føter

Sånn cirka her forstod eg at eg var forelska.
Sånn cirka her forstod eg at eg var forelska. Bilde: Øystein Furevik/Gamer.no

Eg var ikkje heilt overbevist etter ti timar. Eg hadde det moro, men Final Fantasy XV var ikkje heilt der eg ville at eit Final Fantasy-spel skulle vere. Eg hadde vasa fram og tilbake utan mykje mål og meining, og lurte litt på om dette var alt spelet hadde å by på. Ei tom, opa verd?

Det var berre nokre få timar seinare at eg byrja å vakne. Vårt heltefølgje på fire, gode vener sat i den lekre bilen sin og småprata då det byrja å regne. Eg kika til sida og såg den for første gong. Verda. Heile verda. Skogar, innsjøar, fjell i det fjerne. Eit massivt rykande berg eg seinare skulle klatre til toppen på med livet som innsats. Eg såg det i all si makt. Den mest makelause verda eg nokon gong har sett mine digitale føter i.

Eg elskar denne verda. Eg elskar å boltre meg i den og ta på meg oppdrag. Den er så herleg at eg kan sitje i bilen i fleire minutt berre for å sjå rundt meg på alt den har å by på.

Misforstå meg gjerne. Det finnest heilt sikkert større verder der ute, men eg har aldri sett ei som har overbevist meg i like stor grad. Ei som heng så godt saman. Eg trur på verda Square Enix har skapt. Eg trur på korleis den fungerer. Eg kjøper at det ligg mange steinblokker ved foten av eit fjell, at granskogen etter kvart overtar, før lange grassletter tek meg vidare på veg til ørkenen.

Eg trur på den fordi eg veit den ikkje er ei illusjon. Verda i Final Fantasy XV kjennest som ei verkeleg verd med verkelege dimensjonar, ikkje som ei rekke mindre område som med teknisk fiksfakseri blir sydde saman til noko større.

Omfanget er enormt. Eg kan sjå milevis av garde, og eg veit eg kan gå dit. Om eg vil kan eg gå til fots til så og seie alt verda har å by på, utan å nokon gong sjå ein einaste lasteskjerm. Så godt heng denne verda saman. Ser du ei grotte som ser spanande ut? Berre gå inn og kikk, det finnest ingen soner som vil dele opp tida di. Det er vanvittig imponerande, men det tek litt tid før dei heile søkk inn.

Lasteskjermar vil du likevel sjå nok av etter kvart. Det blir mykje fram og tilbake i Final Fantasy XV, og då er bilen din heilt nødvendig. Om du vil kan du køyre heile vegen fram, sjølv om du er låst til å køyre på vegane i spelet. Du kan òg velje å berre hoppe direkte dit du vil, men då kan du sjå fram til lange lastetider. Og eg meiner lange. Dette er likevel valfritt. Har du ein bunke sideoppdrag å bryne deg på, kan du like så godt hive deg på ryggen til ein Chocobo og ta den eine etter den andre, samt knerte fiendar du skulle møte på undervegs.

Mangt å sjå

Kampsystemet er ei sann fryd å leike seg med.
Kampsystemet er ei sann fryd å leike seg med. Bilde: Øystein Furevik/Gamer.no

Ei stor verd tener inga nytte om den ikkje byr på noko å gjere på. I løpet av dei første timane dannar det seg lett eit inntrykk av at dette blir nettopp det; ei stor verd utan innhald. Verdskartet i Final Fantasy XV byr på store avstandar mellom små oppdrag, og det blir raskt noko traurig å kome seg frå A til B til fots.

Det tek kanskje litt tid, men gradvis snik realiteten seg innover deg. Det kan skje når som helst. Kanskje medan du køyrer rundt midt på natta berre for å bli angripen av eit av beista som snik seg ut når sola går ned. Kanskje er det når du trøytt og sliten brått kjem over ein rasteplass midt ute i ingenmannsland, før gjengen tek seg eit måltid og ser over bileta den eina kameraten din har tatt i løpet av dagen. Eller kanskje er det når du tek turen innom ein kafeteria og sjekkar siste nytt på radioen, før du snakkar med mannen bak disken om kva monster som lagar problem i nærområdet.

Eller kanskje det er når du brått når det punktet der kampsystemet brått verkeleg gjev meining. Det er kjapt, intenst og ulikt alt anna. Dei fire venene dansar rundt kvarandre, hjelper kvarandre og kjem med oppmuntrande ord medan dei svirrar rundt fiendane, hoppar gjennom lufta og tek ned det eine beistet etter det andre. Du har kanskje ikkje den totale taktiske kontrollen Final Fantasy-spel plar gi deg, men det er likevel ei meiningsfull utvikling.

Magisystemet er derimot litt skuffande. I Final Fantasy XV brukar du ikkje magi, du fyller i staden flasker med magiske formular du kan kaste på fienden. Desse kan skade venene dine like mykje som fiendane, og er difor ofte svært farlege å bruke, noko som raskt fører til at dei blir lite brukt.

Spelet når nye høgder når du kallar fram massive magiske skapningar. Første gong kan det kome som eit lite sjokk. Musikken stemmer seg ned, fargane endrar seg, og før du veit ordet av det har du mana fram ein massiv tordengud som sender ein lynbolt mot jorda som viskar ut alle liv som ikkje tilhøyrer deg.

Det er makelaust. Final Fantasy XV er så fullt av ting å sjå og oppleve at timane flyg forbi. Eg hadde det så more med å berre ta på meg eitt jaktoppdrag til, at eg hadde spelt i over 30 timar før eg innsåg at spelet hadde ei historie eg kanskje burde ta ein kikk på.

Kva skjedde no?

Ein velfortent pust i bakken.
Ein velfortent pust i bakken. Bilde: Øystein Furevik/Gamer.no

Final Fantasy XVs største problem er historia. Den er underutvikla og dytta til sida. Spelet startar med å kaste deg inn i ei diger og imponerande verd full av moglegheiter, men fortel nesten ingenting av historia si i den. Alt eg hugsar av historia frå då eg køyrde rundt i verda er at eg reiste til ein by, og så til ein båt som skulle ta meg vidare til ein annan stad. Etter at det var gjort endra spelet fullstendig karakter og gjekk over til å bli eit lineært eventyr med mykje meir aggressiv historieforteljing.

Kor bra denne overgangen fungerer kan diskuterast. Eg likar tanken. Eg plar sjeldan gjere ferdig historiene i opa-verd-spel sidan slike spel sjeldan klarar å levere gode historier, og eg gjerne er lei før eg når så langt. Å stramme inn slik at du kan bestemme deg for å kome deg gjennom historia er ikkje dumt.

Det som er dumt er at det er openbare hol i historia. Når du spring gjennom korridorar og over plattformer for å finne den store stygge ulven berre skjer ting. Spelet forventar at du skal vite kvifor ting blir sagt og gjort utan å ha gjeve deg noko bakgrunnskunnskap å dra konklusjonar frå. At Square Enix skal fikse historia i spelet med oppdateringar, seier sitt.

Problema med historia er for mange til at ei oppdatering kan fikse den. Får å få fullt utbytte av det spelet leverer, har Square Enix laga både ein to timars spelefilm, samt ein animeserie på fem episodar. Kult nok det, men eg skal ikkje vere nøydd til å sjå ein film og ein serie for å forstå historia i eit spel.

Det er ikkje berre i spelets avsluttande kapittel at historia burde ha vore betre. Det som etter mitt syn er mest kritikkverdig er at utviklarane knapt har nytta den massive verda dei har bygd for å fortelje den. Vi møter ei heilt magisk verd, men det skjer ingenting i den. Verda Square Enix har bygd var ein gyllen sjanse til å verkeleg fortelje ei historie om fire vener på eventyr. Det er ein sjanse utviklarane kasta frå seg. I staden for å bruke denne verde til å verkeleg fortelje deg kven desse fire personane er, og kva som driv dei, må vi tolke dette sjølv.

Det er for lite, og på eit eller anna tidspunkt har nokon mista fokus. Utviklarane har heilt tydeleg hatt tid og budsjett til å modellere nesten fotorealistiske matrettar, men å gje oss meir innsikt i kven hovudpersonane er, og kvifor dei er som dei er, det var tydelegvis for mykje å forlange.

Verda er best frå ryggen til ein Chocobo.
Verda er best frå ryggen til ein Chocobo. Bilde: Øystein Furevik/Gamer.no

Konklusjon

Final Fantasy XV er både ein massiv trimuf, samt eit nederlag. Utviklarane har skapt ei verd eg kjem til å hugse like godt som eg hugsar historiene i andre spel i serien. Det er verda som er historia i Final Fantasy XV. Det er den du vil fortelje andre om, og det er den du vil sjå føre deg når du tenkjer tilbake. Den er så full av innhald og underhaldning at sjølv om eg teknisk sett er ferdig med historia, og dermed spelet, er eg ikkje ferdig med verda. Eg treng meir tid før eg kan seie adjø.

Ein dag Simba, skal alt dette bli ditt.
Ein dag Simba, skal alt dette bli ditt. Bilde: Øystein Furevik/Gamer.no

Gameplayet i Final Fantasy XV er suverent. Det har sine skavankar sjølvsagt, som til dømes eit rotete kamera i tronge område, men den store gleda som kjem gjennom å kaste seg mot fiendane med sverdet først veg langt tyngre enn dei små irritasjonsmomenta som skulle dukke opp her og der. Final Fantasy XV er ei fryd å spele, og det er forferdeleg vanskeleg å leggje frå seg. Å berre skulle ta eitt oppdrag til får det raskt til å gå fleire timar.

Verdsbygging og gameplay er to ting Square Enix meistrar. Det dei slit med, er kva som skjer i verdene dei byggjer. Nokon burde ha sett at denne historia ikkje var godt nok fortalt. Den er mest som eit samandrag av noko større. Eg kan praktisk talt lukte ei skikkeleg god historie i spelet, og slutten er fantastisk, men vegen dit byr på alt for mange spørsmål. Det er utviklarane sin jobb å sørgje for at spelarane veit kvar dei er, og ikkje minst kvifor dei er der. Akkurat den biten har ikkje utviklarane fått til.

Det er synd, for Final Fantasy XV er ei oppleving utan like.

Vurdering

"Final Fantasy XV er ei oppleving utan like."

Kommentarer (33)

Forsiden akkurat nå

Til toppen